onsdag 29. april 2009

"Strange times to be a Jew"

"And just last week, amid the panic and feathers of a kosher slaughterhouse on Zhitlovsky Avenue, a chickenturned on the shochet as he rased his ritual knife and announced, in Arameic, the imminent advent of Messiah. According to the Tog, the miraculous chicken offered a number of startling predictions, though it neglected to mention the soup in which, having once more fallen silent as God Himself, it afterward featured. Even the most casual study of the record, Landsman thinks, would show that strange times to be a Jew have almost always been, as well, strange times to be a chicken."
Vi har tatt fatt på eit nytt leseprosjekt, The Yiddish Policemen's Union av Michael Chabon, og vi frydar oss allereie etter kort tid. Vi møter her Meyer Landsman, ein hardkokt og alkoholisert detektiv som er redd for mørkret, i Israel. I eit litt annleis Israel enn det vi kjenner det. Dette Israel er i Alaska, og ting er ikkje som ein skulle vente av det lova landet. Landsmans sjef er hans ekskone, hans fiendar er hasidiske gangstarar og den drepte, heroinavhengige mannen på naborommet viser seg å vere ein sjakkmeister. Ja, det er verkeleg ei rar tid å vere jøde på, bemerkar hotelleigaren til Landsman. Og han seier seg einig. Ei rar tid å vere jøde, eller kylling.

Eg trur eg kjem til å like denne boka.

tysdag 28. april 2009

Årets pandemi (Du risikerar livet!)

Du risikerar livet!

Berre det å lese dette utset deg for fare. Mitt liv er på spel, og det er ditt òg. Dei veit kvar dei finn meg no, og eg vil ikkje ta unødige sjanser. Etter dei kidnappa meg bestemte eg meg for å liggje lågt i terrenget, eg har ikkje gjett opp, for all del, men eg har innsett at eg må vere varsam med korleis eg trør.

Så eg hadde ikkje tenkt å seie noko, eg hadde tenk å halde meg i ro, og la mine agentar ta seg av det, men krava frå grasrota var altfor klåre til at eg kunne overhøyre dei. Eg måtte på banen att.

For vi har all grunn til å vere urolege. Svineinfluensaen er her. Ein pandemi av enorme dimensjonar er på oss att, spreidd av skitne svin. Griser, ikkje mexicanarar altså, eg likar mexicanarar. Ein sjukdom som slår til kvar som helst, kva tid som helst, ingen er tryggje (utanom dei med godt imunforsvar og generelt god helse) og i følgje avisene vil den i det miste slå ut 1/4 av verdas befolking. 1/3 om vi er uheldige. Virkar dette kjend?!

Det er sjølvsagt Pandamonium som står bak! Hallo?! Det er typisk dei, er et ikkje? Det er akkurat så sjofelt som noko dei kunne ta seg til! Dei har lenge hatt planar om å utrydde minst 1/3 av oss, så kvifor ikkje la ein pandemi ta seg av det? Det passar dei late svina godt, tenkjer eg! Då kan dei berre sitte der på dei feite rævene sine og tyggje bambusskot medan vi døyr! Det ligg i sjølve ordet, deira varemerke: Pandemi! Det skulle vel ikkje heller vore stava Pandami?! Død ved panda! Det er den vanlege soga, dei tenkjer å utslette oss, utan å avsløyre seg sjølv.

Men vi er på sporet folkens, og vi har kokt opp den einaste sanne vaksina mot svineinfluensaen! Og vi presenterar den her for alle motstandsfolk og lojale tilhøyrarar i to enkle trinn!

1. Et sunt! Unngå svin, alkohol og mistenkjeleg mat.
2. Kle deg på eit vis som avvergar smitte. For kvinner innebærar dette skaut, medan menn bør unngå gull og silke (silkeslips er foreløpeg eit unntak, men om du kan unngå det så gjer det).

Om du gjer dette skulle du halde deg trygg...

Eller vent litt. AHA! Gløym det! Ingen grunn til panikk!

Eg har innsett kva dei held på med. Det er jo så soleklart! Dei vil at vi skal gjere dette! Dei vil vi skal gje oss til kjenne ved å kle oss korrekt og ete halal! Dei vil avsløre våre tropper!

Men det vil vi ikkje tillate! Høyr her kameratar! Dei kan umogleg ha perfeksjonert den komande pesten allereie! Dette er ein todelt plan! For det første vil dei avsløre motstandsmenn ved å få oss til å leve sunt i full offentlighet. For det andre vil dei redusere truverda til slike skumle overskrifter, slik at når dei faktisk slepp laus pesten så er det ingen som trur på dei! HA!

Men det er lett å avsløre, media er tross alt i hendene på Pandamonium, så sjølvsagt var dette eit dobbeltspel.

Vår kløkt og snartenkthet har redda oss nok ein gong. Det finnes ingen svineinfluensa. Berre dårlege salstal i dagspressa.
Spre ordet, gjer motstand! Til siste mann vil vi kjempe mot dei late svina! Død over pandaene!

måndag 27. april 2009

Kone på direkten

Å kjøpe seg ei brud i utlandet vert jo meir og meir vanleg, og om du ikkje får tilbodet som spam i inboxen, så får du det som reklame andre stader. Som i dei fleste bransjer er konkurransen hard, og då er det viktig å ha kjapp leveranse av gode produkt, og eg var difor ikkje særleg overraska då eg oppdaga Kone Direct.Held inne knappen i ti sekunder og du får kontakt med ein av våre kundebehandlarar. Snasent. Før var du nøydd å nytte internett og postordre, men dagens samfunn forlangar meir. Vi forlanger ei hustru som ein kan plukke opp. Cash & Carry, som var det store slagordet då eg var ung. Det kallar vi service... men vent litt! Kva står i den lille skrifta? Kone hissar? Dei hissar deg opp? Eller hissar dei seg? Er dei hissige?!

Som med dei fleste kjøp (eller ekteskap) så kan ein aldri vere sikker på kva ein eigentleg får. Det kan vere noko anna enn det som er reklamert, eller ting bryt saman over tid. Vedlikehald av ei kone er ikkje alltid like lett, men nok ein gong er Kone Direct foran dei andre i bransjen. Dei tilbyr service døgnet rundt på eiga telefonnummer dersom noko skulle vere gale med kona di!
Eg kan ikkje seie anna enn at eg er mektig imponert. Dersom det hadde vore mogleg å knytte allereie eksisterande koner, som evt. er skaffa på anna vis (kurtise, bortføring og hypnose), til denne same type serviceordning, mot ei låg avgift, hadde Kone Direct absolutt kunne tatt over marknaden fullstendig.

