søndag 25. januar 2009

Kjærleik for Python

Meir oppvakte lesarar har kanskje avslørt at mullaen er svar for Monty Pythons filosofi, slik den er presentert gjennom det Flygande Sirkus, og ein handfull med filmar. Dette fordi Python avslørar intet mindre enn den harde kalde kjerna av vår eksistens - eller noko slikt. Ein må nesten sette pris på denslags, og mullaen er ikkje åleine om det. Høyr her kvifor andre er tilhengjarar av Pythonismen:

Som vår venn jbq allereie har fortald, så har Monty Python lagt ut ein eigen kanal for sketsjane sine på Youtube. Og stikk i strid med rådande økonomisk logikk har dei auka salet av DVDar med fleire tusen prosent. Dette er jo ganske makalaust.

Eg vil gjerne høyre mine lesarars tankar og kjenslar rundt Monty Python. Så legg att ein kommentar.

7 kommentarer:

  1. Eeeevery sperm is saaaacred, eeevery sperm is greeeeeat, iiiif a sperm is waaaasted, God gets quite iraaaaate.

    Eg trur at utan Monty Python-songar hadde samtlege av festane eg var på mellom eg var 19 og 25 vore usannsynleg keisame.

    SvarSlett
  2. Ingenting er som når ein nykommar nynnar litt på ein Python-strofe og brått blir overumpla av dundrande allsong.

    Kva kan ein ellers sei om desse nydelege, eldre mennene? Truleg er det den kompromisslause absurditeten deirar som toppar av heile opplevinga. Slutten på Holy Grail er kanskje det enklaste eksempelet. Når ein film om Arthurlegenda kan avsluttast på den måten må ein berre gi seg over.

    SvarSlett
  3. Deres absurde, engelsk-sarkastiske humor er ubetalelig. Favorittsketsjen min over alle favorittsketsjer er den "Funny walks", eller hva den heter. Jeg holdt på å dette ned av sofaen av latter da jeg så den første gang. Forøvrig takk til Marthe, min kjære venninne som er grunnen til at jeg har sett Holy Grail.

    SvarSlett
  4. Apropos eksistensialisme, en fjern slektning av meg gikk under navnet "the Mad Mullah". Artig egentlig. Nå har jeg glemt hvordan jeg kom på dét.

    For meg vil det alltid være "Life of Brian", selv om "the Holy Grail" også er helt schpææ (jeg briefer med min holmlia vokabular). Jeg trøster meg med at førstnevnte parodierer religiøse, og ikke religionen sådan, selv om, vel, det er en løgn. Jeg må nok innrømme at jeg uner meg én gudløs og blasfemisk kveld i året.

    SvarSlett
  5. Du smågale somalier, ikkje sei du er i slekt med Sayyīd Muhammad `Abd Allāh al-Hasan?! Kor kult er ikkje det?! ;-D

    Trøyst deg med at Life of Brian var mest mynta på venstresida på tidspunktet (og funkar framleis) og ikkje så mykje på dei religiøse. Det var berre dei religiøse gruppene som følte seg truffen ;-P

    SvarSlett
  6. Hehe, en trøst er nå en trøst!

    Jøss, du kjenner til somalisk historie? Gledelig nytt, det må jeg si =)

    Ja, faktisk, han var gift med min mors grandtante. Jeg mener mamma har kontakt med noen av barnebarna hans. Nåja, han var kanskje ikke en blodslekt, men en forbindelse er en forbindelse.

    SvarSlett
  7. Alle kjenner vel til Somalisk historie? Ein har då både utdanning og danning! ;-D

    Men så artig då... Eg tykkjer dette var litt morosamt. Eg visste det måtte vere ein grunn til at eg las bloggen din ;-)

    SvarSlett