laurdag 21. mars 2009

Den ungdommen, den ungdommen

Pusesosialistane i Sosialistisk Venstreparti prøver hardt å avhalde eit landsmøte denne helga, diverre ikkje heilt utan problem. Ja, for partiet har faktisk andre problem enn at dei er... vel, SV, dei har folk som ikkje likar dei. Vi snakkar sjølvsagt om dei driftige ungdommane i Revolusjonær Kommunistisk Ungdom, ein gjeng som ikkje burde vere ukjend for folk flest. I forbinding med deira aksjon mot SV sitt landsmøte har dei hengt opp ein serie med plakatar. Som visstnok plagar Kristin Halvorsen og dei andre møtedeltakarane. For i auga til desse ungdommane er SV langt i frå ekte sosialistar eller kommunistar, dei er svikarar, og deira parole er Kjøp meir, Krig meir. Kjempeoriginalt, ja?

Vel, noko må jo ungdommane gjere for å få merksemd, for alt er ikkje berre fryd og gammen der i leiren. Det er visst vanskeleg for vassekte revolusjonære å verte samde om kva dei eigentleg skal halde på med. Dei viktige spørsmåla held kampen attende.

Revolusjonær Kommunistisk Ungdom er maoistar, og arvtakarane til Noregs Maoistiske Ungdomslag, og er då ungdomsorganisasjonen til Tjen Folket, dei eksentriske maoistane som braut ut av Raudt fordi... vel, partiet var for borgarleg for dei. Stilt opp mot andre marginale politiske grupper er denne gjengen her ganske liten, men det stoggar dei ikkje i å ha store tankar om den komande revolusjonen, i Formann Maos and. Om ein skal tru dei, så er denne revolusjonen rett rundt hjørnet i disse dagar. Og difor er det viktig å stå samla.

Difor vart det i februar fremja forslag i Friheten, blekka til Noregs Kommunistparti, om at alle Marxist-Leninistar (ML) no måtte slå seg saman i eit ekte kommunistparti. Dette var Revolusjonær Kommunistisk Ungdom heilt samde i, men reagerte på at forfattaren såg ut til å insinuere at Maos bidrag var mindre verdt enn Stalins:
"I teksten hevdes det at alle marxist-leninister som støtter opp om Stalins bidrag skal forene seg, men glemme Mao. Tjen folket blir også, mellom linjene, kritisert for å heve Mao over Stalin / støtte Maos kritikk av Stalin. Man skal altså kaste vekk alle bidrag til den kommunistiske teori etter Stalins død (?)."
Ja, huttemegtu. Slikt kan vi ikkje ha noko av, kan vi? Var ikkje Mao sitt folkemord, minst like velutførd som Stalin sitt? Om ikkje faktisk forbetra? For som Revolusjonær Kommunistisk Ungdom påpeikar:
"[...]Mao kunne oppsummere og lære av de erfaringer som ble høstet under Stalin, noe som gjør oss mer rustet."
Ja, slike tankar styrkar nattesøvnen. Revolusjonær Kommunistisk Ungdom er ikkje utan vilje til kompromiss, det seier dei sjølv, men det får då vere grenser, ikkje sant?
"Vi i RKU og Tjen folket er villig til å diskutere mange ting, men det er to ting vi ikke kommer til å inngå kompromiss på: MLM, og vi kommer aldri til å gå med på at Stalin er en større teoretiker enn Mao"
Nei, det hadde vi heller ikkje venta. Alle veit jo det, liksom. Tenk at nokon kan tru at Stalin var ein større teoretikar enn Mao, det er jo heeeeilt tullerusk. Og ein kan jo heller ikkje forvente at ein skal leggje til side Maoismen heller, for den er i følgje RKU eit "mektig våpen". Ja... for den organisasjonen deira har jo tatt landet med storm...

Eg veit ikkje om eg nokon gong kjem til å klare å slutte å fnise over denne gjengen her.

(Foto: Per Anders Hoel / Vårt Land)

6 kommentarer:

  1. *fnis*

    Og her er det vel på sin plass å linke til en liten samling annoterte RKU-plakater

    SvarSlett
  2. Absolutt, og det var òg difor eg la inn lenke til den ferske arkivsaka inspirert om akkurat den lenka.

    Det minner meg på at eg eigentleg hadde planlagd ein serie med innlegg om RKU :-D

    SvarSlett
  3. Disse folka er på nivået der de slutter å være museumsvoktere, og går over til å bli museumsgjenstander.

    SvarSlett
  4. Og det er verkeleg prydgjenstander det er snakk om her!

    Kan eg få ein maoist Didrik, kan eg? Lovar å ta godt vare på den og ha den i glasmonteret til ein kvar tid!

    SvarSlett
  5. Så lenge du lover å mate den med knekkebrød og friske gulrøtter hver dag!

    SvarSlett