måndag 23. mars 2009

Eit skulesystem i utvikling

Naturfagslærar Trond Baugen har klart å skape furore då det vart kjend at han publiserte sine meir interessante teoriar på Moltemyr Skule sine heimesider. Dette med det formål å lære borna å stille spørsmål ved Big Bang og evolusjonslæra. Ikkje minst, hevdar han, fordi desse no i stor grad er tilbakevist av vitskapen. For vitskapen, den likar han.

Når den støttar opp om hans konspiratoriske religiøse syn sjølvsagt. Dinosaurar vandra side om side ved menneske, og Darwin sin teori er sjølvsagt heilt feil.

Det vil kritisk tenkjing lære ein. Alternativt, det er slikt ein kjem på når ein ikkje tar medisinen sin og har fri tilgang til internett. Eller som han skreiv:
"I det nye RLE-faget har Cappelen Damm gitt ut en lærebok som heter «Vi i verden 4». Her er fem sider viet Darwins utviklingslære og en side er viet den kristne jula med 12 linjer. Her ser vi eksempel hvor stor plass utviklingslæren får i våre lærebøker. Selv om utviklingslæren er seiglivet, er forskere i ferd med å avlive den."
Og er det eigentleg eit problem, nei, seier læraren:
"Alle lærere har sitt ståsted, så jeg skjønner ikke helt problematikken."
Og kva med rektor, meiner rektor at dette er eit problem?
"Hvis det er noe som er uheldig i dette, er det at det ikke fremkommer tydelig at det er hans syn."
Takk for den du. Artiklane vart i alle fall fjerna fortløpande, etterkvart som folk rapporterte dei inn... men i utgangspunktet har ikkje dette vore eit problem for skulen. Skulen som lenkar til den lokale Steinerskulen med sine raringar.

Eg merker meg at eg ikkje har verdas største tru på den offentlege skulen. Medmindre det er Arendal og Moltemyr Skule som har stått litt stille i evolusjonen av eit moderne skulevesen? Dei inviterte i alle fall til eit Big Bang, PR-messig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar