torsdag 12. mars 2009

Ein dag for ytringsfridomen

Vert du nokon gong forvirra av det du les her eller andre stader? Vert du kanskje støytt eller provosert? Føler at noko er unødvendig å seie, eller simpelthen heilt feil? Du vil sparast for det? Vil du at det skal vere ulovleg? Om du meiner det sistnemnte, så er du nok ikkje i målgruppa for Amnesty sin kampanje på denne dag, som eg no endeleg har tid til å kaste meg over på tampen av dagen. I dag vil dei feire ytringsfridomen på nett. For det er ikkje alle som har det.

Fleire og fleire land prøver å begrense kva du får lov å seie på nett, for verdsveven veks snart til å verte ein gigantisk kloakk av dritt spydd ut av jordas minst intelligente debatørar (spør Røros Skogeigarforbund om dei meiner om debatten er dominert av samar). Det er berre å ta turen innom dei store avisene og lese det som står i foruma og kommentarfelta der, og du får lyst til å emigrere (beklager, det er ikkje betre i resten av verda), eller ta deg ein tur innom nokre av Noregs mest leste bloggar og eg lover deg du vert deprimert. Ein kan miste håret av mindre simpelthen.

Likevel er verdsveven vår tids viktigste kanal til informasjon og til debatt. På verdsveven kan du finne fakta om det meste, og meininger. Og du kan ytre deg, og lese andre sine ytringar. Utan at nokon kan sensurere deg. Det er umogleg å halde nede eit folk som har tilgang på verdsveven.

Difor ønskjer mange å begrense tilgangen. Ytringsfridomen er under stadig åtak over heile verda, og i fleire og fleire land tar maktkåte politikarar til orde for å kontrollere verdsveven og det som foregår der. Foregangsland som Kina, Tyrkia og, no sist, Bangladesh sperrar for sine landsmenns tilgang til populære nettverk. Kina er det største og mest effektive dømet, som ein sentral aktør på den "frie" marknaden har dei store selskapat kunne inngått gode avtaler med landet for å begrensa innbyggjarane sin tilgang. Og over heile verda nikker myndigheitane godkjennande. Dei vil òg vere med å leike denne leiken.

Fleire menneske sitt den dag i dag i fengsel for ingen annan forbrytelse enn å ville delta i debattar på internett. For deira skuld ber eg dykk støtte opp om Amnestys aksjonar for ytringsfridom på nett.

For berre slik garanterar du at bloggar som denne faktisk kan eksistere.

We don’t wanna put in. The negative move is killing the groove.

2 kommentarer:

  1. Takk for at du skrev om ytringsfrihet i går. Vi legger snart ut en sak på bloggen vår om kampanjen.

    SvarSlett
  2. Skulle berre mangle, fekk diverre ikkje så god tid til å gå inn i temaet som eg likar å gjere.

    SvarSlett