måndag 16. februar 2009

Gratulerar med dagen Kim!

Ein gledens dag er her! Kim har busjda!

Denne joviale leiaren av folkerepublikken Nord Korea fyller år i år, og heile landet frydar seg. Etter å ha tatt over for sin far, statens store beskyttar, har Kim Jung-Il ført den demokratiske folkerepublikken (ein mann, ein stemme) inn i ein gullaldar. Ja, for kva elles skal vi kalle det? Det er jo ikkje noko spørsmål om at landet under hans leiarskap har fått minst like mykje internasjonal merksemd som under Korea-krigen, og no har han til og med stabla på beina ein romutforskingsprosjekt i tillegg til ein blomstrande filmindustri.

Ja, altså... å stable på beina er vel ikkje rette terminologien. Stabla på folket sin rygg, heller. Og folket berar det stolt. Utan å protestere. Protestar er ikkje aktuelt i ein demokratisk folkerepublikk.

Så kjære Kim; folkemassane står og ventar på deg, klar for å hylle deg. Uinteressert i historiene som forteljast om at du ikkje har vist deg offentleg på fleire månadar. Slag-schmag, denslags rammar ikkje folkets store leiar. Nei, du har å feire dagen slik du ønskjer, dette er din dag. Så slå deg ned med heimekinoen din, i dag står pølser, popcorn og brus på menyen, og alle dine favorittfilmar.

Gratulerar med dagen Kim, og skulle det mot all formodning vere pølser att, så kunne du - kanskje - latt dine undersåttar smake litt? Deira magars rumling overdøyver snart deira entusiasme for ditt brave leiarskap.

4 kommentarer:

  1. Gratulerer så mye til min kjære navnebror. Hadde alle statsledere bare vært som Kim Jong-il hadde verden vært et sted med langt med fler koreograferte folkemasser i synkron bevegelse.

    SvarSlett
  2. Og store deler av verdas økonomi hadde vore knytt opp til produksjonen av påkostede monsterfilmar. Våpenkappløpet hadde vorte erstatta av eit Godzilla-kappløp!

    SvarSlett
  3. og sånn a propos det demokratiske: http://www.guardian.co.uk/world/2009/feb/16/italy-facebook-internet-providers

    SvarSlett
  4. Oh my! Kjekt å sjå at nokon tar Facebookproblematikken alvorleg. Det er på tide at stater går inn og hindrar folk i å... kommunisere. Fysj og æsj! Ei fin bursdagsgåve til Kim frå Italia.

    SvarSlett