måndag 30. mars 2009

Hjelp!

Eg må slå alarm! Eg har blitt kidnappa. Bortført. Shanghaia. Eg befinn meg no på eit lite rom (ei celle?!) ein stad i Sverige. Karlskrona om eg ikkje tar feil.

Eg har klart å snuske til meg internett tilgang i von om at nokon i bloggeverda kan hjelpe meg kome meg fri. Ring politiet. Ambassaden. SAS. Mossad. Illuminati. Sei i frå kvar eg er.

Gudane veit kva dei kjem til å gjere med meg? Eg høyrde mine voktarar mumle noko om å få meg til å overvære ein konferanse.

Det må vere kode for noko ekstra grusomt!

Eg mistenkjer agentar for Pandamonium for å stå bak! Fridomskampen har sine konvekvensar, men er eg klar til å verte martyr allereie?

Ich habe angst!

4 kommentarer:

  1. Haben sie angst in der hoftenholder? Jeg sender Lassie! Og Chuck Norris. That'll do!

    SvarSlett
  2. Vi kommer og redder deg med en liten tønne cognac rundt halsen!

    SvarSlett
  3. Med ordrebekreftelse "buthrap", veit eg ikkje om eg tør sei noko i det heile.

    Kan "lykke til" kanskje gjere susen?

    SvarSlett
  4. Trollet & Lord Bassington-Bassington: Takkar så mykje, eg treng all den hjelp (og cognac) eg kan få!

    Bad Mynock: Du er feig og unfallande overfor Pandamonium.

    SvarSlett