måndag 9. mars 2009

Nye dansesteg frå Dragon*Con

Vår venn jbq på Holiday by Mistake slit litt med å forstå kva denne videoen eigentleg er:

Eller rettere sagt; Han spør kva er meininga bak? Her i vår moske stiller vi oss uforståande til dette, då vi lett kan sjå kva dette er. Dette er ein musikkvideo, spelt inn av Le Sexoflex på fjorårets Dragon*Con, ein av verdas største nerdekonferansar. Treng ein eigentleg noko meir forklaring? Eit utløp for undertrykt seksuelt avvik, og eit fascinerande nytt dansesteg: The Marriot Cock Squat. Mullaen har øvd på dette dansesteget heile helga, og store deler av kontortida i dag i von om å perfeksjonere det.

Om vi skal gå nærare inn på ei meining her, så må vi nok ta bandet bak i nærare ettersyn. Deira produksjon har hittil ikkje vore av den største, og det er mykje som tyder på at dette er deira mest fengande låt hittil. Meir er ikkje kjend på dette tidspunktet, og eg føler vi treng biografisk informasjon for å forstå det underliggjande bodskapen i songteksten og videoen som akkompagnerar den. Eit komande intervjuobjekt, kanskje?

Det var hans vennar hjå Topless Robot som har bedt folk spre denne videoen, og vi er ikkje verre enn at vi sender oppmodinga vidare.

2 kommentarer:

  1. Takk for spredningen.

    De få gangene jeg har vært på kongress utenfor Skandinavia, så har jeg vært på den trauste litteraturfandomkongressen Worldcon, og der er det heller lite slikt å se.

    Per

    SvarSlett
  2. Men på nerdekongresser i Skandinavia, der er du vant til slikt, sant? Mi erfaring er at norske nerder i det minste er særs perverse.

    SvarSlett