måndag 9. februar 2009

Who the fuck is Alice?!

Min gode venn Dodofuglen har valt å halde fram i å gjere motstand mot mi omtale av Lewis Carrols Alice in Wonderland. Som faste lesarar har fått med seg, så byrja det med at eg såg likskapen mellom ein musikalsk utgåve av boka og min arbeidsdag. Dodofuglen følte at denne ikkje var god nok og svarte med å leggje ut Rackham sine illustrasjonar frå 1907. Dette kunne eg sjølvsagt ikkje la stå, og eg svarte sporenstreks med å vise til ulike fortolkingar av boka, og satt det heile i kontekst ved å snakke om bokas opphav. Slik som hør og bør, må ein jo då kome innom at Lewis Carrol, eller Charles Dodgson som han eigentleg heitte, var vidkjent for å ta stilfulle bilete av nakne småjenter, Alice der i blant, og at han kanskje hadde eit litt for nært forhold til desse jentene. Dodofuglen brusa med fjæra så godt han kunne, og respliserte med at ein ikkje kan tolke Alice in Wonderland på noko som helst vis, og i det minste ikkje psykologisere det... kvar han vil med det? Vi undrast, så la oss gripe fatt i det.

Dodofuglen gjorde noko smart, nemleg å trekkje fram ein av mine favorittfolkloristar frå studiedagane, den danske Bengt Holbek som mest er kjend for sitt grundige verk Interpretation of Fairy Tales. Ei bok alle burde lese om dei er interessert i denslags - gjerne kortversjonen utan alle eventyra han analyserar. Det Dodofuglen finn verdig å hente frå boka er korleis alle psykoanalyser av folkets sjel basert på Raudhette og Ulven er feilaktige fordi dei baserar seg på ein litterær versjon av folkeeventyret, godt omskreven av Perrault. Så langt, så godt. Her er det ingen protestar frå meg, og eg vil på langt nær seie meg samd i at psykoanalysering av folkegrupper basert på enkelttekster er ganske så søkt, og at poppsykologi har lite i vitskapleg arbeid å gjere. Men kan ein forstå Holbek si bok som avvising av tekstanalysen? Langt derifrå, det er jo nett det som er hans prosjekt. Og om eg tørr påstå det, så trur eg neppe at Bengt Holbek så mykje som snuste på feltarbeid i heile si karriere, han satt lenka til skrivebordet. Dette hindra han sjølvsagt ikkje å kritisere mangelen på feltarbeid, men det er ei anna soge.

Eg stiller og spørsmål ved påstanden om at Alice in Wonderland er rein overflate, utan noko som helst rom for tolking av forfattarens intensjonar. Dette av to årsaker.

1) Det er klart at i sin opphavelege form var nok historia reint oppgulp for å underhalde Liddell borna under ein piknikk. La oss leggje til side umedvite uttrykk for augneblinket, og innrømme at her er det neppe noko intensjonelle bodskap og metaforar å hente. Dette er derimot ikkje slik historia framstår i si trykte versjon. Etter først å ha fortald eventyret sendte Carrol manuskriptet til sin venn George MacDonald, kjend victoriansk fantasyforfattar og venn av Carrol. MacDonald lot barna sine lese forteljinga, som gav den tommelen opp - dei same borna dukkar òg opp i nettoen hjå Carrol sine fotografi. Først tre år seinare, etter mykje bearbeiding vart boka gjeven ut. Stikkordet her er bearbeiding. Litterær bearbeiding. Alice in Wonderland er ikkje noko spontant oppspinn på ein piknikk lenger, men eit produkt av 3 år med arbeid. At det difor er sannsynleg at forfattaren har lagt meir enn berre umedvite spor etter seg sjølv i forteljinga.

2) Eg meiner at ein ikkje kan skilje forfattar frå det litterære produktet, medmindre forfattaren har gjort eit medvite og vellukka forsøk på å ikkje inkludere seg sjølv. Og det, mine venner, er lettare sagt enn gjort. Kvifor skal ein ikkje forvente at Lewis Carrol òg la mykje av seg sjølv att i dette verket han jobba med i så mange år? I ei bok han skreiv om eit jentebarn han kjende godt og haldt kjær?

Rett skal vere rett, min venn Dodofuglen innrømmer at boka er eit produkt av Carrols sitt sjelsliv, og eit produkt av den Victorianske samtida. Han skriv vidare at ein ikkje kan psykoanalysere heile det Victorianske samfunnet basert på denne boka. Og dette er vi sjølvsagt heilt samde i.

