laurdag 28. mars 2009

Naken Milius

Eg har forstått det slik at det er ikkje alle av mine lesarar som har vet nok til å følgje med på Holiday by Mistake som min venn jbq har hovudansvaret for, i den forbinding vil eg gjerne bringe merksemd til eit innlegg ein av hans skribentar hadde i går.

Vi er alle frykteleg glade i Red Dawn, John "Make my day" Milius sin klassiske film om tapre amerikanske ungdommers kamp mot cubansk-sovjetiske okkupasjonsstyrkar i midtvesten. Dette er ein film som alle burde sjå, då den er eit vakkert stemningsbilete av den Kalde Krigens siste krampetrekningar. John Milius, som kanskje er mest kjend for Conan The Barbarian og tv-serien Rome, har òg bidratt med fleire av filmhistoriens beste replikkar utan å få så mykje ære for det. "I love the smell of napalm in the morning, it smells like victory", er ein av mange filosofiske gullkorn frå denne fascistoide tjukkasen. At det no er ei nyinnspeling av hans epos under oppsegling er urovekkande, men ikkje overraskande. Ikkje at vi heilt veit korleis ein slik film vil sjå ut utan Sovjetunionen tilgjengeleg som skurk. Eg ser ikkje heilt for meg Taliban, Al Qaida eller den iranske revolusjonære garden heilt ha same sjarmen i ein slik setting.

Ein burde kanskje tenkje på å behalde kommunistane, og heller endra på andre deler av premissen. Slik den tidvis morosame Rob Schneider foreslår:

2 kommentarer:

  1. Nå var du snill Mullah.
    Eventuelt slem, alt etter som.
    Milius er selverklært fascist faktisk, såvidt jeg har forstått ihvertfall. Så jeg synes du burde kalle ham fascist.

    SvarSlett
  2. Han har strengt tatt ikkje gått opent ut om det, han omtalar seg sjølv som zen-anarchist. Eg lister han i "fascist"-delen av mine foredrag og skriveri, men det er klart at han òg har liberterianske trekk. Som fascistar flest er han ikkje så lett å plassere på eit politisk kart.

    Mykje av dei same kriteria ein brukar for å definere han som fascist, kan òg brukast på meg, men eg òg han skjiljast på konkrete områder.

    Ein interessant mann utan tvil.

    Sjølv om eg kanskje ikkje vil sjå han naken.

    SvarSlett