måndag 5. januar 2009

Max Manus sa du?

Når ein norsk film har litt over gjennomsnittleg budsjett, så er det ein happening. Når ein norsk film ikkje er vond å sjå på, så er den ein publikumsuksess. Dette er noko vi har smerteleg erfare her i moskeen, gong på gong har middelmådighet blitt presentert som meisterverk på norske kinoar. Dette er ikkje unikt for norsk film heller, det berre merkast betre når det er det. Slik er det berre. Så korleis går det med Max Manus? Filmen om den kjente motstandsmannen Maximo Guillermo Manus som herja på austlandet under krigen går som ein landeplage over heile landet (men har visstnok enno ikkje nådd Bangladesh så veit vi det), og det har den egentleg gjort i god tid før premieren. Skulle berre mangle at filmen får merksemd, ikkje berre omhandlar den ein av Noregs mest priste krigsheltar, den er eit ambisiøst prosjekt som mellom anna innebærte å smykke Stortinget med tyske fanar og la stramme unge menn marsjere ned langs Karl Johan i smukke uniformer. Og filmen har sjølvsagt blitt mottatt med stormande jubel frå presse og publikum, og ført til at heller håplause debattantar har komt krypande ut av treverket.

Vi her i moskeen ser kva ansvar vi har, og på fredag tok vi turen på kino for å bivåne meisterverket. Kva er resultatet, har Hastur blitt bitt av Max Mania?

Neppe.

For det første, la oss berre gravleggje eit par hunder med ein gong. Filmen Max Manus fokuserar på ein mann av mange som utgjorde motstanden i Noreg, ein mann som fulgte ordrene til eksilregjeringa og det britiske forsvaret og difor haldt hovudet lågt store deler av krigen. Filmen handlar ikkje om motstanden generelt, ikkje heller om dei mange som gjorde passiv motstand eller utførde mang ein heltedåd for parti, konge og fedreland. Filmen handlar ikkje om Furebotn og den kommunistiske motstandsrørsla. Den handlar ikkje om krigsseilarane som vart forrådt etter krigen av landet dei risikerte livet for. Den handlar ikkje om Shetlands-Larsen som aldri fekk æra han fortente i løpet av sitt liv. Den omhandlar Max Manus, ein Bergensgut som kjempa i Finlandskrigen og som slo seg saman med motstandsrørsla på austlandet då Noreg vart okkupert, og den handlar om Kjakan og dei andre han omringa seg med. At Hastur er skeptisk til denne gjengen lar han ikkje stå i vegen for å anarkjenne deira bidrag under krigen, ei heller filmen. Filmens premiss er klar - Max Manus i fokus.

Det er difor med glede eg kan meddele at eg faktisk likte filmen. Eg vart underhaldt frå byrjing til slutt. Sjeldan opplev ein norsk film som unngår å deprimere og i staden for er morosam, spanande og tidvis trist. Den presenterar fleire sider ved filmens protagonist, hans stolthet, hans mot, hans tvil og hans kjærleik. Og det som overraska mest var korleis skodespelet haldt vatn - har vi endeleg funne nok norske skodespelarar til å fylle ein heil langfilm utan at det vert flaut? Eg måtte gni meg i auga, særleg var eg imponert over Aksel Hennie som hadde tittelrolla. Dette var ein jobb han takla bra.

Ken Duken (snart aktuell med Tarantinos versjon av Inglorious Bastards) imponerte òg i rolla som filmens nemesis, Siegfried Fehmer. Ein veldig tysk karakter, med flotte skarpe kanter. Forsøka på å menneskleggjere han, eller framstille han som ein tynget mann var derimot totalt mislukka. Dette er i stor grad eit problem i manuset, og ligg ikkje på skodespelaren som fylte rolla som slesk skurk med tysk aksent perfekt. Torturscenene var akkurat passe grusomme, og skurkane var akkurat kalde nok når dei beordrar fem arbeidarar på hamna henretta som svar på at tre fullasta båter vert sprengt av Max Manus (eit sjarmerande lite tal om ein skal samanlikne med andre statars framferd mot sivilbefolkinga i disse dagar...).

Filmens manglar ligg stort sett på faktafeil, og på deira rot med historia. Samt ein litt for einsidig framstilling av tyskarane som skurkar. Slikt er likevel å vente av ein underhaldningsfilm, vil du vete sanninga så les du ei bok (Eller ein blogg har eg forstått).

Eg kunne gått inn på det tekniske handverket, men det er lite å utsette på det. Ei heller noko å skryte opp i skyane. Dei har filma etter regelboka, og det fungerar bra i ein slik film.

Så alt i alt, ein bra film. Hastur anbefalar den faktisk. Så kvifor ikkje Max Mania? For guds skuld folkens, ro dykk ned. Det er jo berre ein film! Ein film du kan kose deg med ein valfri kveld. Og ein film som bakmenn (og bakkvinner) kan vere stolte av.

Ein skål for ein god norsk film.

8 kommentarer:

  1. Jøss, handler den om Max Manus? Det ville jeg aldri trodd, navnet tatt i betraktning ...

    SvarSlett
  2. Vart litt overraska over det sjølv. Eg tenkte det var ein arbeidstittel som utrykte kor stolte dei var av arbeidet lagt ned i manus ;-)

    SvarSlett
  3. De såkalte faktafeil er færre og mindre farlige enn jeg trodde. Manus kjempet til og med i Vinterkrigen, med skuddvekslinger og skyting av russere (ved en anledning døde hundre av dem i et angrep), hvis han da ikke lyver i sine memoarer fra 1945.

    Som pussig nok ikke har vært sitert av historikere som har avvist at han drev med dette. Så jeg venter spent på å høre noen si at Manus - og kona - løy om dette.

    SvarSlett
  4. Eg trur faktisk eg har sett her og der at dei hevder at det er løgn, eller fordreining av sanninga. Personleg er eg villig til å tru hans memoarar, og den respekta han har uttrykt for dei sovjetiske styrkane han kjempa i mot.

    SvarSlett
  5. Interessant vurdering dette her, som faktisk fekk meg til å ha meir lyst til å sjå filmen enn før. Noko dagspressa med sine uinformerte meiningar og dårleg skjulte bias ikkje har fått meg til å ha lyst til.

    SvarSlett
  6. Godt å høyre, eg tykkjer jo faktisk den var verdt å sjå. Ikkje berre fordi det er flotte unge menn i tyske uniform av den, men faktisk på tross av at det er sabla få av dei ;-)

    SvarSlett
  7. Heilt einig i at filmen er verdt å sjå. Tross norsk presse sitt, riktignok ikkje heilt samstemte, jubelbrøl føler eg dette har blitt ein film folk flest skal "ta".

    Eg har vore ute for fleire, blant anna på jobb, som rynker litt på nasen og meiner at det eine og det andre var galt. Småting, stort sett. Eller då dette med historisk korrekthet. Noko eg mistenker enkelte for å tru dei har høyrt ein stad og føler det er riktig å sei om filmen.

    Eg er syns det var ein spanande og underhaldande film, som truleg gir oss eit rimeleg bra bilete på kva akkurat desse folka dreiv med av motstandskamp under krigen. Det held for meg.

    SvarSlett
  8. Det er jo alltid dei som vil ta noko berre fordi det er populært. Det er eit falsk forsøk på intellektuell redelighet.

    Eg slaktar gjerne ting, som du veit, men om ein film leverar på det viset som Max Manus gjer, så ser eg ingen grunn til å ta fram kniven. Eg vart underhaldt, og det var det filmen hadde som mål vonar eg ;-)

    SvarSlett