For all del, eg ser det på dykk. Det er ein del av dykk som er skeptiske. De meiner eg les for mykje inn i namnet, at Kone Direct kanskje ikkje er eit selskap for bestillingsbruder. Greit, eg kan sjå den. Det finnes eit anna openbart alternativ.

Kone Direct kan vere eit Call-system, slik at kona kan få direkte kontakt med deg når du sitt for deg sjølv på guteromet.
Eit slags baby-call system, berre for godt vaksne og gifte menn. Personleg så trur eg at det høyres ut som ein langt mindre tiltalande idè, men det er greit for meg om de vil tru at det er dèt det er snakk om.

søndag 26. april 2009

"Nuke Norway Now"?

Glad i strategispel og brettspel av ulikt slag vart eg ikkje lite glad då min gode venn, og tidvis medsamansvorne, Eira presenterte meg for "Nuke Norway Now".

Året er 2023 og Noreg har blitt radikalisert og Samane er i harnisk. Aust for Noreg, i Sverige har Gören Persson grepe makta gjennom statskupp, med støtte frå sameforbundet. Som Sveriges første president erklærar han at landets tolmodighet med Noreg er over. Etter ein militær ulukke utanfor Drammen erklærar han at Sverige må, og vil, gripe inn.

Krigen er eit faktum. Svenske soldatar, støtta opp av samiske elitesoldatar, flommer over grensa og freistar å sikre seg det som ifølgje Persson rettmessig tilhøyrar Sverige. Spelaren som speler Sverige har som mål å asfaltare og bombe Noreg, og knuse all motstand, medan spelaren som speler Noreg må forsvare seg mot den svenske overmakta.

Det er plass til ein tredje spelar om ein kjøper tilleggsettet Norwegian SS-Zombies. Den tredje spelaren spelar her Adolf Quisling, Vidkun Quisling sin onde son, som kan vekke døde soldatar til live att. Kvar døde soldat, enten svensk eller norsk, står opp att frå dei døde som ein del av Quislings SS-Zombie hær.

Spelet lover timesvis med moro, og eg må ærleg innrømme at eg har lyst til å kaste meg over det, nokon som er med?

laurdag 25. april 2009

Japanske Rockabillies (Nothing to worry about)

Eg har innsett at det er eit akutt mangel på japanske rockabillies i vestlege musikkvideoer. Korleis kan det ha seg at vi har oversett dette konsepetet?

Er det ikkje typisk at det er den alltids så oppfinnsome svenske musikkindustrien som gjer oss merksam på dette? Hallo?! Få ut fingen Noreg!

Kan eg forslå at neste musikkvideoen til A-Ha består av ein sudanesisk dhikr?

torsdag 23. april 2009

Den internasjonale bokdagen

I dag er den internasjonale bokdagen, og det vert markert ved at folk skriv om sine favorittbøker og anbefalar andre til å kaste seg over dei. Andre stader vert bøker samla inn til bibliotek og andre verdige formål. Bokelskarar over alt fryder seg i dag over sin hobby.

Men ein ting gløymer dei. Ingen tar seg tid til å forklare for dykk unge kva ei bok faktisk er.

Ei bok, forstår de, er ei samling av papir som er bunden saman. Papira er dekka av ord som i eit ordna rekkjefølgje fortel ei historie eller legg fram idear og eventuelt fakta / spekulasjonar. Ikkje så ulikt hypertekstane du les på wikipedia og andre nettsider. Den store forskjellen er at i ei bok så kjem allereie organisert og ordna for deg, så i motsetnad til dei litt meir tunggrodde hypertekstane du er vant med, så slepp du å manøvrere deg gjennom teksten ved å velge ut informasjonsbolkar. Ei bok har simpelthen ingen hyperlenke, men er ferdig strukturert på eit lineært vis for at du skal lettast fordøye innhaldet. Ganske spesielt. Dei mest populære bøkene er såkalla romanar, som fortel ei historie på same vis som ein film eller eit dataspel, men i motsetnad til filmen så må du forestille deg kva som skjer basert på det du les, og i motsetnad til dataspelet har du inga innflyting over hendingsforløpet. Litt meir tungleste bøker, av ulikt slag, inneheld mykje faktainformasjon på same vis som wikipedia og nisjesider. Nokre bøker faktisk litt som flickr og inneheld haugevis av fotografi rundt eit tema.

Og viktigst av alt. Batteriane på bøker har særs lang levetid, og eg har enno ikkje måtte lade opp ein einaste av mine bøker, uansett kor lenge eg har latt dei liggje opne.

Så om du ikkje har prøvd ei bok enno, så kan du absolutt prøve det. Du kan finne dei hjå ulike spesialistforhandlarar, langs veggene på biblioteket der du låner datamaskiner eller hjå din lokale antikvar.

onsdag 22. april 2009

Hyperland

Velkomen til ei verd utan fjernsyn, der våre tradisjonelle, lineære media er erstatta av hypertekst, multimedia og virtual reality, ei verd der du styrar narrativen. Når Douglas Adams, forfattaren av Hitchhiker's Guide to the Galaxy, drøymer om å kaste fjernsynet, lei av all driten den viser, vert han møtt av Tom, eit søkjeprogram og hjelper som viser han framtidas mediekvardag: Hyperland. Dette er premissen for dokumentaren med same namn, frå 1990. Tom tar Douglas, og oss, med seg på ei omvising i hypertekstualitetens verd, der tekst er fragmentert og lenker til kvarandre, og du står fritt til å hente ut den informasjonen som er aktuell for deg, og som interesserar deg. Byrjar dette å virke kjend?

Dokumentaren presenterar oss for ein rekkje pågåande prosjekt som utforskar moglegheita for hypertekstualitet og virtuelle verdener, og visjonane til enkeltforskarar som jobbar med det (deriblant den norske pioneren Hans Peter Brøndmo). Dokumentaren gjev òg eit historisk innblikk i utviklinga av hypertekstualiteten, som er verdt å få med seg, før den gjev seg i kast med framtidas virtuelle verdener og multimedia.

