søndag 15. mars 2009

Caesariansk arkiv

Ides av mars!

Dagen er her. Ein dag for ettertanke og meditasjon. Eg tenner eit lite lys in memoriam Gaius Julius Caesar, folkets sanne herskar og republikkens lysande sjel. På denne dag i år 44 før Kristus vart han forråd og stukken ned av sine næraste og etterlatt sparkande i ein blodig dam på golvet. Det er fristande å seie at det var rein diskriminering, ein "hats-forbrytelse" mot ein handikappa mann, han var tross alt plaga av epilepsi, men i sanning var det purt svartsinn som førte dei skuldige til å utføre si grusomme gjerning.

Dei samla seg rundt han. Ein dolk i kvar ei hand. Og ein etter ein stakk dei han ned. "Dette er vald", skreik han ut. Ingen protesterte. Ingen stogga.

Eg har sagt det før, og eg seier det att. Det var ein tragedie. Det er ein tragedie. At ein folkets forsvarar skal lide ein slik uverdig død i hendene til korrupte politikarar. Tenk kva Romerriket kunne ha blitt i hendene til denne sanne demokratiske diktator? Det kribler når eg tenkjer på det.

Og tenkjer på det, gjer eg ofte. Jamnleg har eg vendt attende til temaet om Caesar. Og Caesars død. Til minne om denne dagen har eg difor i dag valt å leggje ut fleire utvale saker frå arkivet til dykkar forlysting.

Når eg les eller ser skildringar av Caesars død tar eg meg alltid i å verte overraska, i å verte skuffa. Eg vonar kvar gong at det skal ende annleis, at han har eit triks på lur og overlev. Ein gong ser vi han kanskje i full matrix-modus sparke vekk Brutus med eit Kung Fu spark?

Ein gong greip eg tak i Caesars sine siste ord; er det ikkje litt merkeleg kor høfleg han var? Men visstnok er det ulike måter å tolke det på, så eg måtte kome med ein dementi av eit slag. Det viktigste vi lærar av drapet på Caesar er ikkje semantikk eller språkrelaterte finurlighetar, men at ein ikkje skal selje skinnet før bjørnen er skutt... noko Caesar diverre gjorde denne dag. Sjølv om han kanskje døydde på uverdig vis, så var det ingen tvil om at til siste stund var han ikkje berre ein demokrat og ein folkets mann, han var ein soldat. Og på Ides av Mars gjorde han ein oppsiktsvekkjande observasjon.

Caesar hadde heile sitt liv det romerske folk nærast sitt hjarte, og deira velvære var det viktigste for han. Det var kanskje difor han innførte skotåret, med ein ekstra dag i februar. Ein dag der mykje rart kan finne stad. Denne vilja til å stadig gje av seg sjølv, og det faktum at vi den dag i dag opplever hans gåver i kvardagen vår, er kanskje årsaka til at hans død framleis er ei viktig nyhendesak.

Det er altså skriven ein god del om Caesar av meg dei siste åra. Og det tar nok ikkje slutt med det første, for han er framleis ein inspirasjon. Han var ein visjonær mann, med store draumar, som vart knust på tampen av realiseringa av dei. Små menn knuste han, og endra historia for all eve.

Var blodet på den raude kappen eit symbol på at han var ein tyrann? Eg seier, nei. Eg seier... "Faen ta Brutus, dette er vald!"

2 kommentarer:

  1. Salve, min venn! Når Romerriket på ny reiser seg frå asken av barbaranes EU vonar eg vi vil gjere Caesar stolt.

    SvarSlett