onsdag 25. februar 2009

Slagkraftige lønsforhandlingar

Alle som har vore med på forhandlingar rundt løn veit at det kan gå hardt for seg. Om det er individuelle forhandlingar så er det gjerne eit sterkt press på den enkelte, og i kollektive forhandlingar er det gjerne viktige prinsippar og dei store spørsmåla som står på plakaten. Særleg i kollektive forhandlingar er det lett for at situasjonen kan tilspisse seg, og forhandling vert til konflikt. Ein konflikt som kan vedvare til neste forhandlingsrunde, eller som kulminerar i ein streik, eller, i nokre tilfelle, ein lock-out. Her om kring har vi tatt konsekvensane av dette, og arbeidskonfliktar er sesongbaserte, knytta til særlege tider i kalendaren der slike forhandlingar og konfliktar skal finne stad. Og vi har eit system på plass for å hindre at nokon skal ta skade av at forhandlingane bryt saman. Ein kan gjerne drøfte, og eg gjer det veldig gjerne, klokskapen i ein slik gjennomregulering av forhandlingar i arbeidslivet, og korvidt det gjer oss ute av stand til å gjennomføre ein skikkeleg, og effektfull streik.

Men no er det no slik at det er det systemet vi har her i nord, og det er det systemet vi kjenner til. Andre stader vel dei å gjere ting annleis, i USA er det kontrollert av mafiaen, og i Israel er forhandlingane i all hovudsak kontrollert av jødiske interesser. I Bangladesh... vel, der skyt ein gjerne på dei kollegene som har meir i løn. Slik er visstnok livet i land der mikro-kreditt står sterkt.

Det har i alle fall vore tilfelle i dag, når medlemmar av Bangladeshi Rifles (ein militærorginisasjon i hovudstaden) var misnøgd med løna si, tok leiarskapen som gislar og opna ild på motstandarar. Inkludert hæren som såg for seg at dette var noko dei skulle gripe inn i.

Så ein kan seie kva ein vil... vi kan vere glad vi ikkje forhandlar om løn etter Bangladesh-modellen?

3 kommentarer:

  1. "... og i Israel er forhandlingane i all hovudsak kontrollert av jødiske interesser."

    Hysterisk fnising.

    SvarSlett
  2. Eg utfordrar deg til å prove at eg tar feil ;-)

    SvarSlett
  3. http://banglaheidi.blogspot.com/2009/02/det-verste-er-over.html

    "(..)Opptøyene kom av vanskelige lønnsforhandlinger, noe Hastur/Kristian har kommentert i sin blogg.(..)"

    SvarSlett