onsdag 4. mars 2009

Eit skrekkeleg opphørssal

Er du glad i skrekkfilm? I skikkeleg gode gysarar? Bloddryppande og kalde eventyr? I litt "ham and cheeze"? Ja, då er du nok allereie godt kjend med Hammer Horror. For dei av dykk som dette er totalt ukjende greier er det berre ein ting å gjere; kaste seg over godsakene.

Hammer Horror er sjølve essensen av god skrekkfilm i gode dagar, og i stallen av skodespelarar hadde dei herremenn som Peter Cushing, Christopher Lee og David Prowse som alle hadde sine store gjennombrot i desse filmane. Mest kjend er nok Christopher Lee for si tolking av Dracula, og med seg Peter Cushing som den iherdige vampyrjegaren Dr. Helsing. Det viste seg å vere ein genial oppskrift, som dei gjentok fleire gonger. Ikkje berre i ein haug med Dracula-filmar, men òg i andre klassiske skrekkfilmar. Peter Cushing spelte "helten", medan Christopher Lee spelte "skurken" som gav filmen namn. I meir fysisk krevjande roller var det David Prowse som fekk rolla som monsteret, seinare skulle han få den lite anarkjende oppgåva av å gje Darth Vader i Star Wars filmane sin fysiske form. Den imponerande, høge mannen brukte alt han hadde lært som Hammermonster for å verte truande på skjermen. Kva trur du? Fungerte det?

Hammer Horror produserte ein rekkje ulike skrekkfilmar, gjerne med vampyrar i hovudrolla. Og dei lefla òg med exploitationfilm, og skapte eit par banebrytande lesbiske vampyrfilmar.

Men nok presentasjon. Her er nyhenda: Netthandelen til Hammer Films stenger 30. mars. Og fram til då skal dei tømme lageret for DVDar, plakatar, bøker, t-skjorter og mykje anna. Så her er det mogleg å gjere eit kupp eller to for skrekkentusiastar. Sjekk ut salet her.

4 kommentarer:

  1. Det er trist. Det er nok en stake i hjertet på Hammer. :(
    Gode gamle Hammer....

    SvarSlett
  2. Tja, eg veit ikkje om eg er sikker på at dette er slutten på selskapet. Det er slutten på nettbutikken.

    Dei har vel betre ting å bruke tid på?

    SvarSlett
  3. Kjipolaisen at det nesten ikkje er noko att i nettbutikken då!

    Og trur ikkje dette er slutten på Hammer, snarare ei ny byrjing.

    SvarSlett
  4. Kategorien "DVDs and STAMPS?" sier meg at utvalget i butikken kan ha vært litt skrint i utgangspunktet.

    SvarSlett