tysdag 28. april 2009

Årets pandemi (Du risikerar livet!)

Du risikerar livet!

Berre det å lese dette utset deg for fare. Mitt liv er på spel, og det er ditt òg. Dei veit kvar dei finn meg no, og eg vil ikkje ta unødige sjanser. Etter dei kidnappa meg bestemte eg meg for å liggje lågt i terrenget, eg har ikkje gjett opp, for all del, men eg har innsett at eg må vere varsam med korleis eg trør.

Så eg hadde ikkje tenkt å seie noko, eg hadde tenk å halde meg i ro, og la mine agentar ta seg av det, men krava frå grasrota var altfor klåre til at eg kunne overhøyre dei. Eg måtte på banen att.

For vi har all grunn til å vere urolege. Svineinfluensaen er her. Ein pandemi av enorme dimensjonar er på oss att, spreidd av skitne svin. Griser, ikkje mexicanarar altså, eg likar mexicanarar. Ein sjukdom som slår til kvar som helst, kva tid som helst, ingen er tryggje (utanom dei med godt imunforsvar og generelt god helse) og i følgje avisene vil den i det miste slå ut 1/4 av verdas befolking. 1/3 om vi er uheldige. Virkar dette kjend?!

Det er sjølvsagt Pandamonium som står bak! Hallo?! Det er typisk dei, er et ikkje? Det er akkurat så sjofelt som noko dei kunne ta seg til! Dei har lenge hatt planar om å utrydde minst 1/3 av oss, så kvifor ikkje la ein pandemi ta seg av det? Det passar dei late svina godt, tenkjer eg! Då kan dei berre sitte der på dei feite rævene sine og tyggje bambusskot medan vi døyr! Det ligg i sjølve ordet, deira varemerke: Pandemi! Det skulle vel ikkje heller vore stava Pandami?! Død ved panda! Det er den vanlege soga, dei tenkjer å utslette oss, utan å avsløyre seg sjølv.

Men vi er på sporet folkens, og vi har kokt opp den einaste sanne vaksina mot svineinfluensaen! Og vi presenterar den her for alle motstandsfolk og lojale tilhøyrarar i to enkle trinn!

1. Et sunt! Unngå svin, alkohol og mistenkjeleg mat.
2. Kle deg på eit vis som avvergar smitte. For kvinner innebærar dette skaut, medan menn bør unngå gull og silke (silkeslips er foreløpeg eit unntak, men om du kan unngå det så gjer det).

Om du gjer dette skulle du halde deg trygg...

Eller vent litt. AHA! Gløym det! Ingen grunn til panikk!

Eg har innsett kva dei held på med. Det er jo så soleklart! Dei vil at vi skal gjere dette! Dei vil vi skal gje oss til kjenne ved å kle oss korrekt og ete halal! Dei vil avsløre våre tropper!

Men det vil vi ikkje tillate! Høyr her kameratar! Dei kan umogleg ha perfeksjonert den komande pesten allereie! Dette er ein todelt plan! For det første vil dei avsløre motstandsmenn ved å få oss til å leve sunt i full offentlighet. For det andre vil dei redusere truverda til slike skumle overskrifter, slik at når dei faktisk slepp laus pesten så er det ingen som trur på dei! HA!

Men det er lett å avsløre, media er tross alt i hendene på Pandamonium, så sjølvsagt var dette eit dobbeltspel.

Vår kløkt og snartenkthet har redda oss nok ein gong. Det finnes ingen svineinfluensa. Berre dårlege salstal i dagspressa.
Spre ordet, gjer motstand! Til siste mann vil vi kjempe mot dei late svina! Død over pandaene!

10 kommentarer:

  1. Hehe.. Så vi kan bare ta det med ro ja? Var det ikke det jeg viste.

    Morsomt innlegg. :D

    SvarSlett
  2. På den annen side kan det jo være nettop DET de vil, altså at vi skal ta det med ro?

    SvarSlett
  3. Mye fornuftig her, men sleivsparket mot pandaene, _det_ kunne du spart deg!! La oss beholde sinnsroen.

    SvarSlett
  4. Anders: Vi kan aldri ta det med ro når pandaer er involvert! Ver alltid på vakt, menneskeheten står i fare for total utrydding ved deira poter!

    Svein: Eg veit! Dei er så utspekulerte at eg vert svimmel kvar gong eg prøver å forstå kva dei held på med!

    Bjørn: Pandaen er kimen til alt! Pandamonium er ein reell trugsel som eg har brukt fleire år på å avdekkje. Eg skal leggje fleire av dei gamle avsløringane inn i arkivet når eg får tid, så får du sjå!

    Til barrikadane, kameratar!

    SvarSlett
  5. Jeg trodde virkelig vi hadde kommet lenger enn dette i 2009. Pandaen har slitt med fordommer gjennom årtusener, og det er trist å se de fortsatt lever i beste velgående. Vet du hvor mange mennesker som ble spist levende av pandaer i sataniske seremonier i 2008? Kun 8. Dette er riktignok fremdeles alt for mye, men langt mindre enn tidligere år, noe som tyder på at det er på tide å oppdatere fordommene mange har mot pandaer.

    SvarSlett
  6. Jeg lover å ikke undervurdere pandaene i framtiden.
    nå får jeg vel hjem å slipe ljåen.

    SvarSlett
  7. eg vil seie kva PANDA egentleg mener:

    swahili: 'klatre', ikkje klatre på meg!!
    det kan også mene: den som 'sår', får.

    men stortsett hører eg mest på mullah, 'stay away from those swines' lol
    mullah 1 - 'de der' 0

    cigaal

    SvarSlett
  8. Bjørn: Det er ikkje snakk om fordommar, det er snakk om å forsvare seg mot deira komande terrorvelde over menneskeheten. Dette er veldokumentert, eg kan sende det til deg om nødvendig.

    Anders: Bra for deg.

    Cigaal: Det er godt å vete at eg har deg med meg i dette.

    SvarSlett
  9. Jeg har ennå ikke sett _noe_ dokumentasjon på den Store Verdensomspennende Pandatrusselen som oppfyller grunnleggende krav til etterprøvbarhet og saklighet. Ofte dreier det seg om rent anekdotiske bevis: Én panda ytrer et brennende hat mot menneskeheten, og plutselig er liksom _alle_ pandaer anti-menneskelige fanatikere.

    SvarSlett
  10. Eg skal ta det på mi eiga kappe at du ikkje har dokumentasjonen du treng, Bjørn, men det har seg slik at Panda-agenten Lexidh fjerna min gamle blogg, og eg har ikkje fått overført alt til arkivet enno.

    Men eg skal snart få gjort det, og det vil verte varsla.

    SvarSlett