torsdag 29. januar 2009

Kulturminner i forfall

Når kulturminner forfaller er det lett å gripe til lommeboka. I disse dagar virker det som om det ligg til vår natur å verte meir rause når det kjem til å behalde alt som kan minne oss om fordumstid. Våre forfedres gjerninger og liv står sentralt for oss.

Ein vert difor òg overraska når nokon faktisk strittar i mot. Som ønskjer å la ting forfalle og verte ruiner - og å verte støv med tida. Vi vert ståande og måpe, for vi har vanskar for å forstå korleis nokon vil la fysiske påminningar om historia forsvinne på dette vis. Som vil la gamle byggverk synke i jorda og verte erstatta av nye, moderne byggverk.

Sjølvsagt, det er ikkje berre ein besynderleg motforestilling mot fortida som ligg bak. Det er òg økonomiske hensyn. Det er dyrt å vedlikehalde, og det er minst like dyrt å renovere. Og for mange små lokalsamfunn og mindre velståande statar vert det for dyrt å betale det heile sjølv. Dei spør seg kvifor dei åleine skal betale for noko vi alle eig, om det ikkje er Europa eller heile verda som må ta vare på vår felles arv.

Det er jo eit godt argument for å ikkje å punge ut. Eit anna er jo at det er Auschwitz det er snakk om...

4 kommentarer:

  1. Kanskje Israel vil spytte i litt frå "forsvarsbudsjettet" sitt. Ein promille eller to burde jo halde lenge...

    SvarSlett
  2. Eg føler for å ty til litt ebonics her:

    "OH NO! GIRL YOU DIDN'T?!" *SNAP

    Du fekk det til å krible i meg BM ;-)

    SvarSlett
  3. Godt å høyre. Kribling er fint.

    Forøvrig er eg smått sjokka over at du ikkje svarte tidlegare. Travel mann?

    SvarSlett
  4. Eg er litt sjokkert over at du må spørre :-P

    SvarSlett