torsdag 2. april 2009

Dei les!

Kven i helvete skulle tru det?! Dei svart-kvite jævlane les! Eller ein av deira villige slavar gjer det! Og dei les denne bloggen min.

Det må dei ha gjort, for det virka som om dei visste nøyaktig kva eg hadde planlagd. Eg fira meg ned frå cellevindauget som planlagd, men då eg skulle distrahere vakta viste det seg at det fleire pandaer hadde stått på lur. Og nokon må ha fortald dei at dei ikkje kan fordøye bambusskot, for dei lot seg verken distrahere eller bestikke med den vidunderlege maten (er det som grønsak å rekne?).

Før eg visste ordet av det var eg omringa av store hårete beist med sløve blikk, som skritt for skritt trengte seg på meg. Eg kunne sjå mitt eige speglbilete i auga deira i det knyttnevene til pandakommandoane traff meg - ein etter ein.

Det gjorde vondt folkens. Verkeleg. Men eg beit tenna saman, og sank inn i mørkret. Eg vakna på ny i ei celle. Veit ikkje kvar eg er hen no... men eg må berre gjere eit nytt forsøk. Merk mine ord pandajævlar; eg lar meg ikkje knekkje!

Og om du lurar på kvifor eg veit at det var Karlskrona eg vart tatt til. Alle attkjenner vel fasaden til Tempelridarordenens Hermeslosje, og veit at den ligg i Karlskrona, Sverige?
Her ligg den altså... omringa av forretningar, og med selskap av byens fasjonable nattklubbar på andre sida av gata. Eit teikn på at Pandamonium skviser ut brødrene i Ordenens innflyting i Karlskrona. Vi må berre krysse fingrane, og satse alt på vonet at ein dag vil Karlskrona verte fri att. Ein dag vil vi alle verte fri!

7 kommentarer:

  1. Dette hadde ikke skjedd om du hadde gjort som jeg sa og limt skjegget på hodet ditt, som jeg sa. Da ville ikke pandaene kjent deg igjen og du kunne trygt tattt deg tilbake til Norge med det samme. Hjelpes, enkelte vil bare ikke ha hjelp... Eller som det sies: Du kan lede et esel til vann...

    SvarSlett
  2. Jeg som ikke trodde pandaer kunne lese noe annet enn kinesisk! De må uten tvil ha fått hjelp av noen med intim kjennskap til den norske mediesfæren og i stand til å oversette for dem. Det kan ikke være noen andre enn...Sigurd Allern!

    SvarSlett
  3. Bøtteskalle: Om dei hadde lest her at eg skulle skamfere meg, så hadde dei vel vore klar over det då? Jommen sa eg smør. Med din plan hadde eg skamfert meg sjølv til ingen nytte!

    Snirkelsnorkel: Det er ganske grove beskuldningar du kjem mot Allern her. Har du prov? Gje oss eit handfast prov. I det minste ein fargerik analyse!

    SvarSlett
  4. Dersom pandaene kontrollerer både jøder og tempelriddere er det vel nærliggende at de også står bak kommunismen??? Allern er dessuten maoist - han har altså hatt rik anledning til å gjøre seg kjent med de bambusspisende beistene på hjemmebane! I dag sitter han som professor ved Institutt for Medier og Kommunikasjon - i ytringsfrihet! - der det i det siste har dukket opp mistenkelig mange tomme bokser bambusskudd i søppelbøttene.

    SvarSlett
  5. Kanskje pandaene kan forvirres hvis du sier du er taoist, ikke maoist. Det hele kan jo bygge på et så latterlig enkel misforståelse!
    (Ok: Jeg skal prøve å finne på noe bedre. Men det skader vel ikke å prøve?)

    SvarSlett
  6. Jeg har sett på de lenkene dine hastur, og jeg må nesten konkludere med at du lider av pandafobi. For det første tar ikke våre svart-hvite venner over verden, det er like sannsynlig som at en amerikaner har vært på månen (pssht..hvem prøver de å lure her?) og for det andre, hvis de tar over verden er det ikke så forferdelig. Pandaer er noen utrydningstruede dyr som vet å verdsette bærekraftig utvikling. Dessuten er de kinesiske. Så, for en utrydningstruet muslim, meg altså, som er glad i naturen og billige klær lagd av barnearbeidere, er pandabjørnenes herredømme midt i blinken.

    SvarSlett
  7. Snirkelsnorkel: Ein ting du bommer på. Tempelriddarordenen står IKKJE i ledtog med Pandamonium. Det kan eg love deg. Faktisk tar eg Illuminati framfor Pandamonium kva som helst dag.

    Svein: Maoisme og Taoisme er beggje deler skalkeskjul for Pandamonium, og difor ting eg held meg langt unna. Eg fordømmar jamnlet Pandamoniums Maoistiske arm inn i den norske folkesjela, og vil halde fram med det så lenge eg har luft i meg.

    Smågalsomalier: Eg er redd du lar deg lure av Pandamonium. Eg har avdekka bevis for deira verksemd i fleire år, og det er langt i frå ein spøk. Og du må ikkje tru at dei har eit vennlig syn på Islam. Ein kvar religion som ikkje innebærar tilbeding av feite asiatar er haram i deira auge.

    Vokt deg for Pandaens løgner!

    SvarSlett