måndag 16. mars 2009

Kva var gale med Watchmen?

Folk forventar vel at eg skal seie noko om Watchmen, den siste store superheltfilmen vi har fått kasta etter oss av kulturindustrien. Folk forventar vel òg at eg skal slakte, skal seie noko fælt om filmen, at eg skal ramse opp alt som var gale. Eg vil jo nødig skuffe mine lesarar, men kva då om eg likte filmen?

Superheltfilmar er det ikkje akkurat få av i disse tider, og dei er alle like påkosta og etterlengta, og dei fleste presterar òg å skuffe både innvidde og dei uinvidde. Blant dei meir omtalte er filmatiseringane av Alan Moore sine grafiske noveller, deriblant altså Watchmen som går på kino i disse dagar. From Hell, The League of Extraordinary Gentlemen, V for Vendetta og Watchmen er alle rekna som milepæler innan teikneserieformatet, og det er særleg Moore sine seriar frå 80-talet med sin politiske tematikk som vert trukken fram. Alan Moore er ikkje ein mann som er framand for verken tunge eller kontroversielle spørsmål, og det er ingen som forventar at Hollywood skal vere i stand til å handsame dette med noko tyngde. Moore har sjølv vore ganske krass i kritikken av det han meiner var ein blaut filmatisering av V for Vendetta. Difor har han òg sidan dag ein distansert seg frå alle filmatiseringar av forteljingane hans, på sitt eiget naive vis ser han for seg at folk vil skilje mellom film og teikneserie. Men han seier ikkje nei takk til pengane i alle fall.

Det var ei årsak til at eg kanskje var litt nølande då eg satt meg ned i den mørke kinosalen for å sjå Watchmen, det siste utskotet på stammen. Den viktigste årsaka var likevel regissøren - Zach Snyder, som nyleg torturerte meg med 300, ein endelaus film utan mål og meining befolk av digitalt "forbetra" menn. Og medan Watchmen viste seg å vere fleire gonger betre enn dette tidlegare makkverket, så kan ein lukte regissørens infantile grep på filmrullen. Valden var simpelthen for mykje. Eg gjev blanke i kor forbanna avstumpa du er, vald erstattar ikkje interessante uttrykk, for valden slutta for lenge sidan å vere interessant i seg sjølv. I Watchmen får vi av Snyder servert fleire solide porsjoner av eksplisitt, sadistisk vald, der blodet spruter i alle retninger og våre heltar ikkje trekk ein mine. Det hadde vore underhaldande om det ikkje trakk merksemda vekk frå filmens faktiske innhald. Eg lurar verkeleg på kvifor han såg på dette som nødvendig, men eg mistenkjer det er fordi han simpelthen er ein særs umoden mann, som lagar film på vegne av minst like umodne Hollywoodprodusentar.

Så valden er punkt ein på kva som er i vegen med filmen, men det var heller ikkje uventa. Kva er punkt to? Ein detalj. Og her skal Snyder ha skryt for at han faktisk har klart å få med seg ein del detaljar frå teikneserien og periodane den freistar å skildre, for dei av oss som hugser den kalde krigen (og til dels insisterar på å leve i den framleis) er dette særs underhaldande. Så korleis kan det då ha seg at ein av dei mest synlege detaljane har han klart å bomme slik på? Skodespelarane klarar å fylle ut rollene sine ganske godt, og takka vere litt triksing og miksing fungerar detaljane her òg bra. Utanom hjå Dr. Manhattan. Kor vanskeleg kan det vere å finne ein velskulptert mann som ein kan male blå og slenge på nokre kontaktlinsar og få han til å likne på Dr. Manhattan? Tydlegvis vanskelegare enn ein skulle tru. For her har dei verkeleg ikkje klart å få med seg sentrale detaljar.

Penisen til Dr. Manhattan er større i filmen enn i teikneserien.

Er ikkje det ein litt for viktig detalj til å rote slik med?

Eg vart sittande lengje og stusse over akkurat dette. Eg trur vi på eit eller anna tidspunkt er nøydd å psykologisere dette. Hjå Zach Snyder altså. Ikkje hjå meg. Eg har eit heilt normalt forhold til det mannlege kjønnsorgan.

Ikkje sjå slik på meg. Det var ein viktig detalj.

Og det er detaljar som det som truar med å øydeleggje filmnytinga er det ikkje? Utanom det er det ein grei film. Ikkje noko stort kunstverk, men heller ikkje eit forferdeleg makkverk. Den hadde absolutt nok flotte høgdepunkt, les Valkyrienes Ritt i Vietnam, flotte scener med Nixon og søte kommentarar om jævla kommunistar, til at eg likte filmen, og truleg vil ha lyst til å sjå den fleire gonger.

Så gå for all del og sjå den. Om du taklar vald, og blå penis.

10 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Nå er det vel ikke underlig at enkelte menn kan bli overdimensjonerte både her og der, når de selv konstruerer seg selv.

    Her var nok Snyder noe mer... realistisk enn romantikeren Moore.

