tysdag 31. mars 2009

Tankar i landflyktighet

I mitt fangenskap får eg tid til å reflektere og å tenkje, det hjelp på at det står ein kartong vin på nattbordet og at eg har tilgang til nyhende frå verda over. Det må vere ei årsak til at Pandamonium har valt å slå til akkurat no. Kva er det som har skjedd, eller skal skje, som gjer at dei måtte ta meg no? Og kvifor måtte dei få meg ut av landet?

Eg mistenkjer det har med Noregs rykte å gjere, dei måtte få meg ut av vegen når dei vende sitt artilleri mot regjeringa. Ved å nytte Jerusalem Post til å avsløre at Kristin Halvorsen leia anti-semittiske opptøyer i Oslos gater og ropte "Død over jødane!". Dette er jo veldig alvorleg, for jødane er jo ein viktig alliert av Pandamonium, noko ein kan lese mellom linjene i Sions Vises Protokollar. Målet her må vere å destabilisere Noreg, og opne for at Pandamonium skal få meir makt over styre og stell her. Utspekulert.

Eller vent litt, kanskje det er omvendt? Kanskje Israel er målet, ved å lokke Israelarar til å drite seg slik ut, ved å kaste seg på pandaenes løgner om fredlege Noreg, og den enno fredlegare barnehagetanta Kristin Halvorsen vil dei fråta Israelske synsarar og media all truverdighet. Slik kan dei bruke sine arabiske allierte til ein gong for alle ta rotta på Eretz Yisrael; ja, dei kan nytte høve til å infiltrere landet med sine agentar. Dette landet som har stått i mot alle ytre trugslar. Og når dei slår alarm, så vil verda le, for det var jo same gjengen som anklaga Noregs barnehagetante for å stå i ledtog med dr. Mengele!

Her er det verkeleg grunn til å slå alarm, og det må vere ei av årsakene til at dei har valt å få meg ut av landet no. Men kvifor Sverige? Eg har tenkt litt på det òg. Og svaret sjokkerte meg. Her står dei simpelthen sterkare. Kven skulle tru det? Pandamonium slår seg opp og fram i vårt naboland. Ikkje ein panda å sjå? Ingen svarte og kvite tendensar? Du ser ikkje nøye nok etter!

Til og med det fredlege, og demokratisk anlagte partiet Sverigedemokraterna har blitt infisert av Pandaenes tankegods. Det har svenske journalistar avslørt. Ved hjelp av skjulte bandopptakarar har dei avslørt at dei elles så godlynte nasjonalistane har blitt infisert av Pandamoniums rasistiske tankegods. Det er forskremmande. Kan dette tyde på at òg Noregs Framstegparti har blitt infisert av same grusomme tankemønster? Nokon burde varsle folket.

Og det kan ikkje verte meg, for eg er fanga her. I Sverige. I ei celle, med ein kjempepanda ved døra.

Eg må finne ein veg ut av dette. Eg må berre vere tolmodig. For eg veit... at det er ikkje umogleg å sleppe ut:

DNA Evidence Frees Black Man Convicted Of Bear Attack

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar