torsdag 23. april 2009

Den internasjonale bokdagen

I dag er den internasjonale bokdagen, og det vert markert ved at folk skriv om sine favorittbøker og anbefalar andre til å kaste seg over dei. Andre stader vert bøker samla inn til bibliotek og andre verdige formål. Bokelskarar over alt fryder seg i dag over sin hobby.

Men ein ting gløymer dei. Ingen tar seg tid til å forklare for dykk unge kva ei bok faktisk er.

Ei bok, forstår de, er ei samling av papir som er bunden saman. Papira er dekka av ord som i eit ordna rekkjefølgje fortel ei historie eller legg fram idear og eventuelt fakta / spekulasjonar. Ikkje så ulikt hypertekstane du les på wikipedia og andre nettsider. Den store forskjellen er at i ei bok så kjem allereie organisert og ordna for deg, så i motsetnad til dei litt meir tunggrodde hypertekstane du er vant med, så slepp du å manøvrere deg gjennom teksten ved å velge ut informasjonsbolkar. Ei bok har simpelthen ingen hyperlenke, men er ferdig strukturert på eit lineært vis for at du skal lettast fordøye innhaldet. Ganske spesielt. Dei mest populære bøkene er såkalla romanar, som fortel ei historie på same vis som ein film eller eit dataspel, men i motsetnad til filmen så må du forestille deg kva som skjer basert på det du les, og i motsetnad til dataspelet har du inga innflyting over hendingsforløpet. Litt meir tungleste bøker, av ulikt slag, inneheld mykje faktainformasjon på same vis som wikipedia og nisjesider. Nokre bøker faktisk litt som flickr og inneheld haugevis av fotografi rundt eit tema.

Og viktigst av alt. Batteriane på bøker har særs lang levetid, og eg har enno ikkje måtte lade opp ein einaste av mine bøker, uansett kor lenge eg har latt dei liggje opne.

Så om du ikkje har prøvd ei bok enno, så kan du absolutt prøve det. Du kan finne dei hjå ulike spesialistforhandlarar, langs veggene på biblioteket der du låner datamaskiner eller hjå din lokale antikvar.

6 kommentarer:

  1. Eg syns at du ein vakker dag skal lage eit eder og galle-innlegg om desse teknologiserte leseplatene som ein skal bruke som substituttar til bøker. Kindle eller kvaennslagsfaenskap det heiter. Du gjere det for sjuke og svake lille Kikki? Ja? Flott. Takk for meg.

    SvarSlett
  2. Men kjære Kikki då, det er jo ingen som trur denslags vil erstatte bøker? Eg trur bøker i papirform vil slå an, eg.

    Bli frisk no.

    SvarSlett
  3. Det finnes nok av bøker som etterligner hypertekstformatet. Dette gjelder særlig de største og tyngste av dem, så og si bøkenes sauropoder. De er kjent som leksikon, og inneholder informasjon om alt under himmel og jord - ikke ulikt Wikipedia, med andre ord, og ifølge enkelte kilder også mer pålitelig.

    Enkelte romaner har også med hell etterlignet leksikonformatet, den mest kjente er nok "The Dictionary of the Khazars" av eksjugoslaven Milorad Pavich.

    SvarSlett
  4. Dette leksikonet høyres jo særs interessant ut. Går det an å ha det i hylla, ved sida av DVDane, eller er det for stort for det?

    SvarSlett
  5. Dette innlegget bør bli pensum om noen år.

    SvarSlett
  6. Vi har venta lenge på å verte pensum for skuleelevar, tykkjer det skulle ha skjedd for lenge sidan eg.

    SvarSlett