tysdag 17. februar 2009

Siste spelnytt: Valdtekt og slapp tiss

Spelmarknaden er i stadig utvikling. Og nye grensar skal sprengast. Slik er det berre. Det har seg òg slik at ulike kulturar har ulike grenser som skal sprengast, medan her i vesten er opptatt av Grand Theft Auto, kan ein i japan få dataspelseriar som simulerar valdtekt. Og takka vere den globale marknaden kan du alltids få kjøpt denslags på Amazon:
Rapeplay is an offshoot of the Illusion series, Interact Play. You, like in previous installments, play as a public nuisance that gets away from captivity and starts scouting for new targets. This time around you find a family of a single mother and her two daughters. You quickly begin your hunt and capture each woman one by one. The gameplay involves an amusing training/disposition system with which to break each respective target to your liking. Watch where you blow your load, or you might get them pregnant!

Amazon var snøgge til å fjerne spelet då the Belfast Telegraph (Via BoingBoing) skapte litt merksemd om det, og den naturlege moralske harnisken som fulgte fekk futt i seg. Dette vart forståeleg nok hard kost for oss her i vesten, her er vi mest vant med å få moralsk panikk over spel som Grand Theft Auto, der damer i bikini gnir seg opp mot hovudkarakteren som ektefødde sexobjekt medan han kjem med nedverdigande kommentarar. Ja, og så har han sex med dei då, og han betalar gjerne for det og slår dei i hel etterpå for å få att pengane. Eller han og han fru blom, det var du som gjorde det. Du satt med kontrolleren.

I dag vart den nyaste versjonen av Grand Theft Auto lansert, The Lost and Damned, og vi spår at det nok vert litt bråk denne gongen òg, så snart moralistane har fått summa seg. Denne gongen tar Rockstar spelet eit steg lenger. Denne gongen står såkalla "full frontal nudity" på plakaten i ei av spelets scener. Vi her i Noreg har jo fått vår dose full frontal nakenhet i det siste, der sex og fisk har vore involvert, men elles pleier vi jo å vere langt meir opent for slikt enn fleire av våre kumpanar her i vesten.

No er det inga bombe at Rockstar på eit eller anna tidspunkt ville prøve seg på dette, men det som gjer det interessant er at nakenheten i dette tilfellet er inspirert av filmen Eastern Promises, med Viggo Mortensen i hovudrolla. I denne filmen vert Viggo overfalt medan han er i badstu, og han har ikkje anna val å gjere motstand med sin slappe tissefant i fri dressur. Ein absolutt vidunderleg scene, og obligatorisk for alle som har hatt lyst til å sjå Viggo Mortensens slappe penis. Nøyaktig i kva samanheng, utanom at det er i ein badstu, vi får servert den slappe tissen i GTA: The Lost and Damned er meg uvisst, då eg ikkje har hatt tid til å spele spelet enno og ingen av mine vanlege kjelder har hittil valt å leggje ut eit bilete av herligheta.

Eg er likevel ganske sikker på at nokon vert støytt av det heile... men kanskje mest den homofobe demografien som vanlegvis kjøper denslags spel.

3 kommentarer:

  1. GTA-penisen kan du sjå hos Dagbladet, http://www.dagbladet.no/spill/

    Eg må sei eg er litt spent på korleis moralistane skal ta fatt i denne (fnis). Det er snakk om ei scene heilt utan sex og vald. Mannen er rett og slett naken. Som Adam sjølv.

    SvarSlett
  2. Åh, så morsomt om det faktisk var kjøpegruppen selv som protesterte denne gangen! Menmen, det er vel vel så stor andel homofobe i den sedvanlige protestgruppen - gud forby at sønnen får se en slapp tissefant, han kan jo bli homo!

    Takk for latter på morraskvisten.

    Ps: "Fryd dere, Hastur sover/drømmer/venter"? o_O

    Ph'nglui mglw'nafh Hastur blogspot wgah'nagl fhtagn!

    SvarSlett
  3. Bad Mynock: Eg vonar at nokon tar bilete om moralistane tar tak i den slappe tissen i GTA! *kremte*

    Stjernesøkjeren: Berre hyggjeleg, vi gjer vårt beste her i Carcosa.

    Og ja, Mullaen har ein tendens til å sove og drøyme, men ventar sjeldan - for stjernane står rett på himmelen! Hans tid er her. Kongen i gult er frå no av din herre!

    SvarSlett