fredag 13. mars 2009

Ein ekte Hello Kitty dag

Ting vi sett pris på? Utanom Hello Kitty? Vel, våre tilhengjarar. Våre fans, våre lesarar, våre lydige undersåtter og medlemmar av menigheita. Særleg når dei bankar på døra, ein etter ein for å glede meg.

Denslags må folk gjerne gjere meir av. Alt vert satt pris på.

I går hadde eg ein slik dag, det var attpåtil ein Hello Kitty dag. Eg ante fred og ingen fare då eg først satte meg ned på kontoret og gjorde meg klar til å drive litt heftig sakshandsaming. Eg hadde knapt slått meg til ro då telefonen ringte; det var ein lesar / student / timelærar på telefonen. Ho lurte på om hennar favorittrådgjevar var på kontoret, og det var han jo. Flott sa ho, ho ville kome innom før førelesinga si. Og det gjorde ho. Ho kunne der fortelje at ho hadde rydda heime, og der hadde ho funne ei veske ho aldri brukte. Så den kunne jo eg få?
Var den ikkje fin folkens? Søtaste Hello Kitty veska. Ja, no sakna eg berre noko å ha i den. Ein kam. Ein hårspråy. Eit eller anna.

Telefonen ringte att. Det var nok ein av mine faste lesarar, tilsett ved ein sentral kulturinstitusjon her i Bergen. Ho ba meg møte henne ved inngangen til ein av deira avdelinger. Og eg gjorde så, heiv på meg ei jakke, og tusla ut i det som viste seg å ikkje vere eit regnver. Den vakre unge kvinna stod parat, med ei lita pose i handa som ho overrakk med ein klem før ho sprang avgarde. I posen? Litt søtsaker kan du seie... sjokolade og...
Meir Hello Kitty! Yay!

Slikt slår aldri feil hjå denne karen. Så takk skal de ha, beggje to, og alle andre lesarar som kastar slikt etter meg, de bidrar til å gjere meg, om mogleg, til ein enno søtare mulla.

8 kommentarer:

  1. Snart kan du lage Hello Kitty-museum på Laksevåg! :D

    SvarSlett
  2. Berre om bidrag held fram med å dryppe inn!

    SvarSlett
  3. Jeg og Dessie diskuterte idag at vi burde gitt deg en Hello Kitty-mobiltelefon. Dessie har nemlig funnet en hvor meny og alt sammen er i Hello Kitty-tema. Det hadde vært fint, hva?

    SvarSlett
  4. Det er ikkje meg i mot, Stokkefot ;-D

    SvarSlett
  5. Kam og (sic) Hårspråy? Til skjegget da vil jeg tro ;-)

    SvarSlett
  6. Det trengst jo litt pynting i ny og ne der òg ;-D

    SvarSlett
  7. Kom deg til moderlandet for all HK-galskap og kjøp denne:

    http://trulster.blogspot.com/2007/12/more-moments-of-cuteness.html

    SvarSlett
  8. Ein av disse dagar reiser eg på pilgrimsreise ja... den laptoppen er allereie satt på ønskjelista.

    SvarSlett