torsdag 26. mars 2009

Politiaksjon: Framtida er her

(Foto: Terje Pedersen ANB)

Det skjer underlege ting i Oslos gater. Ting som gjer at det kriblar i alskens nerver eg har. Openbart rare assosiasjonar oppstår når ein mann av mine tilbøyligheter ser bilete av 4000 uniformerte politimenn som marsjerar ned langs Karl Johan. Ein mann med min bakgrunn frydes godt òg av ideen om at politiet brått er på den andre sida av barrikaden, at det er dei som tyr til sivil ulydighet og demonstrasjonar. Enno betre er det når ungdommen frå Blitz tar rolla til ordensmyndigheitane og loser dei protesterande politifolka ned gata.

Surrealistisk er eit ord som lett kjem til tunga mi akkurat no. Og surrealistisk likar vi.

Og vi har enno ikkje komen inn på kvifor eg tykkjer dette er margetøft. Eg forstår faktisk veldig godt politiet i den situasjonen dei er i no, og eg er prinsipiell tilhengjar av å aksjonere for å tryggje rettane til arbeidarar. Årsaka til aksjonane kan de lese grundig forklart andre stader, men det koker altså ned til at den raud-grønne regjeringa ender opp med å frata politiet viktige rettar. Rettar garantert dei av arbeidsmiljølova. Regjeringa meiner at politiet skal vere fritatt frå dette, og mellom anna ikkje ha den lovbestemte kvileretten.

I tillegg til dette kjem den manglande respekten politiet er utsatt for, den dårlege lønna og risikoen dei har i sitt daglege arbeid.

Så er det rart at dei aksjonerar? Nei. Og her kjem vi inn på kvifor eg får eit kick av å sjå på dette. For medan vi ventar forgjeves på flygande bilar og hologram, for ikkje å snakke om månebasar og laserar, så har vi aksjonerande politi i gata. Ja, folkens, vi er endeleg komen til framtida eg vart lova av bøker og filmar då eg var ung. Liberalistisk økonomisk teori har tatt fullstendig kontrollen over samfunnet, privat politi og militærstyrker vert meir og meir vanleg, valdskriminaliteten aukar og politiet aksjonerar i protest. Det er streik. Og alt vert til kaos...

Det finnes berre ei løysing, berre ein mann som kan redde oss no...

Dette har eg venta lenge på, men no er det vel berre dagar til avdukinga, sant?

2 kommentarer:

  1. Ikke glem at Høyre sysler med tanker om å privatisere politiet. OCP is closer than ever before.
    Men så godt som alle de gamle oppgavene til Onkel Snus er overtatt av leiesoldatene til Securitas og de andre bølleutleiefirmaene, så hvorfor ikke? De kan sikkert gjøre resten av jobben også.

    SvarSlett
  2. Ja, vi har all grunn til å vere oppglødde for tida! ;-D

    OCP = Oppressive Capitalist Pusbags

    SvarSlett