    Volden er derimot i enkelte scener verre, i opptil flere sekunder om gangen. En gang også direkte fæl.

    Nesten som i disse splatterfilmene som går for fulle hus.

    Men hvis det ikke er mer du har å henge deg opp i, synes det som vi er enige om dette var en overraskende bra filmatisering av en fortelling som egentlig ikke lar seg filmatisere.

    SvarSlett
  3. Bare sånn kjapt angående detaljer...jeg kan ikke dy meg...det er Zach Snyder som har regissert filmen. Om du så en film av Jack Snyder.. vel, du var muligens snydens?

    (Ja, jeg vet den siste der var dårlig, men når jeg først ikke kunne dy meg en gang, var vel oddsen dårlig på den andre også..)

    SvarSlett
  4. Øystein: Du har heilt rett, eg var ikkje snydens då eg såg filmen, men då eg skreiv om den kanskje? Skal rette det.

    Bjørn Are: Det vart foreslått av ein feminin observatør her i går at det kanskje òg er ein samanheng med at kvinners pupper gjerne vert større i filmane enn i teikneseriane dei er basert på. Food for thought.

    Når det gjeld splatterfilm, så ser eg gjerne det, men då er det jo sjølve valden som er hovudsaka. Det er ingenting den distraherar for (utanom kanskje store mengder hud og dårlege replikkar). Det var ikkje tilfellet her, og det var vel problemet slik eg opplevde det.

    Ikkje at eg ikkje lo av all ultravalden då, men det var vel kanskje ufrivillig.

    SvarSlett
  5. Trur kanskje du misforstår det valdelege elementet ein smule, og dette har nok heilt sikkert grobunn i at du ikkje har hatt interesse av å lesa dei mange manifesta Snyder har kasta om seg i media for å forklara filmen. Og med rette, må eg leggja til, for om ein film ikkje greier å presentera heile historia innanfor filmen sine eigne rammer, er det eit ganske solid feilslag. Det skal ikkje vere naudsynt å trenge forklaringar på ein film.

    (For ordens skuld er ultravalden ein integral del i den popkulturelle kommentaren Watchmen symboliserer - dekonstruksjon av superheltfilmsjangeren, der gladvald er eit essensielt verkemiddel. Teikneserien dekonstruerte superheltteikneseriar, filmen oppsummerer den celluloide ekvivalenten, med hovudvekt på førre runde Batmanfilmar, X-Men-farsane, og Daredevil/Hulk - medan den framleis forsøkjer vere "tru" mot kjeldemateriellet. Det går sjølvsagt ikkje an, men er ganske så underhaldande likevel). (Også arkivert under "Brystvorter; kostyme"))

    SvarSlett
  6. Samepornografen med den Germanske Nesen (eller omvendt)18. mars 2009 kl. 16:11

    Har egentlig ikke noen kommentar, men siden det der "Ordbekreftelse" ordet (hva var nå det fancy navnet som det egentlig heter?) i dag var: "Promse" så måtte jeg bare skrive ett eller annet... Dagens neste gjøremål blir å google "Promse" og se hva for noe spennende det kan være...

    SvarSlett
  7. Jbq: Eg veit ikkje om eg misforstår. Eg meiner valden ikkje funka. Den var unødvendig. Kva han ville med den vert då snøgt knakande likegyldig for meg. For resten av filmen underhaldte meg, og eg skulle gjerne hatt meir av det enn av vald.

    Pornografen: Og kva var resultatet?

    SvarSlett
  8. Resultatet var: Skuffelse :-(

    neste ut er "mjatica", men jeg kan heller dikte opp en definisjon selv (som sansynligvis er bedre enn det man finner på google): Mjatica = Halv-god Indisk Saus.

    SvarSlett
  9. Mulig det er smått uglesett (hoho) å kommentere eit innlegg så lenge i etterkant, men eg gjer det no lell. Eg fekk ikkje sett filmen før i går...

    Men det var kjekt. Veldig kjekt. Eg har ikkje våga anna enn å vere skeptisk til dette prosjektet, men jaggu hadde det ikkje blitt bra.

    No er det ei stund sidan eg las teikneserien og eg har heller aldri nistudert denne. Likevel vil eg slå fast at dette var ein riktig så fin adapsjon til film. Historia funka, karakterane funka, stemninga funka. Og Rorschach var heilt nydeleg.

    Sjølv stussa eg òg litt på måten valden blei presentert på. Det kom brått på og eg forstod heller ikkje heilt kor Snyder ville med det. Om dei hadde tona det ned litt meir ville scena med barnekidnapparen dessutan blitt endå meir virkningsfull. Der funka det og utøvarens kjennsler (som etterlysast i andre scener) er definitivt til stades.

    Madammen gjekk forøvrig til filmen med så godt som null kjennskap til konseptet. Ho kom òg ut frå kinomørkret med eit smil om munnen. Og det var ikkje berre på grunn av dr. Manhattan.

    SvarSlett