tysdag 3. mars 2009

Krigen om Alice

Fjær fyk i all retninger når min gode venn Dodofuglen freistar å ta opp att kampen mot verkligheita i det som no er kjend som Alice-krigen. Eller krigen om Alice om du vil.

Sidan han i siste runde hadde hamna på tynn vel han no å rygge attende, og heller satse på eit innbitt forsvar av sin utgangsposisjon: "Alice Liddell er ikkje Alice, og at Carroll hadde skitne fantasiar om jentungen har ingenting å seie for innhaldet av hans publiserte fantasi om jenta med same namn, skreven for den same jenta..."

Som de kan tenkje dykk har eg litt og kvart å seie om dette, men det får vente til eg har litt betre tid. Sidan han har att ting vente på seg, så kan eg sanneleg ta meg eit par dagar til ting er litt rolegare her.

I stadenfor tenkte eg å leggje ut ei kronologisk liste over slaga til no, slik at dei som ikkje har fulgt med får sjansen til å lese seg opp på krigen.

Profeten: Mad Mullah in Wonderland 5. februar 2009
Fuglen: Den Sanne Alice 6. februar 2009
Profeten: Living Next Door to Alice 8. februar 2009
Fuglen: En annen Alice 9. februar 2009
Profeten: Who the Fuck is Alice?! 9. februar 2009
Fuglen: Alice, ikke Alice 2. mars 2009

Dette er krigen om Alice Liddell og Charles Dodgson, om deira svermeri og fanteri. Til sigerherren går deira ære, til å gjere med som han vil.

4 kommentarer:

  1. Og den kronologiske listen dokumenterer bortenfor en hver rimelig tvil at jeg har bedre titler enn deg.

    SvarSlett
  2. Pah! Eg trur du tar feil mellom meg og mine titlar. Dine er dei dølle, utan gnist, medan mine er dei freske, popkulturelle referansane. Du veit: Hippe, moderne og ungdommelege.

    Eg talar til ungdommen eg veit du.

    SvarSlett
  3. "... mine er dei freske, popkulturelle referansane."

    Smokie?

    De vakke så verst da de var et ChinChap-band, men freske? Eh, nettopp.

    Mine derimot, er enkle, elegante og sublime.

    SvarSlett
  4. Elegante er ikkje ordet eg ville ha brukt... nebbete, kanskje?

    SvarSlett