fredag 20. februar 2009

Mira Craig, krigarprinsessa

På godt og vondt er vår kultur ein kjendiskultur. Vi dyrkar vår kjendisar som heltar, som halvgudar. Dei er noko betre enn oss, dei har klart det vi ikkje har klart - å fange verdas merksemd. Dette er fullstendig uavhengig av eventuelle talent eller moralsk styrke desse kjendisane har. Det er ikkje det vi ser etter i dei, vi ser simpelthen etter dei som har den magiske kvaliteten. Den kvaliteten som gjev dei merksemd for det dei gjer, den magien som gjer at vi ser til dei for inspirasjon. Denne magiske kvaliteten har songerinna Mira Craig. Og det veit ho. Ho takkar The Secret for sin suksess, ideen om at ein tiltrekk seg det ein vil ved hjelp av tankekraft. Ho har tenkt seg sjølv til suksess. Det ligg noko magisk over dette, og den bakenforliggjande krafta som ho kallar "kvantum fisiks, liksom".

Det tyder ikkje at ho har gjort dette heilt utan arbeid, det er for det første vanskeleg for Craig å tenkje. På suksess altså. Og ho har måtte kjempa ein del slag på vegen. Og banka opp sine næraste. I dag vart eg tipsa om eit sitat i VG, som dei henta frå det minst like ærerike tidsskriftet Mann, som skildrar dette. Situasjonen var slik at frøken Craig hadde observert sin kjæreste kysse ei anna jente, noko som vil opprøre dei fleste. Hennar reaksjon var snøgg og nådelaus:
Han var riktignok full, men jeg bar gikk bort og banket ham opp. Egentlig er jeg imot vold, men gutter må også ta konsekvensene av det de gjør.
Spørsmålet som er naturleg å stille seg, er om Mira Craig òg meiner at kvinner må ta dei same konsekvensane for det dei gjer, eller om det finnes andre regler for slike situasjonar. Hjelp det då òg om mannen er i mot vald, men må slå sin kjære for å lære henne ein lærepenge? Nokon må spørre henne om dette trur eg.

Vi må òg sjå hendinga i lys av hennar "kvantum fisiks, liksom", og stille oss spørsmålet om det var slik at Mira Craig eigentleg ønskte å slå, og slik skapte situasjonen. Eller om det var kjæresten som skapte situasjonen fordi han ønskte å verte slått av Mira Craig, krigarprinsessa. Og enno viktigare, må vi forstå dette at kvar gong Mira Craig opner kjeften for å synge eller snakke, om dette er noko ho gjer som ein effekt av hennar underliggjande ønskje om at eg skal slå henne. Med eit balltre. Hardt.

Eg berre lurar. Eg forstår ikkje "kvantum fisiks, liksom" eg.

9 kommentarer:

  1. Vold handler ikke om kjønn.
    Vold er vold.

    Mira gjør samme feilen som så mange andre.
    Hun er feminist når det ganger hennes sak.
    Svak og sterk.
    Offer og kriger.

    How convenient.

    SvarSlett
  2. Du har helt feil vinkling på dette, Kristian.

    Menn som banker kvinner er forkastelig og galt, og noe som ikke bør skje noensinne.

    Kvinner som banker menn er derimot drittfett og ganske så sexy, og noe vi trenger mer av.

    Og dette sier jeg ikke fordi jeg er konservativ har et gammeldags syn på kjønnsrollemønstere.

    Dette sier jeg bare fordi jeg er masochist.

    Mira, vil du gifte deg med meg???

    SvarSlett
  3. Eg drit i kva som er poenget, Mira Craig er ein av dei foxyaste damene vi har i dette landet (om ikkje DEN) -om ho vil banke opp ein ex, versågod. Samanlikn forsidene av MANN og FHM denne månaden. Mira slår dei skankye ho'sa så ned i støvlene at eg er viljug til å tillate ho kva som helst. Hadde eg vore eksen hennar hadde eg berre vore GLAD for å få juling. Det hadde vore verd det.

    SvarSlett
  4. Hmmm, det var klar tale frå Jack. Kan det tenkast at han nett var komen heim frå ein fuktig seilas?

    Men rimeleg snasen er ho jo, einig i det.

    SvarSlett
  5. Bat: Er ikkje dette typisk for dagens unge "feministar" då?

    DUHH: Altså, om du berre treng ei kvinne til å slå deg, så kjenner eg eit par av det slaget.

    jbq: Fint for deg. Eg er ikkje einig.

    BAd Mynock: Eg trur fylla har skulda, ja ;-)

    SvarSlett
  6. Mullah, min mullah. Den der har jeg hørt før. Alle sier "Åh, hvis det er bare DET du trenger kan jeg hook´e deg opp noen"... Men INGEN gjør det.... Og nå sitter jeg ensom og alene på Kreta med intet bedre å gjøre på enn å fantasere om å få bank av Mira Craig.

    :(

    SvarSlett
  7. Min gode mann, du har då aldri fortald din mulla at det var det ville ha. Gærne, slagferdige damer er det nok av i moskeen min.

    SvarSlett
  8. gjensidig forsikring, tror eg

    SvarSlett
  9. ha ha...dere skjønner ikke kvantum fisiks, liksom..
    Hvis dere ønsker å bli slått av Mira Craig så er det bare å ønske det hardt nok;-)
    The law of atraction..holdt på å si les en bok... men dere har tydeligvis vært smarte nok til å holde dere unna The Secret,, du som skrev inlegget.. NICE!! Bra vinkling..og sikkert riktig:-)) lol

    SvarSlett