onsdag 18. februar 2009

Kvar kjem born frå? (Ein sexguide)

Har du nokon gong lurt på kvar babyar kjem i frå? Tyskarane har sjølvsagt svaret, og som germanophil mulla vidarebringar eg gladeleg forklaringa. Teksten er for liten til å verte lest på desse bileta, så eg vel å tolke dei så godt eg kan sjølv.
Babyer... dei kjem godt innpakka. Det heile byrjar med ein skjeggete mulla og ei søt blondine med musefletter.
Når jenta ikkje går med hijab er det lett å la seg frista til å kvitte seg med alle kleda. "Vil du sjå noko stilig?" Spør mullaen, og peiker på sin manndom som no har oppdaga at blondina ikkje er tildekt på sømmeleg vis. Dei to klemmer.
Dei to ramlar over ende og deler ein spesiell type klem som berre skjeggete mullaer kan gje unge blondiner. Denne klemmen kaller ein gjerne eit samleie, eller på fagspråket eit ligg. I denne klemmen prøver mannen for harde livet å stikke hull på blondina - som du ser av teikninga.
Resultatet er at blondina får ein liten mulla inn i seg der han stakk hull på henne. Som oftast i nærleiken av navelen. Dette gjer ho feit og frustrert, for jenter likar ikkje å leggje på seg. Sjølv ikkje stripete genser skjuler at ho har noko i magen.
Overtydd om at blondina har eit akutt tilfelle av luft i magen, og er sprengklar av flatulens, køyrer mullaen til sjukehuset. Der kan legen svøpe henne inn (for å halde inne flatulensen sjølvsagt.)
Men når blondina trur ho skal fise så skjer det noko rart. Ut kjem eit hovud. Ein skalla liten mullaspire stikker ut av hennar private delar. Legen og mullaen stirrar på i vantru medan barnet vinker til verda.N
Når blondina oppdagar kva som har ramla ut av henne, vert ho først særs forundra over kva det kan vere, men ho tykkjer det er søtt. Ho klarar til slutt å overtyde mullaen og legen til å la henne få behalde barnet. Babyen vert så pakka inn, av profesjonelle sjølvsagt, og mullaen og blondina tar med seg babyen heim.

Og slik vert babyar til. Slik kom du, min kjære lesar, til verda.

25 kommentarer:

  1. Pøh, dette er jo bare tull! Jeg har spilt the Sims idag, og der viser de klart og tydelig hva som skjer:
    Man ligger og slapper av på sengen med kjæresten, også stuper man under dyna og bakser litt med armer og ben så det damper. Etter en dag eller to begynner dama å spy, sånn at man må vaske dass hele tiden, og etter enda flere dager gjør hun en slags versjon av fugledansen og får en liten krabat i armene.

    SvarSlett
  2. Faen, det er så plagsomt når det skjer. Eg hugser godt korleis det var å verte foreldre til tvillingar heilt ut av det blå...

    Eg vonar dei implementerar prevensjonsmiddel i Sims3... :-P

    SvarSlett
  3. Jeg synes det var en særdeles interessant versjon mullaen kom med. God, nesten allmenngyldig, folkeopplysning. Når jeg sier nesten, så er det fordi denne versjonen åpenbart(?) kun gjelder mullaer fra den vestlige verden - ihvertfall vil jeg tro at arabiske mullaer finner framstillingen en smule besynderlig - "hvordan bli kvitt uønskede små barn......?"

    SvarSlett
  4. kine 5 år; hva skjer hvis mullaen stikker hull helt igjennom?

    SvarSlett
  5. Selvfølgelig en skikkelig Synnøve Solbakken. Og det må sies at denne opplysningen overgår det aller meste jeg lærte på skolen i min tid. :)

    SvarSlett
  6. Nå er jeg forvirret her... Hvem av personene på bildet er Laura Gemser???

    SvarSlett
  7. "kine 5 år; hva skjer hvis mullaen stikker hull helt igjennom?"

    Tvilar på han når så langt. Zing!!

    SvarSlett
  8. Vindbrot: dei les ikkje frå nederst på sida òg opp heller då ;-P

    Kine 5 år: Då går lufta ut av blondina og det vert ikkje born av det.

    Sissel: Det var mykje deg eg tenkte på då eg la ut dette. Eg fann diverre ikkje ein guide for korleis små gule jenter vert med barn, men eg reknar med at prosessen er tilnærma lik.

    Monsieur Cinque: Laura var ikkje tilgjengeleg for illustrasjonane då dei vart laga. Dersom vår alles kjære Black Emanuelle hadde vore tilstades hadde mullaen vore overflødig, og blondina hadde fått seg litt hot chocolate luvin'.

    Jbq: No må du ikkje anta at mullaen slit med dei same problema som du kanskje gjer då. Zing?

    SvarSlett
  9. Det der er bare juks!
    Jeg har aldri fått alien av å bli stukket hull på.

    *fnys*

    SvarSlett
  10. Hugsa dei å stikke holet i nærleiken av navlen og retning blæra då? Det er visst eit triks til det der.

    SvarSlett
  11. Næh! Har betre ting å gjere enn å regressere til ungdomsskulen ;-P

    SvarSlett
  12. Men er det ikke noe med at hvis man i stedet putter den inn i munnen på blondinen så blir det ingen babyer? Eller er dette bare en myte? I så fall er den vel utbredt nok til å være tema for neste Absalong, gjerne med en representant for Skepsis som foredragsholder?

    SvarSlett
  13. Tenkjer du på tungepiercing? Det å stikke hol på tunga...? nei altså, eg veit ikkje om det er mogleg eg. Har eg aldri tenkt på. Heilt sant!

    Vi får spørje Skeptikarane ved første høve!

    SvarSlett
  14. Det er vel forsåvidt korrekt det, men temmelig irrelevant når bokens sider kun inneholder ett bilde med tilhørende tekst =)

    SvarSlett
  15. Ja, men er det ikke greit at eg har lagt det ut i ein ordna og forståeleg form då? Så vanskeleg du skal vere då! :-P

    SvarSlett
  16. For teikningane der ungen kikka ut blant beina til mora, er det vel eigentleg berre eit ord som er dekkande: "Forstyrrande". Huff. Takk for påminninga, Kristian. Eg hadde nesten gløymt desse bileta som eg ein gong fekk på e-post for mange år sidan.

    SvarSlett
  17. Aha!

    Eg trur ikkje du gjer lurt i å gløyme slikt. Du må hugse konsekvensane av at skjeggmenn stikk hol på deg og blæra di!

    SvarSlett
  18. Usjameg! Menneskelig reproduksjon er virkelig ikke noe hyggelig å se på. Kan ikke dere Homo Sapiens gå tilbake til å få babyer levert av storken, slik dere gjorde før?

    SvarSlett
  19. Kva kan eg seie? Det er verkeleg ikkje meininga at det skal vere slik, det er stort sett eit uhell ;-D

    SvarSlett
  20. Sexguide, du lissom!
    Jeg skjønner jo at mullaer som du blir en smule alterert når guider som dette publiseres. Og attpåtil uten hijab hos den unge blondinen! Fy! Hvordan skal det gå med den oppvoksende (tyske) generasjon. Ja. Nettopp.

    SvarSlett
  21. Eg har lenge sett med uro på den oppvaksande generasjonen. Dei må vende opp... og følgje mullaen!

    SvarSlett
  22. Haha, den boka der hadde vi på vgs. Jeg vet ikke hvor den kom fra, jeg vet bare at vi så i den veldig mye, og lo. (Og ble lettet over å endelig ha skjønt noe av livets mysterier. :D)

    SvarSlett
  23. Det viktigaste er at du nytta skulen til å lære noko, lille troll.

    SvarSlett