søndag 26. april 2009

"Nuke Norway Now"?

Glad i strategispel og brettspel av ulikt slag vart eg ikkje lite glad då min gode venn, og tidvis medsamansvorne, Eira presenterte meg for "Nuke Norway Now".

Året er 2023 og Noreg har blitt radikalisert og Samane er i harnisk. Aust for Noreg, i Sverige har Gören Persson grepe makta gjennom statskupp, med støtte frå sameforbundet. Som Sveriges første president erklærar han at landets tolmodighet med Noreg er over. Etter ein militær ulukke utanfor Drammen erklærar han at Sverige må, og vil, gripe inn.

Krigen er eit faktum. Svenske soldatar, støtta opp av samiske elitesoldatar, flommer over grensa og freistar å sikre seg det som ifølgje Persson rettmessig tilhøyrar Sverige. Spelaren som speler Sverige har som mål å asfaltare og bombe Noreg, og knuse all motstand, medan spelaren som speler Noreg må forsvare seg mot den svenske overmakta.

Det er plass til ein tredje spelar om ein kjøper tilleggsettet Norwegian SS-Zombies. Den tredje spelaren spelar her Adolf Quisling, Vidkun Quisling sin onde son, som kan vekke døde soldatar til live att. Kvar døde soldat, enten svensk eller norsk, står opp att frå dei døde som ein del av Quislings SS-Zombie hær.

Spelet lover timesvis med moro, og eg må ærleg innrømme at eg har lyst til å kaste meg over det, nokon som er med?

8 kommentarer:

  1. Eg trur dette er bedre enn Red Alert 3, send meg ein eksemplar :)

    Tolo von Grunge

    SvarSlett
  2. Husker vi spilte Nuclear War, men dette ser ut til å overgå det meste!

    SvarSlett
  3. Dette er for bra til å være sant. Tror det ikke før du inviterer på brettspillkveld og reserverer meg zombiefraksjonen.

    Hvordan høres juli ut for deg?

    SvarSlett
  4. Du treng vel eigentleg ikkje spørje, gjer du?

    Klart eg er med!

    SvarSlett
  5. Woot! Jeg er med.

    SvarSlett
  6. Tolo: Du må nesten kjøpe det sjølv, påsan.

    Liv-Marit: Dette har jo ein grad av realisme som Kald Krigsspel ikkje kunne by på ;-)

    Frank, Bad Mynock og Straume: Juli er bra for meg... men vi må tydlegvis kjøpe tilleggssett og meire til om alle skal vere med ;-)

    SvarSlett
  7. Hihi.

    Selv har jeg aldri vært så stor strategispiller, men husker at noen venner av meg som var med i Ares lagde et Falkland-spill til bladet Titan (dette var vel og merke før britene hadde kommet frem). Det var en seriøs og en mer... løssluppen versjon av reglene. I sistnevnte ble begge parter truet av kamikazesauer og drapspingviner, mens argentinerne hadde fått hjelp av Alte Kameraden fra SS (med eget motorisert feltkjøkken - skal visst være brettspillspesifikk humor der, men jeg er litt for lite nerd på akkurat det området til at jeg tar den vitsen).

    SvarSlett
  8. Ooooh! Det høyrdes artig ut.

    Var Margaret Thatcher ein spesialeining?

    SvarSlett