onsdag 18. mars 2009

Hottentottar, negrar og nynorsk

Mi kjære veninde Janne i Trykken la i dag ut eit sitat eg tykkjer forten å verte repetert:
«Det er nemleg tre ting som er ulovlege å skrive i norsk rikspresse no. Det er hottentott, neger og nynorsk.»
- Henning Rivedal

Eg innser no kvifor så mange redaktørar rynkar på nasa når eg kjem dragande med artikkelidear. No veit vi kvifor... men er det eigentleg noko å gjere med det? Eg likar å skrive om hottentottar og andre negrar, og mitt målføre er nynorsk.

Eg burde kanskje slå følgje med Janne ut av landet til hausten. Personleg har eg peika meg ut den franske rivieraen. Medan vi grublar på dette, kan folket gjere verre ting enn å ta ein tur innom bloggen hennar. Ho skriv kanskje om litt... andre ting enn meg, men ho skriv bra. Og har de bruk for ein god frilansar, så stillar ho gladeleg opp. Ho er båe kosher og godkjend av din mulla. Kan det verte betre?

7 kommentarer:

  1. Sikker på at det ikkje er den argentinske rivieraen du har tenkt deg til?

    Du har forøvrig heilt rett i at Jannes skriverier er vel verdt å få med seg. Og at hottentott- og negersnakk kan ha noko å gjere med at du ikkje slepp til i rikspressa. Skjønt om du går tilbake til politikken og driv med sånt slepp du nok til, skal du sjå :p

    SvarSlett
  2. Ja, det har jo funka for ho Siv.

    Den franske rivieraen egnar seg best til dei skriveaktivitetane eg har tenkt på.

    SvarSlett
  3. Oi! Eg trudde aldri dagen skulle kome då eg faktisk vart nemnd i bloggen din. Ironisk nok var det eit sitat frå nokon andre som fekk deg til å slå på stortromma .. (: Det eg meiner er: Takk!

    SvarSlett
  4. Vel, det viktigste er vel den oppriktige anbefalinga av dine skriveri?

    SvarSlett
  5. Joda. Eg er som sagt takknemleg.

    SvarSlett
  6. eg føler meg truffet med denna hottentott og negrar praten. hadde eg bara hatt nynorsk timen i norsk for utlendninger, mad mullah, hadde eg gett svar på tiltala.

    cigaal

    SvarSlett
  7. Hehe, synd du ikkje fekk med deg nynorsken då. Er tross alt det venaste målet me har og svar på tiltale er alltid velkoment ;-)

    SvarSlett