No er det ikkje kven som helst som tar oss med på denne turen; fram til sin død var Douglas Adams verdas framste kombinasjon av sci-fi forfattar og satirikar, med ikkje berre Hitchhiker's Guide to the Galaxy bak seg, men òg bøker om meisterdetektiven Dirk Gently og mykje meir. Tom spelast av ingen ringare enn Tom Baker, ein klassisk britisk skodespelar og komikar, delvis kjend for si fortolking av Puddleglum i BBC si filmatisering av Narnia-bøkene, men hylla som ein av dei beste, og mest langtlevande (1974 - 1981), doktorane i Doctor Who. I 2006 kom han på fjerdeplass i ei BBC undersøkjing om dei mest eksentriske stjernane - etter Bjørk, Chris Eubank og David Icke. Det er med andre ord to ganske vidkjende karar for ein kvar geek.

Hyperland er ei lita perle for dei historisk interesserte, særleg den yngre garde som kanskje ikkje klarar å sjå for seg ei verd utan internett og hypertekst. Filmen er på ein og same stund drøymande og håplaust naiv, utilstrekkeleg visjonær og skremmande treffande. Når ein ser den er det verdt å merke seg at samstundes som Douglas Adams og Tom Baker produserte den, så satt det ein herremann i CERN og jobba med eit lite hypertekstprosjekt som fekk namnet: World Wide Web. Og her sitt vi då... snart 30 år seinare.


Kvifor eg nemnar dette? Det er enkelt, for medan andre tar på seg å snakke om Zeitgeist på Kjettersk Kjeller i kveld, vart eg hanka inn til å snakke om denne filmen her på Universitetet.

tysdag 21. april 2009

På vitjing hjå id Software: Doom 1993

Nok politikk no, våre nerde-lesarar har blitt fullstendig svoltefora dei siste dagane, og det skal eg gjere noko med no med ein gong. Hugsar du dei gode gamle dagar? Då 3D eigentleg var bitmapping, altså falske 3D-effektar, og det tøffaste i first person shooters var Wolfenstein 3D og Doom? Vel, la meg minne dykk på denne tid. Legendariske John Romera la for to veker sidan ut ein video frå 1993, filma av BBS-guru Dan Linton som vitja id Software medan dei var i sluttfasen av produksjonen av Doom. På tidspunktet okkuperte Bobby Prince konferanserommet deira for å leggje på lydsporet, medan dei andre leika seg i deathmatch og gjorde det dei kunne for å spore opp bugs. Det heile er ein tur ned memory lane, og demonstrasjonen Linton fekk av spelet gjorde meg ikkje reint lite nostalgisk:

Det som kom til å følgje er, som dei fleste datainteresserte veit, historie. Doom vart ein storslagen suksess og førte til ein heilt enorm kreativitet. Då spelets koder vart gjort tilgjengelege for brukarane dukka det snarleg opp verkty til å endre det meste av spelets ressursar. Og denne utviklinga haldt fram med Doom 2. Det var kanskje Wolfenstein 3D og tilhøyrande spel som skapte first person shooter sjangaren, men det er ingen tvil om at det var Doom som verkeleg perfeksjonerte sjangaren. Det var spelet som fekk meg til å gå frå Amiga til PC. Og sjølv etter ein heller middelmådig Hollywoodfilmatisering er det framleis liv i serien, og der Doom 3 på sett og vis var ein remake av det første spelet, lovar det komande Doom 4 å hente meir frå Doom 2. Vi gledar oss.

måndag 20. april 2009

Vår neste statsministar: Ghufoor Butt

Eg har slitt litt med årets val, det finnes ingen parti som har gjort seg verdig mi praktfulle stemme. Heilt til no. Eg kan knapt styre mi begeistring for Ghufoor Butt og hans Independent Labour Party. Her er mannen som kan slå Siv Jensen på heimebane. Eit parti som er mot alkohol og svin. Eit parti som vil ha vekk bompenger og betre veger. Eit parti som vil ha lågare skatt og meir hijab. Eit parti som vil få bukt med homser og Mohammedteikningar.

Eit parti som vert lansert på pakistansk tv for eit norsk publikum.

Eit vassekte innvandrarparti, og med innvandrar så meiner vi her muslim. Nett som FrP!

Her snakkar vi halal, folkens!

Dette kan umogleg verte betre. Eller kan det?

Visst pokker!

Partiets førar, Ghufoor Butt, har sultestreika for lågare flyprisar mellom Noreg og Pakistan, og meinar at muslimar aldri kunne ha stått bak 11. september (anar vi ein samanheng?). Nei, slikt er det nok berre jødar som står bak, kan partileiaren fortelje, og retter peikefingaren pent og pynteleg mot Mossad. Ikkje at han har noko i mot den jamne jøde, sjølvsagt, berre dei slemme.

Nok no?

Neida! Vi har meir! Ghufoor Butt er Bollywoodstjerne, med eit hopetal populære filmar på samvitet i Pakistan. Der er han framleis eit kjend namn. Kan du sjå for deg valkampen? Kan du sjå for deg reklamefilmane? Ein aldrande pakistanar i fargerike dresser som syng til deg på urdu! Og han kan sikkert få fiksa det billig, han er framleis aktiv som regissør og produsent, og driv ei videosjappe på Grønland.

Alvorleg tala, før satt eg med angst og tenkte på haustens val, no klarar eg ikkje å vente lenger. Takk Ghufoor Butt, du har redda årets val for meg! Og eg er sikker på at du framleis har godbitar på lur!

Ghufoor Butt som Kalif... eg meiner statsministar!

Åh Herre min turban.

Fritt Ord til bursdagsbornet?

Heftige protester i øyret til tross, så må eg seie dette. Det finnes så mange meir verdige kandidatar til Fritt Ord prisen enn Nina Karin Monsen. Kva med dagens bursdagsbarn? Doffen! Dette sjarmtrollet frå austerriket som tok heile Europa med storm på 40-talet. Som mange store kunstnarar, han var ein målar med store ambisjonar om å teikne plantar, byggverk og nye grenser på kartet, så valte han å ta sitt liv då hans karriere var dalande, men ikkje før han hadde skreve ein provoserande politisk best seller og haldt fleire talar som gjekk verdssamfunnet midt i mot. Han var ein uredd mann, med særs upopulære og, vil eg hevde, ganske hårreisande meiningar. Slik sett ikkje så ulik årets vinnar av Fritt Ord prisen. Han sjikanerte til og med homofile, i alle fall følte hans gamle stridsfelle Ernst Roehm seg ikkje så pent lite sjikanert då han vart slengt i kasjotten, og seinare drept. Den store forskjellen er vel den at Doffen var i stand til å føre ein høfleg samtale med andre, og argumentere for si sak utan å ty til lusne personkarakteristikkar (utanom av jødane då, og då tok han jommen meg hardt i òg) - berre spør hans gamle motdebattantar Chamberlain og Stalin.

