tysdag 27. januar 2009

Om å vere uønskja

Eg treff ein del fordomsfulle kvinner, som har litt og kvart å seie om frimurarorganisasjonar og andre guteklubber. Dei seier det er fæsleg og ekskluderande, og alle argumentar mot vert avfeid som forsvar for det konservative, det reaksjonære og det sjåvinistiske. Eg mistenkjer jo at deira aversjon mot denslags eigentleg stammer frå god gamal avundsjuke, og at dei eigentleg berre er trassige fordi dei ikkje får vere med. Mot protestar freistar eg så å lose dei mot kvinnelosjer og ordener som er opne for beggje kjøn. Med varierande hell.

Eg tykkjer dei sutrar unødig. Det finnes nok av organisasjonar der ute som er langt meir ekskluderande, organisasjonar som baserar seg på at dei skal utelukke dei andre. Og med dei andre så meiner ein ofte jødane (du veit, dei som gjerne anklagast for å stå bak frimureri og slikt). Dette gjeld gjerne meir fasjonable herreklubber og golfbanar, samt mindre fasjonable grupper som like å kle seg ut på kveldstid og arrangere grillfester. Herreklubber som våre vennar i Ku Klux Klan. Den Australske, heilsekulære jøden, John Saffran, testa grensane for denne eksklusiviteten då han forhøyrde seg om medlemskap. Alt saman festa til film i dette programmet:

Han er ikkje den første jøden som har søkt opptak i Klanen. Dan Burros frå New York var i si tid langt meir vellukka i dette prosjektetHan byrja ikkje si karriere i Klanen, men i Rockwells American Nazi Party som han, av ulike årsaker (rykter om at han var... *gisp* jødisk!), braut ut frå til fordel for Klanen, der han til slutt endte opp med å verte ein rekrutterar. Då ein journalist avslørte hans etnisitet tok han livet av seg til musikken av Wagner. Historia inspirerte seinare filmen The Believer med Ryan Gosling og Billy Zane i nokre av hovudrollane, og den anbefalast på det varmaste av mullaen.

Mullaen tar seg i slike stunder seg tid til å stille seg spørsmålet: Kvifor vil du vere med i ein klubb som ikkje vil ha deg som medlem? Og det gjeld ganske mange grupper der ute...

2 kommentarer:

  1. Det er jo mange måtar å drive med sjølvskading. For jødar å melde seg inn i Ku Klux Klan, vert det kanskje litt slik?

    SvarSlett
  2. Det heiter å vere ein self-hating jew. Eit sjarmerande psykisk kompleks ;-)

    SvarSlett