måndag 20. april 2009

Vår neste statsministar: Ghufoor Butt

Eg har slitt litt med årets val, det finnes ingen parti som har gjort seg verdig mi praktfulle stemme. Heilt til no. Eg kan knapt styre mi begeistring for Ghufoor Butt og hans Independent Labour Party. Her er mannen som kan slå Siv Jensen på heimebane. Eit parti som er mot alkohol og svin. Eit parti som vil ha vekk bompenger og betre veger. Eit parti som vil ha lågare skatt og meir hijab. Eit parti som vil få bukt med homser og Mohammedteikningar.

Eit parti som vert lansert på pakistansk tv for eit norsk publikum.

Eit vassekte innvandrarparti, og med innvandrar så meiner vi her muslim. Nett som FrP!

Her snakkar vi halal, folkens!

Dette kan umogleg verte betre. Eller kan det?

Visst pokker!

Partiets førar, Ghufoor Butt, har sultestreika for lågare flyprisar mellom Noreg og Pakistan, og meinar at muslimar aldri kunne ha stått bak 11. september (anar vi ein samanheng?). Nei, slikt er det nok berre jødar som står bak, kan partileiaren fortelje, og retter peikefingaren pent og pynteleg mot Mossad. Ikkje at han har noko i mot den jamne jøde, sjølvsagt, berre dei slemme.

Nok no?

Neida! Vi har meir! Ghufoor Butt er Bollywoodstjerne, med eit hopetal populære filmar på samvitet i Pakistan. Der er han framleis eit kjend namn. Kan du sjå for deg valkampen? Kan du sjå for deg reklamefilmane? Ein aldrande pakistanar i fargerike dresser som syng til deg på urdu! Og han kan sikkert få fiksa det billig, han er framleis aktiv som regissør og produsent, og driv ei videosjappe på Grønland.

Alvorleg tala, før satt eg med angst og tenkte på haustens val, no klarar eg ikkje å vente lenger. Takk Ghufoor Butt, du har redda årets val for meg! Og eg er sikker på at du framleis har godbitar på lur!

Ghufoor Butt som Kalif... eg meiner statsministar!

Åh Herre min turban.

15 kommentarer:

  1. Ghufoor Butt er eit litt morosamt namn for ein som ikkje er så glad i homofili:

    Ghufoor Butt---> Go for butt.

    SvarSlett
  2. Hvem tror han at han er, tror du norge vil slutte med alkohol? og du vil at det skal bli lettere å få visum, tror du norgen er paksistan nr 2? Go siv!

    SvarSlett
  3. Jeg gleder meg ihvertfall litt til de der reklamefilmene!

    SvarSlett
  4. Jeg leste om han i går, og lo. Mye. Tiden vil vise om det var en "lol" eller en latter som går over til krampegråt..

    SvarSlett
  5. Dette var ein spanande kar, gitt. Kjenner eg blei litt mindre kritisk til politisk reklame. Litt. Eg klarer å styre mi begeistring for urdupop.

    Tenkjer Siv & co er mindre nøgd. Her blir det nok veljarflukt, ja.

    SvarSlett
  6. Anonym 1: Rumpehumor? Hmm... eg prøvde å unngå det for ein gongs skuld eg ;-P

    Anonym 2: Han trur vel at han er bollywood stjerne? Men for all del: Go Siv! Go away! Go far away! And never come back!Hjorthen: Eg sitt på kanten av setet i påvente av politisk reklame som endeleg fengar litt.

    Trollet: Norsk politikk er alltid "lol" som går over til krampegråt. Uansett kven du snakkar om.

    Bad Mynock: Veljarflukt vert det uansett. Eg har tenkt å flykte frå landet...

    SvarSlett
  7. Forbudt med politisk reklame på TV sier du. Javel, hvem ser vel på TV idag?

    Lurer på hvilket parti som blir det første som tar i bruk Google Advertising.

    SvarSlett
  8. Venstre. Eg trur Venstre vert først ut.

    Ikkje at dei vil få fleire veljarar av det, men dei vil vere først ut.

    SvarSlett
  9. Er ikke rasist, men nå er det nok av invandrere i Norge. Om Butt/Rumpe får viljen sin her i Norge, flytter jeg! Makan..

    - Tror ikke på Bin Laden
    - Mener Jødene stå bak 9/11
    - Mener Obama er ond
    - Vil ha mer hijab
    - Vil ha flere invandrere
    - Vil forby homofili
    - Vil sikkert ha Mullar Krekar som minister

    Er skremt av at det finnes slike mennesker! Er nesten slik at jeg vil gi Israel en atombombe, så vi blir kvitt de. (Nesten, altså)

    SvarSlett
  10. Fint bilde til alle dere jalla-folk: http://farm1.static.flickr.com/31/94907730_61ac0b8cd7.jpg

    God natt! :)

    SvarSlett
  11. Kristoffer: Du er ikkje rasist, men du er ikkje så skarp heller kanskje?

    Israel har allereie atomvåpen, både ein og to bomber faktisk. Men kven er det dei skal bombe? Innvandrarane? Frå Innvandrarland? Eg sjekka globusen, fann det ikkje.

    Sjekka leksikonet, og fann ut at innvandrarar var folk som kom til landet her (før innvandringsstoppen på 70-talet) for å jobbe... så du vil Israel skal bombe Noreg? Hjelpe meg... det var jo ein interessant tanke.

    "Eg er ikkje rasist, men...", er og blir noko av det mest vidunderlege treskaller kan seie før dei drit seg ut.

    Åge: Problemet med dei teikningane er vel først og framst at dei er keisame og ikkje morosame? Berre ein av dei er i nærleiken av å vere litt inspirert spør du meg. Imshi yalla!

    SvarSlett
  12. Jasså, så snik-islamisering foregår ikke for tiden!? Dette tar helt av, og de frekke og freidige muslimene tar seg skikkelig til rette i landet. Og de kommer til å kjøre på til våre landsmenn ikke har noe valg og vi er omvendt.

    Det burde ikke eksistert et eneste parti i Norge som er så styrt av en religion i det hele tatt. Generelt sett er mennesker i dette samfunnet, og hele verden faktisk -dumme, blinde og blonde. Vi er kun styrt av penger, politikk og religion. Politikk er en kombinasjon av penger og religion forresten.

    Islams religion/muslimer er så en kraftig galskap å flytte til Norge, at det bør ikke være noen diskusjon. La de få styre, brenne dekk, skrike å romstere i sitt eget land som en kasse med Gremlins til de finner ut at -noen startet dette "regelverket" på livet og universet. Og det var i allefall ikke Gud.

    Men, antakelig er det norske politikers hensikt å få muslimsk religion og styring til Norge med hensikt for å skape borgerkrig!?, for det vil skje!...

    Ellers så er politikere (dekknavn for enkeltpersonene det gjelder) faktisk så dumme som det virkelig synes!

    SvarSlett
  13. Kva er så snikande med eit politisk parti? Er Kystpartiet ein del av eit komplott for å snikkystleggje heile Noreg?

    Kven skulle trudd at feberfantasiar kunne vere så uinteressante som dine, Johnny?

    SvarSlett
  14. Kristenpornografen23. april 2009 kl. 11:17

    Hehe, kompis... Utrolig underholdende kommentarside denne gangen! Regner med at du forutså dette og at det var en del av konseptet; bra jobba!

    SvarSlett
  15. Strør du sukker på gulvet,
    så får du maur. Slik er det berre.

    Trur eg må gjere meir av dette ;-D

    SvarSlett