søndag 8. februar 2009

Living Next Door to Alice

Det var visst ikkje alle følte at musikalversjonen av Alice in Wonderland var ei verdig fortolking av forteljinga til Lewis Carrol. Deriblant min gode, fjærkledde, venn Dodofuglen, som følte at det var nødvendig å svare med å leggje ut nokre gamle illustrasjonar til forteljinga. Dei var fine dei, men eg må ærleg innrømme at eg opplevde det som ei utfordring. Det kan virke som om han tykkjer at hans versjon av Alice, er betre og meir sannferdig enn den eg presenterte - og dermed, i vidare forstand, at Alice ikkje er ein god parallell til kontorlivet mitt. Dette kan eg ikkje akseptere sjølvsagt, så eg hadde ikkje anna val enn å plukke opp handsken som han kasta framfor meg. Om enn berre for å rufse fjæra til Dodofuglen.

Sanninga er at Alice in Wonderland er ei forteljing som har levd eit rikt og godt liv i populærkulturen sidan boka først kom ut. Forteljinga har blitt attfortald eit uttal gonger, og blitt fortolka i eit uttal bøker, filmer og teikneseriar. Til og med som skrekkorientert dataspel. Og meire til. Det er ei forteljing om ei jente som finn sin veg i verda, litt som The Wizard of Oz, og som det er lett for mange å kjenne seg att i. Den er òg vidunderleg surrealistisk og tidvis ganske mørk, og det skulle difor berre mangle at nokon vel å gripe fatt i den. Slik som i ein av mine favorittversjonar - Alice in Acidland. Ein film som åtvarar om farane ved narkotika og utsvevande sexliv for unge jenter. Youtube har ein kortfatta video med høgdepunkt, men eg anbefalar at den vert sett i sin heilhet.

Om du tykkjer dette er overraskande, så er det kanskje fordi du ikkje kjenner opphavet til historia. Eller opphavsmannen. Lewis Carrol er det meir kjende forfattarnamnet til Charles Dodgson, ein fotograf, diakon og matematikar som vanka i dei finare kretsane av England på sluten av 1800-talet. Hans arbeid som fotograf var velrenommert, og det var ikkje uvanleg at han fotograferte barna til venner og kjente. Deler av det Victorianske samfunnet var ikkje så reint lite opptatt av barns uskuldighet, og festa dette jamnleg til film. Charles Dodgson kan seiast å ha hatt stor glede av dette arbeidet, og det er kjent at han hadde ein god og kjærleg tone med barna, og han var veldig flink med dei. Dei som er oppriktig glade i barn, er gjerne det.

Eit av disse barna var Alice Liddell, den nest yngste dottera til ekteparet Liddell som var venner av Dodgson. Alice skulle får ein spesiell plass i Dodgson sitt liv, og det er henne som romankarakteren Alice var oppkalla etter, og romanen byrja som ei historie Dodgson fortalde til Alice og hennar to systre då ho var 10 år gamal. Biletet til høgre er eit av fleire fotografi Dodgson tok av den lille jenta, og dette er forteljande for stilen han hadde. I løpet av sin karriere skulle han ta eit utal bilete av jenter opp til 11-12 års aldaren heilt eller delvis avkledd, men Alice var spesiell. Forsvunne dagbøker og utrevne sider bidrar til spekuleringa om at det er noko å skjule, og biografane kranglar den dag i dag og motiva for Dodgsons omgang med Liddell-familien. Det forteljast at forholdet braut fullstendig saman etter at Dodgson ønskte å gifte seg med den då 11-år gamle Alice, medan andre meiner at hans omgang med Alice berre var for å dekke over eit forhold til hennar tre år eldre syster.

Var Dodgson pedofil? Er Alice in Wonderland dei perverterte feberfantasiane til Dodgson, ein mann fengsla av Victoriansk sømmelighet? Det ville vere uhyre spekulativt å hevde det, all den tid biografar held fram å drøfte spørsmålet. Så eg gjer sjølvsagt det. Alice in Wonderland er noko griseri! Men ein fabelaktig bok likeeins.

Så neste gong du les boka, eller les Disneyversjonen, så tenk på alle gongane Alice stod naken framfor forfattaren som med skjelvande hand handterte sitt gamle kamera. Det er ei ganske annleis oppleving.

6 kommentarer:

  1. Du er attende i vant form og kjend stil, ser eg.

    SvarSlett
  2. Lurte på om eg skulle ta med dette i forrige innlegg, men lot det vere. No passar det derimot enno betre.

    Alle som har lyst å lese meir om Alice og Caroll, på ein litt anleis, eller berre er glad i teikneseriar og litteratur, bør få med seg Bryan Talbots "Alice in Sunderland". Ei fantastisk flott bok som fortel Talbots versjon av historia om Alice, Caroll og ikkje minst Sunderland.

    SvarSlett
  3. Har sjølv lenge tenkt på å lese den. Den virker veldig fin.

    SvarSlett
  4. Hansken er herved tilbake ved mullaens føtter.

    SvarSlett
  5. Eg har vel ikkje anna val enn å plukke den opp att då! ;-)

    SvarSlett