tysdag 20. januar 2009

Nihilisme ein introduksjonsvideo

Det er mange som forvekslar nasjonalsosialismen med nihilismen, gjerne fordi beggje deler er utprega nihilistisk, men då vil eg seie som Walter i The Big Lebowski:
"Nihilists! Fuck me. I mean, say what you like about the tenets of National Socialism, Dude, at least it's an ethos."
Eg har lenge hatt ein skummel mistanke om at ungdommen i dag vart først kjent med nihilismen gjennom denne filmen. Det er litt synd, for eg føler ein viss dragning mot god klassisk nihilisme. Ikkje berre å rope fuck, og å drukne folk i dass - sjølv om eg gjerne gjer det òg. Eg skulle likevel likt å sjå at folk vart betre kjent med nihilismen. Så kanskje litt opplysingsfilm er tingen? Ja, la oss sjå korleis det går med to tyske nihilistar på tur i ubåten deira, og kva som skjer når dei møter ein blekksprut...


Det var lærerikt var det ikkje? Eg vonar alle har fått eit nytt og betre innsyn i nihilismens mange sider av dette.

3 kommentarer:

  1. Eg nektar å tru at du innbiller deg at ungdommen i dag vart kjend med nihilisme via The Big Lebowski. Då er du anten utruleg naiv eller stokk dum, men eg velgjer å tru at du berre er ein djevelsk rakkar, og er sarkastisk.

    SvarSlett
  2. Greit, eg trur vel eigentleg at det var Britney Spears som var deira første møte med nihilismen... ;-)

    SvarSlett
  3. KapteinSinnsfrisk21. januar 2009 kl. 17:23

    Då foretrekk eg,som du, at deira fyrste møte med nihilismen vert Herb Alpert & Tijuana Brass:p

    SvarSlett