Eg veit! Eg veit! Ein skal ikkje drive med Hitling. Eg likar ikkje Hitling sjølv! Men eg berre måtte, dessutan er det jo Doffens bursdag! Han vart fødd 20. april 1889, og ville difor ha vore 120 år i år. Og så var det Holocaustdagen i dag... og så slengte Ahmadenijad med leppa att og ville utrydde Israel. Og så var eg irritert på Nina Karin Monsen.

Det var simpelthen berre for vanskeleg å la vere. Me culpa. Tilgje meg?

søndag 19. april 2009

"This is counter culture"

Eg ser for meg at det gjerne er fordi sola skinn så sterk no om dagen, og somarkjensla verkeleg har satt seg i kroppen, men oftare og oftare skrur eg av den melankolske, åndelege og akkustiske musikken eg vanlegvis høyrer på. I staden for sett eg på litt meir tyngre saker, med meir rytme og feststemning i seg. For all del, det eg høyrer på av pønkete industriell rock er vel kanskje ikkje så lystig det heller, men eg får langt meir lyst til å hoppe rundt i leiligheta av det. Eg kan skulde på somaren, eller eg kan skulde på at å tenkje på Nina Karin Monsen har gjort meg lit aggressiv, og at eg eigentleg drøymer om å tråkke henne ned i støvet.

Uavhengig av årsak, så er faktum at eg no sitt her og rocker til gamle favorittlåter frå band som Das Ich;

Front242;

Cobalt 60;

(Ein kan jo aldri få nok av Wing Commander, og ja dette er den offisielle videoen for låta og spelet)
og, ikkje minst, KMFDM;

Dette folkens, er den der motkulturen du har lest om i historiebøkene.

laurdag 18. april 2009

The Matter of Britain

Behind lowered eyes, her women
translate the minstrel's code. It was
no simpering seduction, modest
between maiden sheets. Hard-nippled,
damp in the crutch and hot
for satisfaction, Astolat's tart
undresses, aching to haul
buck Lancelot between her knees.
They know the unspoken dimensions
of tale and truth, the acreage
of chivalry's cool whispering and
the eavesdropped hasping behind
knight-errantry's curtain. She comes
shameless and panting to him.
They know the squeal necesseties
of flesh, the sorceries of lust,
that courtly gestures in a tale's romance,
disguise the buffet of arses,
the truth and smells of beds,
with a lie's lacquer and confection's
panoplies to costume a shag.
Keith Howden, The Matter of Britain: Elaine.

Eg mottok i dag ei signert utgåve av The Matter of Britain, den tredje boka utgjeven av Post Romantic Empire. The Matter of Britain er i all hovudsak eit produkt av Keith Howden, og samlar ei rekkje av hans dikt, og tilhøyrande grafisk kunst, med utgangspunkt i britisk kulturarv. Hovuddelen, som har samne namn som boka, er ein serie dikt basert på historiene om Arthur og Riddarane av det runde bord, som på fleire vis er å rekne som sjølve den britiske mytologien, med sine mange ulike variantar og sterke moralske lærdomar. Den andre delen av boka er Witchwords, ei handfull dikt om britiske hekser, med hovudvekt på heksene i Lancashire på 1600-talet. Den tredje delen er the Sound of Britain som er ein CD med Keith Howden som les dikta frå boka, med musikk komponert og spelt av hans son Matt Howden.

Matt Howden er ein eg har vore innom ved eit par høve tidlegare, og ein av mine favorittmusikarar og generelt sett ein grepa kar. Hans utruleg stemningsfulle fiolinspel skapar ein magisk, og nær mytisk tåke som farens ord leiar deg gjennom. Dette prosjektet har vore under oppsegling i fleire år no, og det skuffar verkeleg ikkje. Eg har berre høyrd på det i eit par timar no, og har soleis ikkje komen meg så langt at eg kan skrive ei fullstendig omtale, men eg kan anbefale denne til alle som er glad i lyrikk og god musikk. Den er utgjeven i 500 eksemplar, og kan skaffast frå mellom anna Matt Howden si heimeside.

Diktet eg har valt å framheve i dette innleggjet er Elaine, frå The Matter of Britain, som ikkje berre utmerker seg som fresk og feidig, men som eg tykkjer godt illustrerar den særs ærlege og seksuelle sida av Arthuriansk mytologi. Den fungerar òg veldig bra i dag, som ei påminning om at skandalar i politiske kretser alltid har funnen stad, og alltid vil. Det er ikkje berre ein del av det politiske spelet, men ein del av den menneskelege natur. Vi er pinadø ganske skandaløse og freidige vesen når ein tenkjer etter.

fredag 17. april 2009

Hello Hotell!

Etter alt dette styret med Nina Karin Monsen, det frådande utysket og den ufortente prisen, så skulle det vere greit å kome seg vekk litt. Eg kunne tenkt meg å reise til ein eller annan eksotisk stad, og sjekke inn på eit hotellrom og kvile litt. Men det må vere rett hotellrom. Eit hotellrom som oppmodar til å slappe av. Eit hotellrom med den rette stemning. Den rette dekoren. Eg tenkjer det må vere dette hotellrommet her:

Var det ikkje fint? Og det er faktisk ikkje det einaste - tru det eller ei. Kva tid reiser vi?

torsdag 16. april 2009

Gje meg ordet!

I dag vart det kjend at rikssynsar Nina Karin Monsen får Fritt Ord prisen for, må ein anta, å vrøvle usamanhengjande og slenge drit om lesbiske og homofile i ei rekkje kronikker. Eg har tidlegare forhøyrd meg med pressa om korvidt dei hadde vore villig til å forsvare henne mot henne sjølv. Det fall på steingrunn gitt, medan hennar karriere har blomstra til ein pris som visstnok skal gå til dei som uredd bidrar til samfunnsdebatten.

Her må vi ha ein ting klart for oss, og beklager om eg er seriøs eit sekund eller to, men Nina Karin Monsen bidrar ikkje til samfunnsdebatten. Ho torpederar den. Ho debatterar ikkje, ho konstanterar. Uavhengig av logikk eller rasjonalitet. Ho er simpelthen rablande gal.

For all del gje Fritt Ord prisen til ei dame som etter alt å døme skriv sine kronikkar med aluminiumsfolie pakka rundt hovudet og seigemenn i nasa. Vi snakkar om ei dame som vel å oversjå all fornuftig tanke for å tvinge sine hårreisande, reaksjonære poeng i gjennom. Vi snakker om ei kvinne som fekk underkjendt si doktorgradsavhandling. Ei dame som må bytte ut tastaturet minst ein gong i veka fordi det er øydelagd av fuktig fråd.

