søndag 22. mars 2009

Korleis vil du døy?

Det finnes eit utal vis å døy på, og det er alltid like underhaldande å la fagfolka forklare korleis. Veit du kva spaghettifisering er? Astrofysikar Neil DeGrasse Tyson kan gje deg den lange forklaringa:

Høyres ut som litt av ei oppleving, kva? Mannen kan òg litt om kva som skjer den dagen vi vert truffen av ein gigantisk meteor, og det er jo noko å vurdere.

Det artige er at mannen kan i alle fall tidfeste kva tid dette vil skje. Merk det av i kalendaren din. Han har forsåvidt gjort nokre tankar om korleis ein skal stogge det. For det første - ikkje skyt på den.

Så vil jorda gå under i næraste framtid? Ikkje i følgje han.

Så i staden for å sitte der og uroe deg over korleis du skal døy, eller verda skal gå under. Gå ut. Sett deg i hagen. Mediter. Slikt vert det sjeldan mykje støy og spetakkel av.

Hey... eg sa sjeldan, ikkje aldri.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar