onsdag 25. februar 2009

Ukjend kvitring?

Vi får unnagjort litt blogging i det siste, då vi har planlagd å ta ein liten tulletur til Syndas Bygd frå og med i dag og til fredag, og som på tulleturar flest er det jo uvisst om ein får blogga. Ein siste ting som bør nemnast før avgang er denne kvitringa, eller Twitter som dei seier på finspråket.

Som dei fleste har fått med seg, så er eg innbakt skeptisk til slike nymotens tidssluk og rapporteringssystem for private aktivitetar. Og eg hadde i utgangspunktet bestemt meg for å halde meg langt unna.

At det då brått dukkar opp ein kvitrekanal, som etter alt å døme tilhøyrar meg, fell meg difor veldig tungt. Då eg av prinsipp ikkje likar slikt, så kan det umogleg vere eg som dei siste vekene har rapportert om mine gjeremål og tankar. Det må simpelthen vere ein som utgjev seg for å vere meg, og som har intim kjendskap til alt eg tar meg til, og kven eg omgås.

Eg finn dette sjølvsagt veldig urovekkande og vil følgje nøye med på aktiviteten framover. De må gjerne de òg gjere, hjelp meg å avsløre kven det er som veit absolutt alt eg tar meg til. Til og med kva eg mottar i posten frå dag til dag. Den som avslørar det skal sjølvsagt få all verdas ære og berømmelse!

Kan det hende det er David Lynch som rotar med meg?

4 kommentarer:

  1. Ok. Det forsto jeg nada av. Null. Nix. Zero.
    Du er nuts.

    SvarSlett
  2. Er det ikkje på tide å kome ut av gjøkuret no, Kristian? Din skap-kvitrar (;

    SvarSlett
  3. usaklig, men:

    http://christina-sin.blogspot.com/2009/02/mobills-no-more.html

    DU MÅ HA SÅNN TELEFON!

    SvarSlett
  4. Bat: Det er fordi du ikkje følgjer med i timen

    Janne: Kva er det du seier! Det er ikkje meg jo!

    Trollet: Ja, det må eg. Kjøper du til meg?

    SvarSlett