søndag 11. januar 2009

Til deg...

Alvorleg tala, du veit du slit når Oslos kriminelle miljø framstår som dine moralske overmenn. Kanskje noko å ta innover seg at sjølv dei mest lågpanna kriminelle og vaneforbrytarar klarar å tenkje klårare enn deg. Når dei klarar å skilje rett frå gale, og reflektere over ein komplisert situasjon, medan du går berserk i gatene og overfallar uskuldige, gamle som unge, og harvar over alt og alle som kjem i din veg, så framstår det heile som ein vits. Du er ein tåpe. Ein tåpe som for lengst har gløymd kva du var forargra over. For lengst har gløymd at det var fred du skulle marsjere for.

Så til deg, kjære pøbel som har manifistert deg att i Syndas Bygd i går, har eg berre ein ting å seie: Ta deg eit tak ditt forbanna nek.

6 kommentarer:

  1. Kloke ord som trengte å bli sagt.

    SvarSlett
  2. Hærverket er et stilstudium i hvordan ødelegge troverdigheten i eget engasjement, for å si det på fint.

    SvarSlett
  3. Og ordbekreftelsen ble devold.

    Skreddersyr du dem selv?

    SvarSlett
  4. Nei, men eg mistenkjer at blogspot sitt ordbekrefingssystem byrjar å utvikle kunstig intelligens, snart vert det medvite og utslett menneskeheten. Kanskje ikkje så dumt eigentleg...

    Helst skulle eg latt vere å kommentere slike hendinger, men dette er så idiotisk at det luktar lang veg.

    Eg likar opptøyer like mykje som alle andre gærningar, men ein må velje sak og framgangsmåte med litt meir omhu ;-P

    SvarSlett