torsdag 22. januar 2009

Nazitvillingar i Brazil

Unge blonde tvillingpiker. Og gutar sjølvsagt. Det har vore det verdige målet til mang ein mann, men kanskje først og framst for Joseph Mengele. Mengele, òg kjent som dødsengelen, var ein kløktig herremann som utmerka seg med litt... uvanleg legepraksis, og ein rekkje eksperiment. Desse eksperimenta baserte seg gjerne på hans særeigne interesse for tvillingar. Ved å utsette ein tvilling for dødleg sjukdom, medan den andre var frisk, kunne han samanlikne dei indre organa på dei beggje (den friske vart sjølvsagt drept i det den smittede tvillingen døde). Det hevdast òg at han gjerne ville auke raten av tvillingfødsler for hurtig befolke det tredje riket med blonde overmenneske for Hitler.

Eg treng vel ikkje fortelje at det heile var ganske mislukka?

Eller var det dèt?

Ein historikar med namn Jorge Camarasa har fått for seg at han har funne det ganske så vellukka resultatet av Mengele sitt arbeid. Og det i den Brazillianske landsbygda Candido Godoi i følgje hans bok Mengele: the Angel of Death in South America. For her har han funne ein avsidesliggjande liten stad i utkanten av Brazil smekkfull av blonde tvillingar med blå auge. Faktisk resulterar ein av fem graviditetar i bygda i ein tvillingfødsel, eit heller uvanleg høgt tal som de sikkert forstår.

Dette skal i følgje Camerasa vere eit resultat av ein vandrande dyrelege som skal ha behandla landsbygdas kvinner på sekstitalet. Dette var sjølvsagt ingen ringare enn Joseph Mengele som hadde sneke seg over grensa for å befrukte kvinner og krøter i stort antal - slik nazilegar er kjent for å gjere.

Det var tydlegvis heilt normalt i utkanten av Brazil på 60-talet at dyreleger òg opererte som vandrande gynekologar, og resultatet er i dag ein koloni med blonde blåaugde tvillingar henta rett ut frå Stortyskland.

I allefall om ein skal tru Camerasa og britiske Telegraph.

8 kommentarer:

  1. Og man kan vel ikke annet enn tro, kan man vel? Også sikle da, selvsagt.

    SvarSlett
  2. Oh dear, Nazi Twins. There goes the neighbourhood!

    SvarSlett
  3. ...Prussian Blue! Har jeg noen gang fortalt deg at jeg elsker deg? :)

    SvarSlett
  4. Arnfinn: Eg vil flytte til Brazil

    jbq: Heaven... I'm in heaven...

    Snirkelsnorkel: Hihi, nei, men er det ikkje eigentleg Lamb and Lynx du elskar? Hmsk. Eg mista heile diskografien deira i fjor.

    SvarSlett
  5. Snirkelsnorkel:

    "Prussian Blue
    I love you
    yes I do
    Blu-be-do."

    Synges etter inntak av store mengder snaps.

    SvarSlett
  6. Jeg konstaterer at det i hvert fall finnes en ting Arnfinn, Snirkelsnorkel og David Lane er enige om. :)

    SvarSlett
  7. Alle tre er ordentlege grisegutar? ;-P

    SvarSlett