For å oppsumere, hadde Nina Karin Monsen vore ei merr hadde vi skutt henne for lenge sidan. Hadde ho vore ei tispe hadde ho vore avliva for sitt eiga beste. Hadde ho vore ei ku, hadde vi måtte brent heile stallen, med kyrna. Ho er årsaka til at det finnes karanteneordningar.

Om du treng gode døme på det, så har andre oppsumert det.

Eg vil berre ha det på papiret, at no når ho har fått Fritt Ord prisen har stiftinga sunke litt i aksjekurs her i garden. Dette er det vi kallar ein god gamaldags skandale.

Men aldri så vondt, at det ikkje er godt for noko. No er lista lagt for framtidige prisutdelingar, og eg vil gjerne fremje mitt kandidatur for neste år. Eg vil gjerne skryte på meg eit talent for å avspore ein kvar debatt, og å ha upopulære meiningar som eg meiner skal forsvarast av ytringsfridomen. Eg kan gjerne dele prisen med andre gode kandidatar, som Tore W. Tvedt, Jan Thomas, Steinar Lem og, ikkje minst, Ludvig Nessa. For all del David Irving truer jo med å ta turen til Noreg, kan vi nominere han? Alle desse er betre i stand til å sette saman eit logisk resonnement enn den såkalla filosofen: Nina Karin Monsen.

Are we the baddies? Del 2

Attende i 2006 kommenterte eg ein av mine favorittsketsjar, "Are we the baddies?", frå That Mitchell & Webb Look. Når eg no la denne ut i arkivet kom eg òg over ein nyare versjon av den same sketsjen, framført på the Secret Policeman's Ball i fjor. Den er lengre, og dveler ein del ved andre poeng. Du får sjølv bestemme vilken du foretrekk.

Eg meiner framleis det er snakk om eit ontologisk sjokk.

onsdag 15. april 2009

Kjell Inge og Jens: Samlivsbrotet

Han står åleine att no, Jens, som ei forsmådd kvinne. Bitter og sur. Alle avisene dekker saka i detalj, og vi får inngåande kjenskap i alt som svikta i forholdet deira. Forholdet vi alle trudde var det perfekte forhold. Vi trudde at om nokon ville klare det, så var det dei. Smilande. Hand i hand. I kjærleg økonomisk og politisk partnarskap. Dei var det perfekte par, haldt fram av pressa og venar som eit førebilete for oss alle. Og på same vis held no pressa dei fram når det raknar. Det er typisk, er det ikkje? Dei fråtsar alltid i eit samlivsbrot. Eg tykkjer derimot at dette ikkje er noko å la seg underhalde av.

Berre sjå på han. Den einsame sjela. Jens. Åleine att i rampelyset. Han prøver å meistre det så godt han kan. Først med passiv aggresjon - the silent treatment, og så med tøffare tak - ja, full krig til og med i følgje veneflokken hans. Han var lukkeleg ein gong, hand i hand med sin store kjærleik. Han stolte blindt på Kjell Inge. Og Kjell Inge kviskra han søte ord i øyra, gong på gong. Det var sann kjærleik fortalde han. Han ville aldri svikte.

Men svikte gjorde han. Han gjekk bak Jens sin rygg. Han braut tilliten. Og så sitt han der, med sine gutevener, og skryt av det. Med eit hånleg flir fortel han sine kompisar Jens sine mest intime løyndomar. Om hans erogene soner - ja, under kneet, veit du, og rett bak øyret. Dei slukar det. Dei ler rått når Kjell Inge imiterar Jens sine lave stønn frå elskovsakten, hans klynk og jammer.

Eg forstår godt at Jens reagerar som han gjer. Han er forsmådd. Forrådt på det verste vis.

Men eg tar meg sjølv i å lure, der eg ser på Kjell Inge og hans kompisar, om han ikkje berre tøffar seg litt? Meinte han verkeleg å såre sin kjære? Prøver han no berre å redde andlet, å framstå som sterk for sine kumpanar. På innsida gret kanskje Kjell Inge òg. For kjærleiken er over. Det perfekte par er ikkje lenger, og deira samlivsbrot er bretta ut på framsidene av sladderpressa i Akergata.

Å klippe plenen

Eg er ein enkel mann, ein saktmodig mulla som ikkje alltid vil forstå alt det vulgære og verdslege som foregår rundt meg. For all del, ein kan jo gjerne prøve å forklare meg problemet med denne søte videoen her då:

Slik som det er no, så vil eg insistere på at det berre er ein søt song og artig scenografi.

(Via Dailystab)

tysdag 14. april 2009

Fans av Herr Holm og Mad Mullah på Facebook

Eit kvart ikon verd sitt salt har ei fanside eller to på Facebook i disse dagar, og ein kan jo difor lure kraftig på kvifor din lokale mulla ikkje har skaffa seg ein slik enno. Det er sjølvsagt smakfull blygsel som er årsaka. Difor var det ei ung jente med namn Stokkefot (som vert 20 år på fredag, stor jente) tok affære og ville opprette ei slik side. Ho tok nemleg og oppretta ei fanside for meg, eller rettere sagt for mannen som hevdar å stå bak meg, eventuelt mannen eg hevder å stå bak. Eg vert litt usikker på nøyaktig kva rekkjefølgjet er i ny og ne. Resultatet er uansett ei fanside på Facebook der du kan gje meg din fulle, sjelebindande støtte. På tru og ære, og alt det der.

Det var likevel ikkje alle som fryda seg; min gode venn Den Unge Herr Holm, som er ein av Noregs mest talentfulle kunstnarar, følte seg ein smule forbigått. Noko han gav ettertrykkeleg beskjed om i eit blogginnlegg. Her får ikkje berre eg, men heile verda så øyra flagrar, og etter å ha lest det eit par gonger forstod eg kjapt kva som måtte gjerast. Heldigvis var Eira komen på same tanken, og slik vart altså ei fanside for Den Unge Herr Holm fødd. Og eg vil sjølvsagt anbefale alle mine lesarar om å gjere seg kjend med Herr Holm og hans kunst, og så melde seg inn i fangruppa hans. Om du les Nemi så har du garantert sett hans strek eit par stader der. Andre gode grunner til å registrere deg som fan, finn du hjå Eira.

