onsdag 25. februar 2009

Holocaustfornektar utvist

Den nominelt katolske biskopen Richard Williamson er i følgje sikre kjelder på veg til England, etter å ha blitt kasta ut frå Argentina der han har haldt til dei siste åra. No har eg overlatt til min tvilsomme venn Arnfinn å dekke stridighetane rundt han og Pius X-brorskapen (SSPX), og ei oppsummering er etterkvart litt vanskeleg å få til. Det heile koker ned til at det vart litt bruduljar då Vatikanet ville ta tradisjonalistane i SSPX inn att i varmen, og oppheve bannlysinga av dei. Inkludert Williamson som er den mest uttalte anti-semittiske raringen av dei. Williamson gjorde sitt for å gjere prosessen interessant ved å svare på Vatikanets godvilje for han og hans kumpanar ved å stille opp i svensk fjernsyn for å fortelje at ikkje ein einaste jøde vart gassa i hel i dødsleirane. Nei, for Holocaust fann jo aldri stad.

Slikt vert det bråk av, men for å kunne gjere noko med han, måtte først Paven ta til seg heile selskapet att og så luke han ut for straff. Ikkje verdas lettaste manøver.

Midt opp i det heile har Argentina funne ut at han skal forvisast frå landet, der han har spreidd sitt glade bodskap i fleire år. Og vips var han på flyet attende til sitt opphavsland. Grunngjevinga var såre enkelt den at Williamson hadde «dypt sjokkert det argentinske samfunnet, det jødiske folk og hele menneskeheten».

Ja, det trur eg så gjerne. Argentina er harde når det kjem til historiske fakta, og dei tar historia til det tredje riket og holocaust veldig alvorleg. Dei ansvarlege busatte seg tross alt i hopetal i Argentina etter krigen, og Williamsons utsegn har nok nedverdiga deira arbeid, og gode posisjon i det argentinske samfunnet grundig.

4 kommentarer:

  1. Utvisningen av Williamson er tåpelig. Vi trenger virkelig ikke en Holocaust-fornekter til som kan hevde at han har måttet lide for sin modige overbevisning.

    SvarSlett
  2. Dakar lille offeret... Han er sanneleg Guds Lam ;-P

    SvarSlett
  3. Jeg ville ha trod at Argentina hadde litt større bekymringer for tiden enn folk med rare hatter som sårer menneskeheten... men så feil kan man altså ta.

    SvarSlett
  4. Denslags kan ha alvorlege konsekvensar på det meste. Hatten skaper mannen, veit du.

    SvarSlett