torsdag 9. april 2009

Stemningsbilete: 9. april 1940

Det er årsdag for det tyske inntoget i Noreg i 1940 i dag, og det er jo både rett og rimeleg å kommentere - om enn litt uoriginalt. Ein kan seie mykje rart om Noregs forsvar på denne dagen, om kor ille førebudd vi var, og kor villige vi var til å ta i mot det uventa besøket frå det Tredje Riket. Folk har ein tendens til å føle eit viss ubehag når viar dette merksemd, men det er jo ganske framme i dagen, så det burde ikkje vere særeg kontroversielt.

NRK har gjort ein fabelaktig jobb med å dokumentere dagen på sine nettsider, både med program om hendingane, samt arkivopptak frå radioen, frå Quisling sine tidlege proklamasjonar og utover. Her er det mykje fint å finne, men om du verkeleg vil ha ein smak på mediekvardagen under nasjonalsosialismen i Noreg må ein neste vente ei lita stund til støvet hadde lagt seg. Som til opptaket frå Hirdmønstringa på Universitetsplassen i 1941.

Bon apetite, og ha ein framleis fin kveld.

4 kommentarer:

  1. Kjekt at eg kunne hjelpa deg med eit bra innlegg.

    SvarSlett
  2. Jeg synes den gamle monopolinstitusjonen har gjort en fabelaktig jobb de siste årene med å tilpasse seg en ny virkelighet. De har lagt ut masse gamle lyd- og videoklipp. Anbefaler dessuten podkast-tilbudet deres. Og NRK Beta.

    Ellers fint at du husket dagen i går!

    SvarSlett
  3. Vi er veldig glade i NRK. Sjølv om vi aldri har tid til å sjå på fjernsyn.

    Og 9. april vert hugsa her i garden, sjølv om årets markering i losjen vart avlyst grunna påsketing.

    SvarSlett