måndag 13. april 2009

Trend: Teabagging

Det var dei som venta store endringar då Obama og Demokratane tok det Kvite Hus frå Republikanarane. Dei har diverre hatt lite å glede seg over, for den store revolusjonen har uteblitt. Meir diskrè endringar har derimot funne stad, særleg i den nye opposisjonsleiren der ein freistar å finne nye vis å vinne attende makta. Og om enn diskrè, så er desse endringane både store og banebrytande. Den eine konservative etter den andre tar no bladet frå munnen, og gjev uttrykk for ei vidspreidd interesse for såkalla teabagging, og sterk tru på at ein organisert, offentleg teabagging-kampanje vil tryggje deira sosiale og økonomiske politikk i framtida.
(Via Martin Grüner Larsen, via Huffington Post)

Om du er usikker på kvifor dei har vanskar med å halde seg alvorleg, så kan du lese om kva teabagging er, her. Diverre trur eg ikkje at den republikanske opposisjonens kampanje vil kunne hjelpe allereie skuffa Obama-tilhengjarar. Etter valet har dei i stor grad blitt kasta til side som brukt kleenex, og vandrar mållaust gatelangs - ingen revolusjon i vente, berer 'business as usual'. Det er dei som meiner at dei store mengdene Obama-tilhengjarar kan representere ei større sosial og helsemessig krise enn det Vietnamkrigsveteranane ein gong var;

4 kommentarer:

  1. I motsetning til min "tree bragging" på facebook :D

    *usaklig*

    SvarSlett
  2. At du har ein uttalt tiltrekking til trer og buskvekster trur eg vi skal la ligge i fred.

    SvarSlett
  3. Noen som har spilt et såkalt praktisk puss på hele den republikanske delen av uniten?

    "Lets coin a new phrase in our fight against the democrats; Teabagging! -Teabagging? Wow, that sounds awesome and catchy and stuff!"

    SvarSlett
  4. No må du ikkje oversjå det faktum at det er godt mogleg at nokre av desse konservative herremennene faktisk ikkje tar del i ungdommeleg terminologi for ulike seksuelle akter.

    Det er ikkje alt som er mogleg å gjere gjennom eit hol på flyplasstoalettet veit du ;-)

    SvarSlett