søndag 5. april 2009

Audiens med rabbi i kveld

Ein heldig jøde trumfar alt.

Eg hadde eigentleg planar om å skrive eit par velvalte ord om Mira Craig i kveld, men det heile må vente til i morgon. For i kveld har vi audiens med Whisky Rabbien sjølv, Geoff Berner. Berner er ein musikar som ikkje burde vere ukjend for mine lesarar. Med sitt trekkspel og livlege fantasi produserar han ein særeigen kletzmerlyd, og låter som Maginot Line, The Dead Children Were Worth it, Whiskey Rabbi og We All Got To Be Prostitutes Sometimes. Han har eit særleg nært forhold til Noreg og turnerar her jamnleg for fullpakka hus. Mykje fordi han står Kaiser's Orchestra nær, då han var blant dei som oppdaga dei. Han er ofte å finne som oppvarmingsartist på deira konsertar.

Og oppvarmingsartist er noko han dugar veldig godt til. Hans sceneshow kombinerar fabelaktig musikk med morosame tekster med forfylla tekster. Noko vi fekk erfare på Absalong i fjor då han varma opp for eit foredrag om satanisme, berre han og eit trekkspel.

I kveld speler han på Logen, Bergen klokka 9. Og då er det berre å oppmode alle til å vere der. Eg må kaste meg rundt, for eg har lova han middag etter lydsjekken. I mellomtida kan alle nyte hans beste låt; Whiskey Rabbi. Ei låt som står mitt hjarte nær.

4 kommentarer:

  1. Kan du be han om å spele på eit meir kurrant og tilgjengeleg tidspunkt ved neste anledning?

    Koste meg med minikonserten på Absalong, men vil gjerne ha meir.

    SvarSlett
  2. Det er gjort. Ein bra middag med god diskusjonar og fin konsert, så klart planar vart lagt.

    Sjå fram til november du.

    SvarSlett