Eg meiner likevel ein kan forstå boka betre om ein ser den i lys av Lewis Carrol sitt sjelsliv, og eg trur ein forstår Lewis Carrol betre gjennom boka. Det er han og denne boka som står i fokus, ikkje det Victorianske samfunnet som heilhet sjølv om dette, lik Carrol, var oppslukt av barn, uskuldighet, sex og fantasiar av ulikt slag.

Så medan Dodofuglen står fritt til å hevde at Alice in Wonderland er nonsense, på same vis som dei fleste psykoanalytiske teoriar er det, så vil eg heller trekkje fram potensialet til å betre vår forståing av Carrol og Alice in Wonderland gjennom ein kombinert analyse av beggje to. Ein analyse som vert inspiret og styrkja gjennom dei ulike lesingane av verket ulike tolkarar har gjort opp gjennom åra.

For til sjuande sist, er og blir Alice in Wonderland eit produkt av den undertrykte seksualiteten til Lewis Carrol tatt form som hysterisk feberfantasi. For kva elles vil du kalle dette?

Dodofuglen skal forøvreg ha kudos for bruk av Tove Jansson, ein tilbakevendande favoritt her i moskeen.

7 kommentarer:

  1. Å jasså, du prøver deg ja. Du kommer til å få bank. Særlig moro er dette:

    "Alice in Wonderland er ikkje noko spontant oppspinn på ein piknikk lenger, men eit produkt av 3 år med arbeid. At det difor er sannsynleg at forfattaren har lagt meir enn berre umedvite spor etter seg sjølv i forteljinga."

    Så din teori er at Carroll la igjen bevisste spor av sin pedofile lengsel etter Alice?

    SvarSlett
  2. Pockycock, som dei unge seier det! Dersom du skal vere vrang så kan du jo sjølvsagt lese meg slik, men dette er sjølvsagt ein respons på påstanden om at ein ikkje kan tolke noko som helst i Alice og at forfattaren ikkje har meint noko.

    Forslaget ditt er sjølvsagt besnærande dog, særleg med tanke på at Alice in Wonderland er ein viktig komponent i Carrolls sjarmoffensiv mot 10-11 år gamle Liddell - men dette har eg ikkje tatt med i betraktingane over.

    SvarSlett
  3. Sier de unge virkelig det? Denne ungdommen.

    SvarSlett
  4. Ja, det er litt overdrevent hipt og urbant for min smak, men eg tenkte eg skulle prøve det. Det vart vel ikkje for vulgært? ;-P

    SvarSlett
  5. Enig og uenig med begge. Ren overflate er det ikke. Ikke minst Through The Looking Glass er full av litterære parodier/hentydninger, i tillegg til at den tidvis også parodier lesning og fortolkninger av litteratur. Mange - inkludert undertegnede - har også funnet en rekke kabbalistiske referanser i verket. Langt fra improvisert barneunderholdning med andre ord.

    Den viktigste faren ved en biografisk lesemåte er dog etter min mening at den passer så altfor godt inn i vår tids kjendis-, skandaleorienterte og konspiratoriske tidsånd. For ikke å snakke om behovet for å dekonstruere døde, hvite menn. Slik at det blir veldig fristende å fokusere mer på potensielt ufyselige sider ved forfatteren enn på verket. Resultatet kan i siste instans bli en nyviktoriansk "litteraturteori" der bare litteratur skapt av en slags sosialdemokratiske helgener er tillatt å sette pris på.

    SvarSlett
  6. Snirkel: Det er ingen nødvendig motsetning mellom at Alice er overflate og at bøkene kryr av litterære referanser. Med overflate mener jeg at Carroll ikke har noe dypsindig budskap han ønsker å formidle, det er ikke en bok "om" noe. Det er lek, men det er sylskarp, belest og intelligent lek.

    Og det betyr selvfølgelig at Carrolls person er interessant for en lesning av boken, men jeg finner hans bevissthet langt mer relevant enn hans underbevissthet i så måte. Carrolls intellektuelle interesser er med andre ord langt mer interessante enn hans seksualliv (eller mangel på sådan) for å ha glede av Alice.

    SvarSlett
  7. Snirkelsnorkel: Det er ingen her som seier at ein ikkje skal sette pris på Lewis Carroll sjølv om han var ein siklande pedofil tafsemann. Han skreiv vidunderlege verk, og det er viktigst.

    Arnfinn: Men kvifor må vi anta at Carroll ikkje hadde eit medvite forhold til sin eigne seksuelle tendenser. Han var jo truleg godt klar over sin kjærleik for Alice Liddell.

    SvarSlett