søndag 8. mars 2009

Ei kvinne: Julia Pastrana

Det er kvinnedagen i dag, og alle nyttar høvet til å snakke om likestilling, kvinnerettar, kvinners mange prestasjonar gjennom historia og slike ting. Nokre kvinner, som Florence Nightingdale og Madamme Curie er jo sjølvsagte menneske som vert trukken fram av feministar og deira sympatisørar verda over, andre store kvinner vert forbigått i tystnad. Namn som Elisabeth Bathory, skjønnhetsdronninga som oppfann den første fuktighetskremen, og idealkvinna Eva Braun som var lojal til kjærleiken til det siste, vert av politiske krefter undertrykt. Kvifor er eit spørsmål til ei anna tid, eg vil nytte høvet til å kort fortelje soga til ei kvinne som sjeldan vert nemnt, eller inkludert på lister over innflytingsrike kvinner. Eg vil fortelje dykk om Julia Pastrana, den mexicanske apekvinna.

Julia Pastrana vart fødd i fattigslege kår i 1834 i Mexico, og ho hadde neppe etterlatt spor etter seg om det ikkje var fordi ho var fødd med hypertrichosis terminalis. Dette tyder at andletet hennar, så vel som resten av kroppen var dekka av ekstremt kraftig hårvekst. I tillegg hadde ho enorme øyrer og nase, og takka vere eit misskapt kjeveparti og ekstra kraftig tankjøt hadde ho ein viss likskap med... vel ein ape. Julia Pastrana var ei apekvinne.

Ho vart oppdaga av Theodor Lent, som kjøpte henne for ein rimeleg sum, truleg av mora sjølv, og som reiste på turnè med henne og viste henne fram til eit sensasjonshungrig victoriansk publikum. Det vart reklamert med at ho vart funnen i ei hole, blant aper, og insinuert at ho var resultatet av ei parring mellom menneske og simian, og folk slukte det rått. Pastrana sang, danse og spelte skodespel og for ein ekstra sum kunne ho kome heim til private heimar og underhalde ved å synge storslåtte ariar for sitt velståande publikum.

Theodor Lent skal ha gifta seg med henne, og satt barn på henne. I 1960 var dei to i Moskva, og der var der ho fødde ein son som delte hennar særeigne fysiske trekk. Barnet skal ha dødd etter tre dagar, og Julia Pastrana nokre få dagar seinare, av fødselskomplikasjonar - berre 26 år gamal. Og her ville historia ha slutta, utan Theodor Lents gode forretningsteft - for hans kone kome til å halde fram å turnere i mange år framover. Dette i lag med sin son. Alt takka vere ein professor frå Moskva som i nokre kjelder er omtala som dr. Suckaloff (ikkje forvekslast med Dr. Suckalot, den kjende stjerna frå homseporno), som skal ha balsamert mor og son på meistarleg vis. Frå apekvinne, til balsameringsensasjon - Julia Pastrana hadde evna til tilpasse seg marknaden på eit vis mange unge starlets kunne ha lært mykje av i disse tider.

Medan turneen hald fram fann Theodor Lent ei ny kone. Denne gong frå Tyskland. Sjølv hevda han at ho heitte Zenora Pastrana, og var Julias kjære syster - for hans nye kjærleik delte Julia sine fysiske trekk. Noko vil nok hevde at Lent var litt i overkant besatt av sin kjære, og det heile resulterte i at han vart innlagt på ein av 1800-talets trivelege psykiatriske klinikkar. Dette forårsaka ei kort pause i Julia Pastrana si karriere.

I 1921 dukka ho derimot opp att, denne gongen i Oslo, Noreg. Ho vart kjøpt av den norske sirkuseigaren Håkon Lund som tok henne på rundtur i Skandinavia og USA, og slik haldt ho fram til 70-talet då Noregs sosialdemokratiske myndigheitar meinte nok var nok. Dei forlangte at enten måtte framsyningane stogge, elles ville Pastrana vert konfiskert.

Hendingsforløpet fram til 1990 er litt usikkert, og ulike kjelder hevder langt ulike ting. Det som er sikkert er at Pastrana forsvinn, truleg ved tjuveri. Ei kjelde hevder at ho vart lagra i ein campingvogn og vart stålen derifrå. Det som er kjend er at nokon braut seg inn og skjenda liket hennar. Seinare vart armen hennar funnen på ein søppelfylling i Grorudalen av nokre barn. På eit eller anna tidspunkt, gjerne etter innbrotet i campingvogna, hamna Julia Pastrana (hennar son er på dette tidspunktet sporlaust forsvunnen) i hendene på myndigheitane. Ho vart i alle fall attfunnen i 1990, borgøymd hjå Rettsmedisinsk Institutt ved Universitetet i Oslo. I 1994 ønskte ein å gravleggje henne, men ho vart i staden for flytta til Rikshospitalet på Gaustad. Som katolikk hadde ho ikkje fått ei verdig avslutting på sitt liv på jorda, men i 2005 vart det arrangert ein rekviemsmesse for henne, så det minskar i alle fall faren for at ho på eit eller tidspunkt skal vende attende til livet for å leite etter sin forsvunne son.

Så der har du soga om Julia Pastrana, som i sin død vart underleg lik gamal pastrami, og som gjennom eit overnaturleg langt yrkesliv gjekk under namnet apekvinna. Eit førebilete for den moderne karrierekvinna.

4 kommentarer:

  1. Fascinerende damer du har linka til! Jeg så en dokumentar om Belle Gunnes for ikke så lenge siden, og her snakker vi sprø kjerring. :D

    Glimrende markering av kvinnedagen! ;)

    SvarSlett
  2. Gunnes var eitt stykk initiativsrik kvinne! ;-D

    Er viktig å få dei ukjende kvinnene fram i lyset på ein slik dag tykkjer eg.

    SvarSlett
  3. Dette var jo fryktelig trist.
    Trodde at man skulle inspirere og glede på kvinnedagen?

    SvarSlett
  4. Du vil ha inspirasjon på kvinnedagen? Eg mistenkjer du er komen til feil blogg då ;-)

    SvarSlett