Det er sjølvsagt etter du har erklært deg som min fan først. Kva ventar du på? Dette er alt du får av meg i dag.

måndag 13. april 2009

Trend: Teabagging

Det var dei som venta store endringar då Obama og Demokratane tok det Kvite Hus frå Republikanarane. Dei har diverre hatt lite å glede seg over, for den store revolusjonen har uteblitt. Meir diskrè endringar har derimot funne stad, særleg i den nye opposisjonsleiren der ein freistar å finne nye vis å vinne attende makta. Og om enn diskrè, så er desse endringane både store og banebrytande. Den eine konservative etter den andre tar no bladet frå munnen, og gjev uttrykk for ei vidspreidd interesse for såkalla teabagging, og sterk tru på at ein organisert, offentleg teabagging-kampanje vil tryggje deira sosiale og økonomiske politikk i framtida.
(Via Martin Grüner Larsen, via Huffington Post)

Om du er usikker på kvifor dei har vanskar med å halde seg alvorleg, så kan du lese om kva teabagging er, her. Diverre trur eg ikkje at den republikanske opposisjonens kampanje vil kunne hjelpe allereie skuffa Obama-tilhengjarar. Etter valet har dei i stor grad blitt kasta til side som brukt kleenex, og vandrar mållaust gatelangs - ingen revolusjon i vente, berer 'business as usual'. Det er dei som meiner at dei store mengdene Obama-tilhengjarar kan representere ei større sosial og helsemessig krise enn det Vietnamkrigsveteranane ein gong var;

søndag 12. april 2009

Woody Harrelson 1 - Zombie 0

Vi vil gjerne be folk om ein liten applaus, ein velfortent og høglytt trampeklapp, for Woody Harrelson som har slått eit slag for alle levande menneske. CNN kan rapportere at han overfalt ein mann med eit kamera som fulgte etter han på flyplassen. Framleis gira etter innspelinga av hans nye film Zombieland, attkjende Woody med ein gong mannen for det han var: ikkje noko så harmlaust som ein papparazzo, nei, men ein blodtørstig, hjerneetande zombie på jakt etter det saftige innhaldet i den vidkjende skodespelaren sitt kranium.

Etter å ha prøvd å snakke fornuft til liket, måtte Woody Harrelson gjere det han måtte for å forsvare seg sjølv og son sin som òg var med han på flyplassen. Dette er andre gong han har vore nøydd å forsvare seg mot kamerafolk, men det er uvisst om første mann òg var ein av dei levande døde.

Det heile er eit skrekkeleg døme på korleis vi i disse terrordagar framleis er overlatt til oss sjølv på flyplassar verda over. Rekkje på rekkje av tryggleikstiltak viser seg å vere reine illusjonar, og vi er ikkje ein gong fri frå levande døde på flyplassar. Og la oss vere heilt klinkande klare: Zombieaktivitetar er terrorisme, i enno større grad enn Al Qaeda og anna slikt tullball. Zombiar er ein reell trugsel som må handterast no. Har ikkje våre politikarar sett film, kanskje? Eller lest World War Z? Eller spelt Resident Evil? Terrorisme seier eg! BioTerrorisme på sitt verste.

Takk og pris for at vi har Woody Harrelson som kan forsvare oss. Eg trur vi skal vere takksame for at han er edru for tida, for om han framleis var på narkotika kunne han kanskje ikkje ha forsvart oss frå zombieåtaka!

laurdag 11. april 2009

Forbrukarmakt

I den frie marknaden forventast det at vi stemmer med lommeboka. Diverre er det så altfor lett å verte lurt òg her, og det er her dei ulike forbrukaromboda og media skal spele ei viktig rolle med å informere kundar og å leggje press på produsentar og salsfolk for at ein får det ein skal ha. Det er ikkje alltid det funkar, men av og til får ein solskinnshistorier som denne:

Det er berre å minne folk på at har du betalt for eit brutalt og umenneskeleg drapsvåpen, så skal du pinadø kunne vente å sjå dine fiendar (og evt. familie) pulverisert!

fredag 10. april 2009

Søkjande menneske...

Det er mykje einsemd i dette landet, og i resten av verda. Internett er full av sider som lover ein sann kjærleik og vennskap om ein berre registrerar seg, og avisene har framleis sin del med kontaktannonsar. Dassveggar vert framleis flittig brukt. Det virkar nesten som om folk er desperate etter å nå ut til andre, at dei vil gjere kva som helst for å klare det. Berre ta mine naboar. Mine naboar har òg sine behov. Dei søkjer nærleik nett som alle andre, dei vil ha intimitet... dei berre søkjar det på litt utradisjonelt vis. Som denne lappen eg fann ved ytterdøra her forleden;
Det er framleis usikkert om han fekk noko svar, men lappen vart tatt ned etterkvart. Så dukka det opp, skriven i blyant i eine heisen i byggjet her følgjande annonse;
Litt vanskeleg å lese på dette biletet, men dette er altså ein mann på 30+ på 180 cmsom søkjer ein ung, sexy og villig jente for billig sextreff. Eller noko slikt. Eg uroar meg litt for at det kan vere same mannen, og at han ikkje fekk napp på sitt første forsøk på å få kontakt med ei ung jente.

Særleg urovekkande er det sidan dette er eit tidlegare horehus. Det skulle vel ikkje vere noko problem, om ein verkeleg vil? Verda er full av søkjande menneske, men mine naboar er kjend for å ta seg av dei.

Påskehelsing 2009


God påske!

torsdag 9. april 2009

Stemningsbilete: 9. april 1940

Det er årsdag for det tyske inntoget i Noreg i 1940 i dag, og det er jo både rett og rimeleg å kommentere - om enn litt uoriginalt. Ein kan seie mykje rart om Noregs forsvar på denne dagen, om kor ille førebudd vi var, og kor villige vi var til å ta i mot det uventa besøket frå det Tredje Riket. Folk har ein tendens til å føle eit viss ubehag når viar dette merksemd, men det er jo ganske framme i dagen, så det burde ikkje vere særeg kontroversielt.

NRK har gjort ein fabelaktig jobb med å dokumentere dagen på sine nettsider, både med program om hendingane, samt arkivopptak frå radioen, frå Quisling sine tidlege proklamasjonar og utover. Her er det mykje fint å finne, men om du verkeleg vil ha ein smak på mediekvardagen under nasjonalsosialismen i Noreg må ein neste vente ei lita stund til støvet hadde lagt seg. Som til opptaket frå Hirdmønstringa på Universitetsplassen i 1941.

