måndag 23. mars 2009

Sa nokon arbeidarklasse? Allahu Akbar!

I helga snakka vi litt om kommunistane, du veit dei som kjempar for arbeidarane sine rettar. Arbeidarane veit du, er dei som jobbar på gølvet, stemmer på FrP og strengt tatt ikkje vil ha så mykje med sine forkjemparar å gjere. Arbeidarklassa er ein mytisk storleik i politisk teori, og mange vil hevde at den på lik linje med drakar og einhjørningar ikkje eksisterar. I det minste ikkje no lenger... kva skal då kommunistane og dei andre på venstresida gjere? Dei må simpelthen finne seg noko anna å gjere på. Ein annan grunn til å henge opp plakatar. Det er i alle fall den rådande teorien i visse kretsar.
"Venstresida har ingen tradisjonell arbeidarklasse å kjempe for lenger, og har behov for å definere ein ny ”arbeidarklasse”, altså har dei peikt ut muslimar generelt som den nye arbeidarklassa"
Dette seier Hege Storhaug, talskvinne for Human Rights Service (HRS) til Fri Tanke. Ho, og fleire med henne, meiner at venstresida har inngått ein uheilag allianse med reaksjonære religiøse kreftar (les Islam), og kjempar framleis for å bryte ned det vestlege samfunnet. Vår kultur. Vårt demokrati. Vår McDonalds og Statoil.

Det er for all del mange merkelege utsegn på venstresida i den forbinding, men ikkje nok til at ein kan gje Hege Storhaug meinar andre som har vore intervjua, deriblant Lars Gule og Knut Vikør.

Dette er sjølvsagt ikkje det viktigaste spørsmålet. Det vi må spørje oss er, om muslimane er den nye arbeidarklassa, kven er då den nye draken, eller den nye einhjørningen? Køyr debatt!

6 kommentarer:

  1. Jeg orker ikke å blande meg så mye i denne debatten, mye fordi jeg ikke lenger tilhører venstresida. Men siden jeg mener å huske at ideen til denne artikkelen var min, vil jeg gi deg ros for å ha løst oppdraget på en god måte. Fin balanse ble det, og et fint utgangspunkt for videre refleksjon.

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha, Didrik. Det var ein vrien nøtt å knekke.

    Og difor er det godt å kunne berre lage litt bøll rundt det (som no), no når saka er ute av verda ;-)

    SvarSlett
  3. God artikkel!

    Enig med Didrik i at den holder en fin balanse som gjøre den interessant å reflektere over.

    SvarSlett
  4. Velskrevet artikkel.

    Vikør legger vekt på at flere av disse bevegelsene ønsker frie valg i sine hjemland. Det er jo bra, men det spørsmålet som melder seg da er hvorvidt alle eller noen av disse bevegelsene ser for seg mer enn ett valg, dvs. at om de ser for seg flere valg etter det ene valget der de får stille kandidater og vinner. Ville de kunne akseptere et senere valg der f.eks. et sekulært parti vant valget og f.eks. begynte å bygge ned religiøse domstoler mv. igjen?

    For ordens skyld: Nå mener jeg ikke at det ville være et relevant tema å rydde plass til i artikkelen, men det er jo en relevant spørsmål til alle bevegelser med det man kan kalle en bestemmende visjon.

    SvarSlett
  5. Takkar og bukkar.

    Eg trur du stiller eit absolutt relevant spørsmål; eg mistenkjer at dei vil handtere eit slikt demokratisk system på same vis som vi gjer.

    Altså at alt tolererast av opposisjonell politikk - så lenge det ikkje rokker ved grunnvollen av samfunnet. Med andre ord sekulære forsøk på å rive ned den religiøse basisen for eit islamsk demokrati vil møtast med sterke sanksjonar.

    På same vis som eit ikkje-sosial demokratisk parti i Noreg aldri vil kunne bli tatt seriøst ;-)

    SvarSlett