laurdag 14. mars 2009

Butch Oscar: Skuldig?

A big, bearded, bonking, butch Oscar. The terror of the ladies. 114 illegitamate children, world heavyweight boxing champion, and author of the best-selling phamplet, "Why I Like To Do It With Girls". Mattingburg had him sent down for being a whoopsie.
Slik framstillar kaptein Blackadder den kjende forfattaren Oscar Wilde i andre episode av Blackadder Goes Forth: Corporal Punishment. Og vi må vel innsjå at det kanskje ikkje er den mest presise skildringa av den fargerike forfattaren. Han var utan tvil ei litterær begaving, og med sitt skarpe sinn produserte han ikkje berre ei rekkje lesverdige verk, men vart òg opphavet til mang eit godt sitat. Han hadde tross alt intet anna å fortolle enn sitt geni. Likevel hadde han nok av skjellett i skapet, og det vart hans bane. I juridisk forstand i alle fall. Buggery, eller sodomi som eg likar å kalle det, var, og er framleis, ulovleg i britisk lov, og dette var uheldigvis ein av hans mangfaldige hobbyar. På grunn av sitt utsvevande liv og libertinske haldning vert han i dag framstilt som ein anti-viktorianar, eit symbol på alt som skiljer oss frå "dei". Men er det så enkelt?

Det var strengt tatt ikkje sjølve akten "buggery, altså sodomi, som fekk Wilde og hans likesinna dømd frå 1890-talet utover, men heller "grov uanstendighet blant menn". Ei formulering som stammar frå the Labouchere Amendment to the Criminal Law Amendment Act frå 1885;
Any male person who, in public or private, commits, or is party to the commission of, or procures or attempts to procure th commission by any male person of, any act of gross indecency with another male person, shall be guilty of a misdemeanour, and being convicted thereof shall be liable at the discretion of the court to be imprisoned for any term not exceeding two years, with or without hard labour.
Ja, klårare enn det kan det vel umogleg skrivast? Det går kaldt ned over ryggen på alle moderne liberale menneske når dei les dette, i det minste når dei klarar å tyde det. Eit gys frå fortida? Kanskje ikkje. I realiteten var denne lova særs moderne, den senka straffa for homofili til maksimum to år (ein drastisk reduksjon), og lova i sin heilheit var viktig for å garantere barns rettar og få dei ut av hendene på horekunder og hallikar, og kom i stor grad som eit resultat av skandaleoppslaga til W.T. Stead. Lova var fremja av parlamentsmedlemmet Labouchere og hans kone, den pensjonerte skodespelerinna, Henrietta Hodson. Dei var langtifrå venner av "moralistane" og hyklarane, derimot var dei venner av personar som Lilly Langtry og, ikkje minst, Oscar Wilde. Hovudmålet for Labouchere var å hindre overklassa i å utnytte arbeidarklassen, særleg i seksuelle forbindingar. Den var òg formulert på eit vios, hevda nokon i omgangskretsen seinare, at det skulle verte vanskeleg å døme nokon for uanstendighet. Det gjekk ikkje hengsle eeilt som planlagd, gjorde det? Ikkje heilt ukjend at lover ikkje vert brukt slik som ein har tenkt. Og denne endte altså opp med å fengsle minst ein i omgangskretsen til forfattaren. Ironi kalles det.

Så Oscar Wilde vart altså dømd etter ein relativt moderne og liberal lovgjeving, men kva vart han dømd for? Han var dømd for seksuell omgang med andre menn, det vi i dag kallar homofili eller homoseksualitet. Han er mellom anna vidkjend for å tilbringe mykje tid i ein privat leilighet, i selskap av "rent boys" - innleigde mannlege prostituerte. Det var forholdet til den mykje yngre Lord Alfred Douglas som skulle verte hans bane. Dei starta eit forhold, visstnok fritt for sodomi, i 1891. Eit tidvis veldig offentleg forhold. I 1895 protesterte faren til Lord Alfred Douglas ved å leggje att eit kort som anklaga Oscar Wilde for å vere ein somdomite (sic). Oppmoda av sin unge elskar saksøkte Wilde han for injurie. Det heile eksploderte i trynet på stakkars Oscar. Og ei rettssak fulgte der han til slutt vart dømd for grov uanstendighet.

Og det hadde han nok den dag i dag òg. Ikkje berre fordi lova mot buggery framleis er gjeldande, men fordi Oscar Wilde sine interesser drog han først og framst mot unge menn. Noko han sjølv innrømte, og i løpet av rettssaka avla han eit panegyrisk forsvar av pederasteriets tradisjon. Denne forbodne kjærleiken mellom den eldre og den unge mann, godt kjend frå mellom anna det gamle Hellas. Og medan ein kan meinte mangt rart om det, så er ikkje det godtatt sjølv i vårt moderne liberale samfunn. Hadde ikkje Wilde blitt fengsla for sitt forhold til Lord Alfred Douglas, så hadde nok hans omgang med unge mannlege prostituerte fellt han.

Klarar du å la vere å fordømme han når ein ser slik på det? Eg vel heller å avslutte med hans eigne ord:
I know that there are many historians, or at least writers on historical subjects, who still thinks it neccessary to apply moral judgments to history, and who distribute their praise or blame with the solemn complacency of la succesful schoolmaster.

4 kommentarer:

  1. Historien er enda litt mer komplisert. Oscar falt for samme grep som David Irving. Han anklaget noen (Pappa Douglas) for injurier over utsagn som viste seg å være sanne.

    Retten var tvunget til å ta stilling til hvorvidt beskyldningene mot Wilde var korrekte. Og da de hadde funnet dem å være det, hadde de i praksis ikke noe annet valg enn å dømme Wilde.

    SvarSlett
  2. Ja, det var meininga å kome innom det. Og eg trur eg nemner det såvidt.

    Var forsåvidt til dels same tabben Aleister Crowley gjorde, men der spekulerast det jo i at han arrangerte det heile som eit PR-stunt.

    SvarSlett
  3. En annen fascinerende injuriesak var den der (for tiden svært åpent lesbiske) danserinnen Maud Allan følte seg krenket av N.P. Billings artikkel om "The Cult of the Clitoris". Det slo imidlertid tilbake på henne, siden dommeren mente at Billings hadde rett...

    SvarSlett
  4. Det der er grunnen til at ein aldri bør saksøkje nokon for injuriar ;-P

    Og det minner meg på; eg burde få tak i den artikkelen. Har høyrd om the cult of the clitoris ved eit par høve, og har alltid hatt lyst til å lese den.

    SvarSlett