onsdag 25. mars 2009

OnLive... snasent?

Eg er som dei fleste normale menneske glad i dingsebomser. Nye, skinnande gjenstander eg kan plassere i stova eller på kontoret og som gjer noko fancy. Det er likevel sjeldan eg total forelskar meg i potensialet til eit produkt før det i det heile tatt ser dagens lys. Likevel, sjå på dette då folkens, om dei klarar å levere desse varane så er det litt for bra.

No er det ikkje alle mine lesarar som er like glade i spel og denslags moro som det eg er, men dette har potensial til å snu opp ned på både marknaden og korleis vi tenkjer rundt spel. Maskinvare har lenge vore ein flaskehals på brukarsida. Og ein lukrativ ein. Spel har dreve spelinteresserte til å investere i ny og betre maskinvare jamnleg. Ein må det om ein skal ta del i spela som kjem ut dette året, eller til neste år. Og der har det vore mykje pengar å hente. OnLive forbigår heile den prosessen.

Om det fungerar altså.

Det store spørsmålet er: vi som har ein PC (og alt anna av speldingsar i huset), treng jo eigentleg berre å laste ned eit lite program til maskina... men er eg rar om eg har lyst på den dingsebomsen òg? Den var så liten og søt jo! Og eg lurar allereie på - kan eg få den i Hello Kitty-variant?

Les meir her.

7 kommentarer:

  1. Veldig skeptisk. Framleis.

    Og framleis like lite informert om duppeditten.

    Kanskje det er same greia som med abonnementsordning på musikk. Det høyres ikkje riktig ut og det føles galt. CDar og spel skap stå i hylla. Saman med bøker og filmar.

    Skjønt eg kan jo leve med Steam og GOG...

    SvarSlett
  2. Ja, eg er jo heilt einig at det fysiske produktet har ein eigen sjarm... men du var snarare på Steam enn det eg var (medan eg kanskje var litt snarare på GOG sidan eg betatesta det)... kanskje tidene endrar seg? Eg har hatt stor nytte av emusic som er ein abonnementsteneste for musikk, men som er 100% DRM-fri.

    Det heile vil vere avhengig av korleis abonnementsplanen deira vert, og korleis dei prisar produkta. Og ikkje minst kva geografiske restriksjonar dei legg på kjøp og sal.

    Men potensial? Det har det. For det er ein teknisk nyvinning om alt vi har fått demonstrert stemmer (eg har sendt mail til ein venn på GDC for å få gjort ein hands-on test).

    SvarSlett
  3. PC World har ein god artikkel på OnLive, som tar for seg problem og utfordringar på ein balansert og god måte:
    http://www.pcworld.com/article/161930/gdc_09_6_reasons_onlive_could_be_a_bust.html

    Ein ting profeten kanskje ikkje har tenkt på er korleis eit slikt system vil ta livet av brukarskapt innhold; modding. Det må jo smerte ein gamal Doom-fantast...

    SvarSlett
  4. Prøver den lenka igjen.

    http://www.pcworld.com/article/161930-2/gdc_09_6 _reasons_onlive_could_be_a_bust.html

    Funker forresten dette?

    SvarSlett
  5. Ein veldig bra artikkel som oppsummerar både fordelar og ulempar, javisst. Vel, verdt å lese.

    Eg må arrestere han på eit punkt, og det er på ideen om at ein i dag eig ein fysisk vare meir enn ein digital ein. Diverre er det ikkje slik lenger.

    Hugser du kva som skjedde då du installerte Empire: Total War for eit par veker sidan? Du måtte registrere spelet på Steam. Så når Steam ein dag forsvinn, slik tenester som Steam har ein tendens til å gjere, så eig ikkje du lenger det spelet. Gjer du? Like lite som alle dei du har lasta ned gjennom Steam.

    Så lenge fysiske produkt driv med DRM og tilsvarandre, internettbaserte løysingar, så eig ikkje du ein skit av det du har betalt for.

    Når det gjeld modding, så tru det eller ei, men det plagar meg ikkje. Gong på gong eg har satt meg ned for å leike med modding, eller har tenkt på å teste ut ein mod, dei siste åra, har det rent ut i sand. Kvifor? Eg veit ikkje. Kanskje fordi ein ikkje lenger har det same behovet for å tukle med spel. Kanskje fordi spela i dag er så gjennomtenkte og vellaga, at ein ikkje føler ein kan/vil drive så mykje med det?

    Doom var gøy å modde, men eg har aldri fått heilt den same gleda i Oblivion til dømes. Men det er nok berre meg.

    SvarSlett
  6. Modding skapte blant anna Counter Strike og har nok vidare hatt mykje å sei for titlar som Team Fortress, Left4Dead og liknande. Ikkje dine personlege favorittar, men likevel.

    Om det ikkje treff deg personleg er det absolutt noko ein ikkje vil skal forsvinne heilt. Meiner no eg.

    Om/når Steam forsvinn håpar eg verkeleg dei har tenkt på ei løysing som frigjer spela ein allereie eig.

    Eg fekk dessutan eit flott kart med i boksen til Total War. Det kan ikkje Steam ta frå meg! :p

    SvarSlett
  7. Ja, det kartet vart finfint. Eg må finne ein stad å henge det.

    Når det gjeld modding, så vinkla eg det kanskje litt feil. Det finnes mange gode moddar der ute, utan tvil, og eit veldig aktivt miljø. Men jo meir kompliserte og ambisiøse spela vert, jo tilsvarande kompliserte og ambisiøse vert moddane. Noko som forklarar kvifor dei mest omtalte moddane aldri eigentleg vert ferdig.

    Eg trur at moddingmiljøet framleis vil kjøpe fysiske spel, og mekke dei på PCen. Så kanskje OnLive eller konkurrerande system vil tilby serverklynger der desse kan inkluderast i spela.

    SvarSlett