tysdag 24. februar 2009

Lær språk av Yoda

Yoda er ein vis mann. Ein mann du kan kome til med dine spørsmål. Dette veit vi frå George Lucas sine Star Wars-filmar. Han er den klassiske asiatiske vismann, som bur utanfor allfarveg, er vanskeleg å kome til og som snakker litt rart. Som asiatar flest. Dei utmerkar seg jo i å snakke rart og kryptisk, og å vere litt kloke.

Vi likar i alle fall å tru det, men eg veit eg tvilar når eg høyrer Dalai Lama opne kjeften. Heldigvis er Yoda aldri langt unna, og han rettar opp att uttrykket. Får ting til å vere som dei skal - for visste du? Yoda er japansk. Det er eit japansk namn, han har merkelege auge og er stuttvokst, javisst. Men viktigst av alt, han snakkar engelsk som ein japanar. Du kan lære mykje om japansk gramatikk og setningsstruktur av å høyre på den lille grøne muppetten.

Det meiner i alle fall Koichi, og han demonstrerar korleis hjå Tofugu.

Veldig informativt det er.

(Via Theforce.net)

3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren kjøpte meg: "If you’re ever confused about Japanese grammar, just think of Yoda and his sexy bod."
    Det gjer eg likevel ofte, men om det hjelper meg å forstå japansk betre, så kan eg ikkje klage.

    mmmm..yoooda

    SvarSlett
  2. Hvorfor er han grønn?
    Det har jeg alltid lurt på.
    Bor han ikke en sump, trodde han var en skilpadde jeg..

    Vel, mine Star Wars kunnskaper er ikke helt på topp egentlig.

    SvarSlett
  3. Du er no verdas søtaste kaptein, Sinnfrisk ;-)

    Og Somalieren må berre sjå dette som ein grunn til å sjå meir Star Wars. Og grønt? Det er skjønt! ;-)

    SvarSlett