fredag 13. februar 2009

Nikopol på PC


Eg slo nyleg klørna i Nikopol: Secrets of the Immortals til PC (Original omtale finn de på n4f.no). Eit adventure spel frå White Bird basert på, og inspirert av, Enki Bilal sin berømte Nikopol trilogi. Bilal har tidlegare regissert ein vakker film basert på teikneseriane, og dataspelet gjentar mykje av det som gjorde filmen til ein vellukka tolking. For det første har White Bird latt Enki Bilal sjølv stå for mykje av omskrivingane, der han har valt å la historia bere meir preg av vår tid framfor tida den vart skreven i, og dei har valt å la historia følgje sonen til Nikopol frå dei tidlegare teikneseriane.

Like viktig er det at White Bird har klart å bevare stemninga frå teikneseriane, og ikkje minst Enki Bilal sin eigen grafiske stil. Det er nok dei som vil reagere på at det ikkje er så "fotorealistisk" 3d som ein kan vente seg frå dagens spel, men spelet treng ikkje denslags i mine auge så lenge eg føler eg sitt og stirrar på ein teikning av den Yugoslavisk-Franske meistaren.

Hittil er eg halvvegs i spelet, på tross av at eg berre har hatt høve til å spele i rykk og napp når eg har tatt pauser i arbeidet. Spelet ser ikkje ut til å vere særleg langt, og det får prisen på 299 til å virke ganske stiv med tanke på kva ein kan få ein episode av Sam & Max, Casebook, Strong Bad's Cool Game for Attractive People eller andre nye kortare eventyrspel for til nedlasting. Der Nikopol scorer høgast hittil, og som nok vil skremme vekk fleire enn med prisen er vanskelighetsgraden. Spelet er vanskeleg, og er langt i frå eit casual game. Skikkelege hjernesmertepuzzles møter deg til stadighet og hindrar deg i å gå vidare. Dette er med andre ord eit eventyrspel av den gode gamle sorten som hentar sin inspirasjon frå Myst og ulike FMV-eventyrspel. Og tankane faller snøgt til skildringar som "insane object puzzles".

Ikkje at det plagar meg så langt, hittil har eg hatt det moro. Og om eg får tid til å verte ferdig med det snart. Så skal eg hoste om ei meir utførleg omtale, eventuelt overlate jobben til nokon andre (jbq - er du der?).

5 kommentarer:

  1. Ja.

    Må få lov å anbefala filmversjonen av same historia også; Enki Bilal regisserte den sjølv, med fabelaktige Thomas Kretschmann i hovudrolla (King Kong, Piantisten), og foregår i framtida. Filmen er ein superb miks av Blade Runner og Det femte element (minus humoren i sistenevnte, heldigvis).

    SvarSlett
  2. Absolutt ei vidunderleg filmatisering, og Thomas Kretschmann gjorde som alltid ein bra jobb. Sitt akkurat no og ser han i rolla som Eichmann i filmen med same namn.

    SvarSlett
  3. Dette var forøvrig også noko du kunne ha brukt kontoen din på Wordpress til...

    SvarSlett
  4. Eg må no prioritere min eigen blogg må du vete, eg har lite nok tid til å fore den som det er.

    SvarSlett
  5. Ser definitivt ut som et alt for vanskelig spill for meg, samt jeg har ikke installert Windows på Mac´en min ennå. Har hatt lyst til å spille Syberia-serien lenge også, men ikke kommet meg til det. Igjen spill som garantert er for vanskelige for meg. Jeg tror jeg måtte sjekke GameFAQs i alle fall en gang per episode av Sam & Max Sesong 1(For ikke å snakke om Sam & Max Hit The Road, hvor GameFAQs ikke var lukket ett sekund sist jeg spilte det).

    Men kanskje noe å anbefale min mor, som er fan av Broken Sword, Phoenix Wright, tegneserier, og som i alle fall kjenner til Bilal(Vet ikke hvor mye hun har lest). Men har det høye systemkrav?

    Må sjekkes ut...

    SvarSlett