Bon apetite, og ha ein framleis fin kveld.

onsdag 8. april 2009

Å smiske med ungdommen

Då illsinte og illeluktande nerdar marsjerte i gatene i Hamar i fjor og protesterte mot momsen fekk landets kultur- og politikktryner auga opp for ein ny særinteresse. Ikkje at dei forstår heilt kva som foregår på slike forsamlingar eller kven som er der. Det viktigaste er at dei veit at her er ein potensielt viktig pressgruppe. Ungdommer. Og ungdommer er ikkje berre hippe, men dei er ein sentral kjelde for framtidige stemmer.

På tide å smiske litt. Og smiske gjer dei. Kristin Halvorsen, på sitt kontor, gjer sitt beste for å følgje med i tida og satsar på dramatisk klipping for å formidle smisket sitt:


Smiske... det rimer med Giske, gjer det ikkje? Og trønderen er på plass, og skviser gliset sitt utover kameraet så godt han kan. Han vil kome nææææær ungdommen.

Er det berre eg som får litt frysningar her? Det heile vert snøgt erstatta av forundring. For kva i huleste er det Harald Zwart vil?!

Og seriøst, Harald... Karate Kid?! Eg hadde tenkt å nemne dette for deg, men du har vel ikkje problem med å skaffe godt betalt arbeid, vel? Du veit det der er ein dårleg idè? Eg er litt bekymra for deg. Kanskje kutte ned på narkotikaen, for du skreiv vel ikkje under den kontrakta i edru tilstand?

Close Range, eit kunstverk

Tykkjer du det er lenge å vente på Max Payne 3? Slapp av. Close Range transporterar deg til ei verd der du skyt ein endelaus straum av menneske i andletet. Ekte kunst, med hardkokt dialog og mange stiliserte gråsoner. Kick ass!

Spelet kan du spele, heilt gratis, her.

tysdag 7. april 2009

Breaking Wind Video

Denne helga såg Breaking Wind videoen dagens lys. Du har ikkje høyrd om? Synd. Breaking Wind er ein låt av Uncle Rainbow, aka Alexander Haugland ein ung og lovande elektronisk musikar som har det med å snike meg brente CDar. Til stor glede for meg. Videoen er laga av Karina Presttun, ein fliktig skribent og kunststudent som eg har kjend i fleire år, og som bidrar med design til Absalongs vidunderlege plakatar. Med seg har ho Julia Bergesen, ei ung og lovende danserinne som eg har snubla over gjentatte gonger på fest. Ein verkeleg sjarmerande og talentfull trio med andre ord, og resultatet er absolutt verd å sjå minst to gonger. Så utan meir dill og dall, her er Breaking Wind:

måndag 6. april 2009

Mira Craig 2012

Mira craig er farleg, det veit vi. Og ho er i Pandamoniums teneste, det veit vi òg. Men ho er heller ikkje særleg smart, la oss innrømme det. Ho er lettlurt og naiv, som pandaagentar flest. Dette må vi kunne utnytte.

Mira Craig vert til stadig overvelda av den merksemda pressa gjev henne, noko som får henne til å røpe meir enn ho burde. Som si klokkefaste tru på "the Secret", som i følgje henne er basert på "kvantum fissiks liksom", men som like gjerne er basert på ein hjernesvulst.

Hennar siste utspel er nøkkelen vi lenge har venta på. Nøkkelen til å forstå Pandamoniums plan. Til pressa fortel den villfarne jenta at ho utelukkar ikkje dommedag i 2012 i henhald med Maya kalendaren. I det minste forventar ho ei stor endring.

Vi kan sjølvsagt avvise dette som nok eit utspel frå eit menneske som har vist seg å vere intellektuelt utfordra. Det er jo ikkje akkurat lett å ta den slags seriøst, men kanskje ligg det meir bak? Kanskje dette er eit forvridd resultat av hennar hjernevasking? Kanskje det faktisk er snakk om at ho umedvite veit at 2012 er ein viktig måldato for Pandamonium? Ho seier jo at det ikkje nødvendigvis er dommedag, men ei stor omvelting som vil inntreffe.

Kameratar, takka vere det neket har vi no ein dato å forhalde oss til: 2012. Vi må gjere alt for å vere klare til då. Bygg bunkers. Kjøp hermetikk. Skaff våpen!

Vi må kjempe med nebb og klør mot Pandamonium når dei slår til i 2012.

Eg lurar på om vi burde kidnappe Mira Craig og få henne til å lekke meir. Vi kan forfalske ein pressekonferanse, ho ser ut til å seie kva som helst om det er ein mikrofon og eit kamera i nærleiken...

søndag 5. april 2009

Audiens med rabbi i kveld

Ein heldig jøde trumfar alt.

Eg hadde eigentleg planar om å skrive eit par velvalte ord om Mira Craig i kveld, men det heile må vente til i morgon. For i kveld har vi audiens med Whisky Rabbien sjølv, Geoff Berner. Berner er ein musikar som ikkje burde vere ukjend for mine lesarar. Med sitt trekkspel og livlege fantasi produserar han ein særeigen kletzmerlyd, og låter som Maginot Line, The Dead Children Were Worth it, Whiskey Rabbi og We All Got To Be Prostitutes Sometimes. Han har eit særleg nært forhold til Noreg og turnerar her jamnleg for fullpakka hus. Mykje fordi han står Kaiser's Orchestra nær, då han var blant dei som oppdaga dei. Han er ofte å finne som oppvarmingsartist på deira konsertar.

Og oppvarmingsartist er noko han dugar veldig godt til. Hans sceneshow kombinerar fabelaktig musikk med morosame tekster med forfylla tekster. Noko vi fekk erfare på Absalong i fjor då han varma opp for eit foredrag om satanisme, berre han og eit trekkspel.

I kveld speler han på Logen, Bergen klokka 9. Og då er det berre å oppmode alle til å vere der. Eg må kaste meg rundt, for eg har lova han middag etter lydsjekken. I mellomtida kan alle nyte hans beste låt; Whiskey Rabbi. Ei låt som står mitt hjarte nær.

laurdag 4. april 2009

Fridom!

Eg er fri!

Tru det eller ei, men eg er fri! Eg har komen meg fri frå Pandamonium sine faste klør! Det var ikkje lett, men eg klarte det.

Innelåst på cella mi hadde eg berre få verkty tilgjengeleg til å igangsette flukta. Førre gong hadde eg nytta meg av vindauget, men i den nye cella var dette sperret av. Og eg gjekk ut i frå at det ikkje ville vere så lett å gjenta ei slik rute. Difor såg eg meg rundt etter nye alternativ.

