torsdag 1. januar 2009

Velkomen til verda

Eit nytt år er her, ubrukt og uskuldeg som eit nyfødd barn. For mange kom det med skrik og smerte, hovudpine i det minste, men korleis ønskjer ein helst å kome til verda? Ein ønskjer å verte tatt i mot med varme, med kjærleik og ein pusekatt eller to. Ein ønskjer å verte møtt av Hello Kitty.

Og dette er no mogleg i Taiwan, som har fått sin første offisielle Hello Kitty fødeklinikk. Her er personalet kledd i rosa, med forkle med den kjente japanske kattepusen på. I lobbyen vert vordande foreldre møtt av ein stor Hello Kitty statue, og barnet får sjølvsagt ein rosa fødselsattest med Hello Kitty på.

Det er så perfekt som ein får det! Så dette kan berre tyde ein ting, Hastur bør bli far i 2009. Og det i Taiwan. Huff, så mykje å planleggje no.

(Tips via Boing Boing, foto av Christine Lu)

17 kommentarer:

  1. Oooh, går det an å søke om å få bli født på nytt? Det der så mye mer behagelig ut enn sånn som jeg ble født. :p

    SvarSlett
  2. Eg lurer på kva seinskader desse borna får å skilte med seinare i livet ;)

    SvarSlett
  3. NeineineineiNEI?
    Nå får jeg i hvert fall ikke sove i natt...

    SvarSlett
  4. Frøken Skavlan: Kjenner eg deg rett så søv du ikkje uansett. Du ligg vel heller på magen og surfer på besynderlege nettsider og klapper med føttene. Personleg søv eg godt når eg tenkjer på Hello Kitty, men no ønskjer eg meg Hello Kitty sengetøy! ;-)

    Kristin: Seinskader? Kva du snakkar om! Dei vert velbalanserte, harmoniske menneske som forstår viktigheten av kampen mot Pandamonium. Pandaer er ikkje søte! Hello Kitty er!

    Stina: Akk, ja, sant? Det der er vel meir behagleg enn det meste andre... men fødd på ny? God idè! Vi treng ei Hello Kitty vekkelsesrørsle! Halleluja!

    SvarSlett
  5. Tanteungen min på tre år har Hello Kitty-dilla, og fekk difor Hello Kitty-sengesett av meg til jul. Ho klarte knapt å vente med å dytte dyna inn i dynetrekket. Greitt å vete at eg til neste jul kan handle både di og hennar gåve på nettbutikken til Hello Kitty (;

    SvarSlett
  6. Niesa di er veldig heldig!

    Einaste Hello Kitty produktet eg fekk til jul var leppepomenade. Men den var kjempefin då! Veldig... søt!

    SvarSlett
  7. Men hva om ungen er en gutt? Hvordan vil de utvikle seg med et sånt fødselstraume? Blir de - skrekk og gru - som Hastur?

    SvarSlett
  8. ...

    ØY! Ikkje kom her med dine undertrykkjande kjønsrollemønster! Eg vert deprimert av slikt og spring ut for å kjøpe sminke og kjoler for å trøyste meg sjølv.

    For faen ;-P

    SvarSlett
  9. Hvis jeg surfer på besynderlige nettsider så er det vel fordi jeg har fått linker fra deg?;P

    SvarSlett
  10. HA! Du er vel strengt tatt den som har dratt opp dei verste lenkene av oss to. Du forstyrra kvinnemenneske!

    SvarSlett
  11. I rest my case!

    "ØY! Ikkje kom her med dine undertrykkjande kjønsrollemønster! Eg vert deprimert av slikt og spring ut for å kjøpe sminke og kjoler for å trøyste meg sjølv.

    For faen ;-P"

    SvarSlett
  12. Pøh.

    Dette, derimot, er big meanie!
    http://www.youtube.com/watch?v=CuPTzTtQnCI

    SvarSlett
  13. Panda! :D Forhåpentlegvis har du nytt innlegg på gong.

    SvarSlett
  14. At DU ikke tåler de uskyldige bloggene jeg sender deg understreker min tro på at du sitter i en Hello Kitty-dekorert leilighet med strutteskjørt og vugger nervøst fra side til side bare noen nevner ordet PANDA.

    SvarSlett
  15. ....


    *rulle saman*

    ... ikkje.... ikkje.... ikkje... nemn....

    *knurve tutu med hendene*

    .... ikkje...

    SvarSlett