tysdag 17. februar 2009

Frå Mr. Buckstone's Voyage Round the Globe

Av og til føler eg at denne bloggen ikkje er litterær nok. Eg skriv for mykje om film, musikk og dataspel, og ikkje på langt nær nok om den litteraturen som berørar meg mest. For det er jo ein del av det. Ein Mulla les jo gjerne meir enn berre Koranen, han må berike sitt sinn på same vis som han berikar andre. Her forleden las eg ei strofe frå ei bok frå 1854, som eg fann verdig å vidarebringe.

Vi menneske lev med dei snodigaste forestillingar om andre. Vi trur til dømes at det Victorianske samfunnet var langt meir snerpete og reaksjonært enn det faktisk var. Det Victorianske mennesket på si side, hadde dei same forestillingane om Amerikanarane der i vest. Høyr no desse ord frå Mr. Buckstone's Voyage Round the Globe av J.R. Planché:
'To the West, to the West, to the land of the free -'

Which means those that white people happen to be -


'Where a man is a man -' if his skin isn't black -


If it is, he's a Nigger, to sell or to whack...


Where the legs of the table in trowsers are drest:


Away, far away, to the land of the west.

Merk den nest-siste setninga her, om bordbein kledd i bukser. Dette er i dag ei vanleg forestilling vi har om det Victorianske samfunnet, og som dei i si tid hadde om amerikanarane. Det stemte ikkje for nokon av dei. For dei var sanneleg deilig perverse folkeslag, som satt stor pris på nakne bordbein. Heite saker!

3 kommentarer:

  1. Les Terry Pratchett sin "Nation", du, der får du bordbein både med og utan bukser.

    SvarSlett
  2. Eg treng ikkje fleire uanstendige bordbein ;-P

    SvarSlett
  3. Men det er ei fabelaktig bok, kan trygt anbefale ho. Og det at han skreiv henne etter at han fekk diagnosen Alzheimers gjer meg håp om mange gode bøker frå mannen før han pakkar saman pennalet.

    SvarSlett