Eg knuste eit glas, og gjorde den største biten om til ein improvisert kniv, festa til enden av tannkosten dei hadde utstyrt badet med. Så reiv eg ned dusjforhenget og bandt det rundt livet. Cella var utstyrt med Koranen såvel som Bibelen, så den tok eg òg med meg.

Dette var alt eg trengte.

Ved hjelp av glaskniven min kunne eg skru opp ventilasjonsanlegget, og med all min spenst og smidighet kunne eg kaste meg inn i det og kravle avgarde. Det var trangt og mørkt, men eg var som ein slange, og kunne slik passere forbi vaktane utanfor rommet mitt. Eg kom til eit rom, eit baderom, der eg kunne kome meg ut. I naborommet var det ein agent for Pandamonium. Såg ut som kven som helst, men eg la med ein gong merke til WWF-merket på jakka hans, så før han fekk varsla nokon stakk eg han i halsen med min heimelaga kniv. Vi var beggje dekka av blod då kroppen hans endeleg kollapsa, framleis rystande på golvet, med eit blankt blikk mot taket. Eg sparka liket under senga, og kasta dusjforhenget rundt meg, og gjekk og reiv ned hans. Dusjforhenget frå baderommet til pandaagenten surra eg så rundt hovudet som ein tradisjonell turban. Koranen tok eg under armen og gjekk forsiktig ut av rommet. Med blomstrete kjortel og turban, og ei heilag bok i hendene, kunne eg gå forbi pandavaktane ved trappenedgangen og kome meg trygt ut av bygget. Vel vitande om at alarmen snart ville bli slått, så kunne eg ikkje byrje på heimreisen med ein gong. Natt til i dag gøymde eg meg difor i Trefaldighetskyrkan i Karlskrona, og kjend som Tyska Kyrkan.

Heile gårsdagen og natta leitte dei i heile Karlskrona etter meg. Dei sjekka kvar ein buss, kvar ein bil og alle togvognene, men når morgonen kom var dei slitne. Og eg kunne snike meg om bord på toget til København, for der å slenge meg på eit fly heim til Bergen.

Og først heime i Noreg forstod eg kvifor det var så viktig å få meg ut av landet. Dei ville hindre meg i å anbefale folk i å lese eit viktig dokument forfatta av min gode venn Den Unge Herr Holm, for han har klart å snike ein tekst om H.P. Lovecraft gjennom sensuren hjå Egmont. Denne teikneserieartikkelen er no på trykk i det ferske nummeret av Nemi. Om du ikkje har kjøpt det enno, så veit du kva du har å gjere. Løp og kjøp, før Pandamonium har sport opp alle eksemplara.

Om vi har lært noko av dette, så må det vere at Pandamonium ikkje er til å spøke med, og at dei tar sitt prosjekt alvorleg. Fridomskjemparar som meg står alltid i fare for å verte drept eller kidnappa av deira agentar, men vi held fram kampen, for det viktigare ting på spel enn berre mitt liv.

Og det er godt å sjå at kampen lukkast. Så snart eg har komen heim har eit av Pandamoniums komplott kollapsa. Noregs rykte har blitt redda.

Kampen held fram kameratar. Fatt mot. Sanningas røst er ei knebla!

torsdag 2. april 2009

Dei les!

Kven i helvete skulle tru det?! Dei svart-kvite jævlane les! Eller ein av deira villige slavar gjer det! Og dei les denne bloggen min.

Det må dei ha gjort, for det virka som om dei visste nøyaktig kva eg hadde planlagd. Eg fira meg ned frå cellevindauget som planlagd, men då eg skulle distrahere vakta viste det seg at det fleire pandaer hadde stått på lur. Og nokon må ha fortald dei at dei ikkje kan fordøye bambusskot, for dei lot seg verken distrahere eller bestikke med den vidunderlege maten (er det som grønsak å rekne?).

Før eg visste ordet av det var eg omringa av store hårete beist med sløve blikk, som skritt for skritt trengte seg på meg. Eg kunne sjå mitt eige speglbilete i auga deira i det knyttnevene til pandakommandoane traff meg - ein etter ein.

Det gjorde vondt folkens. Verkeleg. Men eg beit tenna saman, og sank inn i mørkret. Eg vakna på ny i ei celle. Veit ikkje kvar eg er hen no... men eg må berre gjere eit nytt forsøk. Merk mine ord pandajævlar; eg lar meg ikkje knekkje!

Og om du lurar på kvifor eg veit at det var Karlskrona eg vart tatt til. Alle attkjenner vel fasaden til Tempelridarordenens Hermeslosje, og veit at den ligg i Karlskrona, Sverige?
Her ligg den altså... omringa av forretningar, og med selskap av byens fasjonable nattklubbar på andre sida av gata. Eit teikn på at Pandamonium skviser ut brødrene i Ordenens innflyting i Karlskrona. Vi må berre krysse fingrane, og satse alt på vonet at ein dag vil Karlskrona verte fri att. Ein dag vil vi alle verte fri!

onsdag 1. april 2009

Fluktplan

Eg har vridd hovudet lang og lenge får å kome på ein rømningsplan. Eg kan ikkje drøye det så mykje lenger, eg må kome meg av garde i morgon. Det hjelp ikkje at det ikkje akkuratt tikkar inn enormt mange gode forslag frå lesarane her.

Om de har betre forslag til korleis eg kan sleppe unna Pandamonium, så kom med dei. Om ikkje må eg satse på den planen eg har.

I morgon, ved vaktskiftet vil eg bruke ein kleshenger til å tvinge opp vindauget på cella dei har plassert meg på. Eg kan sjå ut her, og eg trur eg skal kunne fire meg ned og eg festar skjegget i vinduskarmen, det skulle vere akkurat langt nok. Om du lurar på korleis eg kjem meg laus etterpå, så er jo svaret enkelt: kroppskontroll.

Når den lille bragden er utførd attstår det å distrahere ein av pandavaktene som heng rundt utanfor med å kaste bambusskot (det einaste dei gjev meg av mat), inn i nokre buskar like ved. Medan han et det, så kan eg snike meg forbi, og kome meg til næraste togstasjon. Toget her går til flyplassen i København. Derifrå burde det vere ei enkel sak å kome seg til Noreg. Medmindre konduktør eller flyvertinne er pandaer eller villige slavar.

Kom med betre alternativ eller ønsk meg lukke til. Det skjer i morgon.