torsdag 19. februar 2009

Det var denne fildelinga då

Dei fleste har fått med seg at diskusjonen om andsverk og fildeling og nett har blussa opp att, og mange har engasjert seg sterkt i dette. Det som starta aktiviteten denne gongen har vore den pågåande rettssaka mot The Pirate Bay i Sverige, og all merksemda denne har fått.

Blant dei som har engasjert seg er Ida Jackson, aka Ida Jackson, som i lag med partiet Raudt har starta nettkampanjen Filesharer.org. Der fildelarar oppmodast til å laste opp bilete av seg sjølv for å gje kriminaliteten eit andlet. Du kan lese meir om denne kampanjen hjå Fantastiske Nyheter og hjå Virrvarr mellom anna. Ein lengre kommentar om temaet er òg på plass hjå Holiday by Mistake. Og vår gode, snuskete, venn Kim Holm har òg slengt ut sine tankar.

Så kva meir er det å seie? Ikkje så mykje, eg vil berre dele ein dagsfersk anekdote.

Ved ein tilfeldighet snubla eg i dag over eit relativt nystarta band som kallar seg The Clockwork Quartet, eit tolvmanns prosjekt basert i London som har latt seg inspirere av Steampunk. På nettsidene deira er det lite å hente, utanom to låter du kan lytte til og laste ned. Og kvaliteten og stemninga på dei var ikkje så dum, så eg lurte sjølvsagt på om det var meir å hente.

Som vanleg i ein slik situasjon tok eg difor kontakt, og etterlyste plata dei haldt på å spele inn. Dei svarte kontant at dei hadde ikkje planar om å utgje noko plate. Eg tillet meg sjølv å omsetje til vårt vene målføre:
Vi har faktisk ikkje planar å om utgje noko fysisk plate i det heile tatt. Vi skal gje vekk musikken vår gratis på nett. Vi tenkte som så, at sidan ein kvar som kom til å høyre musikken vår kom til å laste den ned gratis uansett, så kvifor produsere meir skrot til å fylle opp huset deira med?
Og dette er ikkje eit billig garageband, men eit lite orkester som satsar på høg lydkvalitet. Kvar skal pengane kome frå? Dei planlegg eksklusive, storstilte konsertar der dei tar i bruk varehus og liknande som dei kan byggje om. I tillegg vil dei gje ut bøker med historier basert på songtekstene, samt notehefter og alt folk skulle trenge for å spele musikken deira sjølv på sitt eiga vis.

Eg kallar det å ta innover seg realitetane i den nye mediekvardagen. Eg kallar det å tenkje nytt folkens.

Så sjekk ut The Clockwork Quartet, og del biletet ditt på Filesharer.org

8 kommentarer:

  1. Alltid bra med fri kultur, enn om den kommer i rare hatter.

    SvarSlett
  2. Rare hattar er merkeleg nok ofte ein bonus

    SvarSlett
  3. Her stillar eg meg uforståande til dine fordommar mot hattar unge herr Holm. Hattar og steampunk er bra for deg!

    SvarSlett
  4. Forresten.... Burde det ikke være noe PUNK i ett SteamPUNK orkester????

    Jeg føler meg ytterst snytt. Hadde det vært penger involvert ville jeg krevd å få dem tilbake. :(

    SvarSlett
  5. Vår musikk er gratis.
    Vi oppfordrer alle til å forsyne seg. Do with it as you please sier nå vi.

    Fremskritt ja.
    Tenke nytt ja.

    SvarSlett
  6. Jess! La oss bygge om noen varehus i Stavanger, Bergen, Oslo, Trondheim, Tromsø og en hel del byer sånn midt imellom. Vi kan jo finansiere bygginen med tekstbøker. Som vi finansierer med notehefter. Som vi finansierer med plate... nei, vent litt. De er jo gratis.
    Eh, du har vel ikke copyright på den idèen vel?

    SvarSlett