onsdag 22. april 2009

Hyperland

Velkomen til ei verd utan fjernsyn, der våre tradisjonelle, lineære media er erstatta av hypertekst, multimedia og virtual reality, ei verd der du styrar narrativen. Når Douglas Adams, forfattaren av Hitchhiker's Guide to the Galaxy, drøymer om å kaste fjernsynet, lei av all driten den viser, vert han møtt av Tom, eit søkjeprogram og hjelper som viser han framtidas mediekvardag: Hyperland. Dette er premissen for dokumentaren med same namn, frå 1990. Tom tar Douglas, og oss, med seg på ei omvising i hypertekstualitetens verd, der tekst er fragmentert og lenker til kvarandre, og du står fritt til å hente ut den informasjonen som er aktuell for deg, og som interesserar deg. Byrjar dette å virke kjend?

Dokumentaren presenterar oss for ein rekkje pågåande prosjekt som utforskar moglegheita for hypertekstualitet og virtuelle verdener, og visjonane til enkeltforskarar som jobbar med det (deriblant den norske pioneren Hans Peter Brøndmo). Dokumentaren gjev òg eit historisk innblikk i utviklinga av hypertekstualiteten, som er verdt å få med seg, før den gjev seg i kast med framtidas virtuelle verdener og multimedia.

No er det ikkje kven som helst som tar oss med på denne turen; fram til sin død var Douglas Adams verdas framste kombinasjon av sci-fi forfattar og satirikar, med ikkje berre Hitchhiker's Guide to the Galaxy bak seg, men òg bøker om meisterdetektiven Dirk Gently og mykje meir. Tom spelast av ingen ringare enn Tom Baker, ein klassisk britisk skodespelar og komikar, delvis kjend for si fortolking av Puddleglum i BBC si filmatisering av Narnia-bøkene, men hylla som ein av dei beste, og mest langtlevande (1974 - 1981), doktorane i Doctor Who. I 2006 kom han på fjerdeplass i ei BBC undersøkjing om dei mest eksentriske stjernane - etter Bjørk, Chris Eubank og David Icke. Det er med andre ord to ganske vidkjende karar for ein kvar geek.

Hyperland er ei lita perle for dei historisk interesserte, særleg den yngre garde som kanskje ikkje klarar å sjå for seg ei verd utan internett og hypertekst. Filmen er på ein og same stund drøymande og håplaust naiv, utilstrekkeleg visjonær og skremmande treffande. Når ein ser den er det verdt å merke seg at samstundes som Douglas Adams og Tom Baker produserte den, så satt det ein herremann i CERN og jobba med eit lite hypertekstprosjekt som fekk namnet: World Wide Web. Og her sitt vi då... snart 30 år seinare.


Kvifor eg nemnar dette? Det er enkelt, for medan andre tar på seg å snakke om Zeitgeist på Kjettersk Kjeller i kveld, vart eg hanka inn til å snakke om denne filmen her på Universitetet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar